Lokal matkultur Hjeltnes

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Grøne og gastronomiske utdanningar
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Hjeltnes
    • Studieform
      Nett
    • Startsemester
      2024 Haust

Lokal matkultur Hjeltnes

Om studiet

Interessa for lokal matproduksjon og matkultur har dei seinare åra hatt ein kraftig auke og vert stadig meir etterspurd av både næringa og forbrukarane.

Studiet Lokal matkultur skal gje studentane opplæring i matproduksjon og matkultur med eit breitt fundament i kulturarven til det nordiske kjøkkenet. Med lokal matkultur meiner vi produksjon, foredling og bruk av mat med vekt på tradisjonane innan eit geografisk område. Utdanninga er lokalisert i Hardanger, på Vestlandet, og matkulturen i denne regionen vil naturleg vere grunnlaget for mykje av opplæringa. Eitt av hovudmåla i utdanninga er at kompetansen studenten opparbeider seg ein stad, kan overførast til andre stader dei skal arbeide, både i Norge, Norden og i andre land.

Kjernen i utdanninga byggjer på fleirfagleg kunnskap innan matkvalitet, matproduksjon, matkultur og mattradisjonar. Studiet skal gje studentane innsikt i alle ledd i verdikjeda, frå produksjon av råvarer fram til det ferdige måltid. Studiet består av teori og praktisk deltakande arbeid, i tillegg vert det opplæring i kjemi, biologi, ernæring, smakslære, økonomi, leiing, marknadsføring, bedriftsetablering, entreprenørskap, mattryggleik, regelverk, produksjon og foredling av råvarer fram til ferdig produkt. I tillegg vil studentane få innsikt i kommunikasjon kring mat og dei skal kunne formidle ei god matoppleving basert på deira kunnskapar.

 

Læringsutbyte

Læringsutbyttebeskrivingane syner det kandidatane skal kunne etter fullført fagskuleutdanning i Lokal matkultur, i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. Utdanninga er på nivå 5.2 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR).

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om produksjon og fangst av råvarer til mat og foredlingsprosessar fram til ferdige produkt
  • har kunnskap og forståing for smak og matkvalitet, og metodar som kan nyttast for å vurdere kvaliteten på ulike produkt
  • har fagrelevant kunnskap innan ernæring, kjemi, biologi, fysikk/mattematikk
  • har kunnskap om matkultur og mathistorie i Norge og Norden, samt kjennskap til matkultur i andre land
  • har kunnskap om matfaglege omgrep, formidling og presentasjon av mat og matkultur
  • har kunnskap om matbransjen, kan vurdere eige arbeid og arbeida etter gjeldande regelverk knytt til produksjon av mat, foredling og servering
  • har kunnskapar om etiske, miljømessige og politiske problemstillingar knytt til mat og landbruk/ havbruk i samfunnet
  • har kunnskap om bedriftsetablering, entreprenørskap og bedriftsutvikling innan matbransjen og ser moglegheit for eiga utvikling

Ferdigheter

Studenten:

  • kan delta i produksjon av lokale råvarer og gjennomføra foredling og fagleg handsaming av råvarene fram til ferdig produkt, i tråd med gjeldande regelverk
  • kan kvalitetsbedømma mat både subjektivt og objektivt etter gjeldande standardar
  • har kompetanse og forståing for oppbygging av eit måltid, kan vurdere den rette balansen og samansetninga mellom smak, farge og næringsinnhald
  • kan kommunisere og nytte matfaglege omgrep tilpassa ulike målgrupper
  • kan på bakgrunn av sin kunnskap etablera, utvikla og driva eit matfagleg prosjekt eller bedrift
  • kan reflektere over sine val ut i frå sin faglege kompetanse, vurdere, korrigere og utvikle denne, samt kunne samarbeide med og rettleie andre
  • kan finne og vise til faglitteratur og informasjon, samt vurdere denne opp mot fagleg forståing og problemstilling
  • kan innhente informasjon om råvarer og råvareproduksjon i eit område eller region

