58TK51H Produksjon av drikkevarer
Emnefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng12
- StudiestadHjeltnes
- StudieprogramLokal matkultur
- Startsemester2025 Haust
Om emnet
- Jus og saft
- Alkoholhaldige drikkevarer (sider, vin, øl, brennevin)
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om råvarer og kvalitet på råvarene, som skal nyttast til produksjon av drikkevarer
- har kunnskap om prosessar som vert nytta til produksjon av drikkevarer, både før og no
- har kunnskap om nordiske tradisjonar innan drikkevarer
- har kunnskap om kvalitetsbedømming av produksjonsprosess og ferdig produkt.
- har innsikt i norsk alkoholregelverk, samt generelle reglar og krav til standardar og kvalitet.
- har kjennskap til relevante yrkesfelt innanfor produksjonsbransjen
- har kunnskap om alkoholhaldig drikke sine moglege sosiale og samfunnsmessige konsekvensar
Ferdigheter
Studenten:
- kan gjere reie for teoretiske og praktiske val ved heile framstillingsprosessen av drikkevarer
- kan reflektere over produksjonsmetodane til forskjellige råvarer til drikkevareproduksjon
- skal ved hjelp av fagstoff kunne vurdere relevansen til problemstillingar som kan oppstå ved produksjon og kvalitetsbedømming av drikkevarer
Generell kompetanse
Studenten:
- kan planlegge og gjennomføre produksjon av ulike drikkevarer i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor produksjonsbransjen og deltar i diskusjonar om utøving av nye praktiske metodar
Undervisningsformer og aktivitet
Det vert gjennomført førelesningar av teori som vert følgt opp av demonstrasjonar og / eller praktisk arbeid. Deler av undervisninga kan føregå ute i skulen sine praktiske avdelingar, inne på produksjonskjøkkenet eller ute hjå aktuelle samarbeidsbedrifter. Emnet er praktisk retta. Teori og førelesningar vert lagt ut på It`s learning, samt filmsnuttar /video av demonstrasjonar og praktisk arbeid.
Det vert bedriftsesøke aktuelle produksjons- og foredlingsbedrifter.
Vurdering
- 4 prøvar
- 1 presentasjon
- 1 innlevering
Sluttvurdering vert sett ut frå ei heilskpleg vurdering.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 57 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 283 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- obligatorisk deltakelse på praksisdagar
Fagressursar
Eick, Colin og Horne, Thomas (2013), Ølbrygging fra hånd til munn, Kagge Forlag AS, ISBN 9788248913276
Jørgen Mønster og Arne Ronald (2015), Verdt å vite om vin, Vigmostad Bjørke ISBN: 9788241912191
Kopier/ artikler / forelesninger
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Lokal matkultur