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan planleggje og gjennomføre matfaglege arbeidsoppgåver og prosjekt i tråd med matetiske krav og retningslinjer, samt gjere greie for faglege val
  • kan reflektere over etiske problemstillingar knytt til berekraftig mat
  • kan nytte sin faglege kunnskap til innovasjon og entreprenørskap innan matfaget, samt å utvikla og driva eit lokalbasert tilbod som kunden ynskjer og etterspør
  • kan kommunisere om mat, produksjon, matkultur, kvalitet og smak overfor kunde, produsent og andre i bransjen og samfunnet
  • kan nytte sin faglege kunnskap om mat, matkultur og produksjon av mat til å utveksle synspunkt med andre i bransjen, delta i diskusjonar, samfunnsdebattar og bidra til utvikling av god praksis
  • Kan formidle kunnskap om matkultur, kunne bruke dette i næringsutvikling og vere ein god formidlar av Lokal matkultur

Opptak

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve

Formelle opptakskrav

Relevante yrkesutdanninga frå Restaurant og matfag i vidaregåande skule som kvalifiserer for opptak til Lokal matkultur:

  • Fagbrev Institusjonskokk
  • Fagbrev kokk
  • Fagbrev servitør
  • fagbrev industriell matproduksjon
  • fagbrev sjømathandlar
  • fagbrev sjømatproduksjon
  • sveinebrev bakar
  • sveinebrev butikkslaktar
  • sveinebrev kjøttskjærarfag
  • sveinebrev konditorfag
  • sveinebrev pølsemakar
  • sveinebrev slaktarfag

 

 

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Organisering av studiet

Studiet Lokal matkultur er på 120 studiepoeng og skal gje ei heilskapleg utdanning innan fagfeltet. Studiet er bygd opp av emner etter følgjande inndeling:

4 grunnleggjande emne:

  • Matproduksjon og matkvalitet
  • Yrkesretta realfag
  • Mat og kommunikasjon
  • LØM-emnet

4 spesialemne knytt til produksjon og foredling av råvarer:

  • Produksjon og foredling av planter til mat
  • Produksjon og foredling av kjøtt og mjølk
  • Produksjon og foredling av fisk og sjømat
  • Produksjon av drikkevarer

2 fordjupingsemne:

  • Entreprenørskap
  • Hovudprosjekt

 

Utdanninga på 120 studiepoeng vert gjennomført som eit nettbasert deltidsstudium over 3 år, som gjev 120 studiepoeng, dette tilsvarar eit toåring helitidsstudium. Timebelastninga for eit heiltidsstudium er på 1700 timar pr studieår, som omfattar både undervisningstimer, rettleiing, heimeoppgåver og eiegenarbeid.

Lokal matkultur har samlingar på studiestad Hjeltnes, 6 samlingar à 4 dagar (måndag - torsdag) pr skuleår og det skal gjennomførast 4 veker praksis i bedrift . 

 

Arbeidsmengde i Lokal matkultur Hjeltnes, nettutdanning med samlinger

EmnebeskrivelseEgenstyrt
aktivitet
PraksisTimeplanfesta
timer
Sum
58TK51D Matproduksjon og kvalitet329067396
58TK51A Yrkesretta realfag235048283
58TK51B Mat og kommunikasjon235048283
58TK51E Produksjon og foredling av planter til mat283057340
00TX00A Ledelse, økonomi og markedsføring246045291
58TK51F Produksjon og foredling av fisk og sjømat283057340
58TK51H Produksjon av drikkevarer283057340
58TK51G Produksjon og foredling av kjøtt, egg og mjølk283057340
58TK51I Entreprenørskap28315077510
58TE03M - Lokal mat. Hovudprosjekt235048283
Sum26951505613406

Lokal matkultur Hjeltnes, nettutdanning med samlinger

Undervisningsformer

Undervisingsformene i studiet skal vere relevante for fagfeltet og hensiktsmessige i høve læringsutbytte for utdanninga. Det vert lagt stor vekt på å nytta varierte læringsaktivitetar og ei praktisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.

I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Skulen føreset at studentane syner initiativ, tek ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og syner ei konstruktiv og kritisk haldning til studieopplegget. Studentane har praktisk erfaring innan eige fagområde frå tidlegare utdanning / praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon kring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er naudsynt for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

læringsaktivitetar i skule

  • Lærarstyrt undervisning og førelesningar
  • Praktiske demonstrasjonar 
  • Praktisk arbeid 
  • Diskusjonar
  • Gruppearbeid 
  • Individuelle arbeidsoppgåver
  • Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både gruppe og individuelt)
  • Presentasjonar
  • Bedriftsbesøk og studieturar

Læringsaktivitetar mellom samlingar: 

Mellom samlingane vil læringsplattforma It`s learning vere hovudverktøy for struktur på studiet og faga. Der vil det bli lagt ut dokumenter, oppgåver, testar, læringssti, videoar/ opptak av førelesningar. Det vert også gitt rettleiing undervegs og tilbakemeldingar på innleverte oppgåver.

En dag kvar veke vert det ein forlesning, innlevering eller liknande, for å sikre at studentane har ei kontinuerleg framdrift i studiet. Dette kan vere både synkront og asynkront. 

 

 

Praksis i bedrift

Gjennom studiet skal studentane ha 4 veker praksis i bedrift, i entreprenørskap, emne 9.

Målet med praksis i bedrift er at studenten får velje seg ei spesialisering som er i tråd med studenten si hovudinteresse og arbdie meir med dette. Studenten sjølv finn aktuell bedrift / praksisplass, dei kan ha praksis i inntil 2 ulike bedrifter.

Studenten skal ha ein ansvarleg i bedrifta, som føl opp det daglege i praksisperioden.

 

 

 

 

 

Vurdering

Vurdering ved Fagskulen Vestland har fleire mål, den skal måle kompetansen til studetene og den skal bidra til å fremme læring. 

Studentane får ein karakter for kvart emne og då er det sluttkompetansen som vert målt. Emnekarakter er eit uytyrkk for kompetansen som er nådd og skal vere ei heilskapleg vurdering av kunnskaper, ferdigheiter og generell kompetanse. Det skal nyttast bokstavkarakterer frå A til F, der karakteren A er best og karakteren E er dårligaste karakter fro å bestå. Karakter F inneber at emnet ikkje er besått. For å måle denne kompetansen kan vi bla bruke eksamen, emneprøve / heildagsprøve, vurderingsmappe, prosjektoppgåver, innleveringar og liknande. 

Vurdering vert og nytta som eit reidskap for at stundentane skal lære meir, dette vert kalla formativ vurdering. Denne vurderinga skal vere slik at studentane kan nytte vurderingane til å oppdatere seg og arbeide med dei områdene dei har manglande kompetanse. Vurderinga skal vere retta mot kva studenten kan gjere betre. Den formative vurderinga kan vere tradisjonelle prøvar, oppgåver, prosjektarbeid, innleveringar, framføringar, refleksjonsnotat eller liknande, den kan vere sktiftleg eller munnleg. 

 

Arbeidskrav

Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emna. Formålet er å sikre progresjon i læringa og ein jamn arbeidsbelastning gjennom studiet. Arbeidskrava inngår i den formative delen av læreprosessen. Arbeidskrava kan bestå av ulike læringsaktiviteter, både individiuelt eller i grupper. Det vanligaste er innleveringar, oppgåver, refleksjonsnotat eller liknaden. Det kan vere arbeids som vert gjort på samlingar og / eller heime mellom samlingane.

Faglærer vurderer arbeidskrava  og for å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrava emnet krev og dei må vere bestått / godkjente.    

Sluttvurdering

Det vert ei sluttvurdering i kvart emne, av det læringsutbytte stduenten har oppnådd. Vurderingsgrunnlag og kriterium er skildra i emnet for det enkelte studiet og det eskal vere ei helskapleg vurdering av kunnskapar, ferdigheiter og den egenerelle kompetansen til studenten for alle tema i emnet.

Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. Om vurderingsforma er ein ekesamen, vert det i tillegg oppnevnt ein medsensor. 

Arbeidskrava må vere godkjent før stduenten kan få endeleg karakter i emnet.

 Vurdering vert gjennomført slik at fagskulen kan vurdere på eit sikkert grunnlag om studenten har nådd læringsutbytte i studieplanen for utdanninga, jf fagskoleloven § 21 første ledd.  

Det skal nyttast bokstavkarakterar fra A til F, kor A er best og F er ikkje bestått

Sluttdokumentasjon

Når emna for studiet er bestått med standpunkt og eksamen, får studenten vitnemål og oppnår tittel:

Fagteknikar i lokal matkultur

For at vitnemålet skal fungere internasjonalt, skal begrepet Vocational Diploma (VD) stå på vitnemålet. Vitnemålet skal innehalde:

  • Emner som inngår i utdanninga
  • Omfang av emner og oppnådd karakter
  • Overordna læringsutbytte
  • Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk 5.2 og kvalifikasjonen som er oppnådd
  • Karaktersystemet som vert nytta og tal studiepoeng
  • Namn på utdanninga og tittel på hovudprosjekt

Om deler av utdanninga ikkje er bestått får studenten karakterutskrift for dei emna som er bestått.

Pensumliste

Lokal matkultur Hjeltnes, nettutdanning med samlinger

EmnebeskrivelsePensumliste
58TK51D Matproduksjon og kvalitet

Smedshaug, Christian Anton, (2012) Kan Jordbruket fø Verden, Universitetsforlaget, ISBN:  9788215019550, 287 sider.

 

58TK51A Yrkesretta realfag

Fagressursar Yrkesretta realfag

Furugren, Bo, (2017), Eldrimner.se, Kemi & biologi för mathantverkare, ISBN: 9789163939518, 139 sider
https://www.eldrimner.com/om-eldrimner/31901.titlar.html

Hjartåker, A., Pedersen, J.I., Müller, H., Andresssen, S.A., (2017) Grunnleggende ernæringslære, Gyldendal akademisk, ISBN: 9788205496934, 475 sider

 

58TK51B Mat og kommunikasjon

Mat og kommunikasjon

Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere - mat og spisevaner i Norge fra 1500- tallet til vår tid (2019)

58TK51E Produksjon og foredling av planter til mat

Viken, Berit (2009), Plantelære for landbruk og gartnernæring, Tun Forlag,  9788252931723, 416 sider

Hemmer Ellen, (2002), KOnservering, Yrkeslitteratur as, 9788258403958, 108

Valgfri bok om konservering av frukt, bær og grønsaker. 

Klassesett til utlån:
Grønne, ville nyttevekster i Norge (2021). Norges sopp- og nyttevekstforbund. 

 

 

00TX00A Ledelse, økonomi og markedsføring

Ett av de to læreverkene beskrevet under (alternativ 1 eller alternativ 2) skal benyttes. Lærebøker anskaffes først etter samråd ned faglærer.

Alternativ 1

Mette Holan, Per Høiseth: Organisasjon og ledelse LØM. Fagbokforlaget 2019. ISBN: 9788245032086

Mette Holan, Per Høiseth: Økonomistyring LØM. Fagbokforlaget 2019. ISBN: 9788245032093

Mette Holan, (2019): Markedsføringsledelse LØM. Fagbokforlaget 2019 ISBN: 9788245032079 

Alternativ 2

Hjertnes, Frode: Markedsføring, organisasjon og ledelse for LØM-emnet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024609

Hjertnes, Frode og Skorpen, Brynjulf: Økonomistyring for LØM-enmet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024678

58TK51F Produksjon og foredling av fisk og sjømat

Stein Mortensen, Ragnar Nortvedt og Trond Wahl, (2008), Sjømat – råstoff, produksjon og anvendelse. Fagbokforlaget, ISBN: 978-82-529-30283

Lynum, Leif (1997), Fisk som råstoff, Tapir, ISBN: 9788251912549, 261 sider.

Hefter:
Haaland, Anders og Svihus, Årstein (2009)
Kyst-og havlandet Kyst Norge i et historisk perspektiv
Ressursar til låns Sild og anna pelagisk fisk
Den norsk-arktiske torsken og verden Torskefiskets historie
Åkeren kan også være blå Et riss av havbruksnæringen i Norge

 

http://www.kyst-norge.no/?k=2909

 

58TK51H Produksjon av drikkevarer

Eick, Colin og Horne, Thomas (2013), Ølbrygging fra hånd til munn, Kagge Forlag AS, ISBN 9788248913276

Jørgen Mønster og Arne Ronald (2015), Verdt å vite om vin, Vigmostad Bjørke ISBN: 9788241912191

Kopier/ artikler / forelesninger

 

58TK51G Produksjon og foredling av kjøtt, egg og mjølk

Idsø, Jan og Moe, Steinar, (2014), Kjøttfagene, Fagbokforlaget, ISBN: 9788245013153

Hagen, Helge (2021), Røyk og rak, tørk og grav – salting, speking, hermetisering, Forlaget Vigmostad & Bjørke AS, ISBN: 9788241955600

Valgfri:
Nordbø, Ragnhild og Ballhaus, Maria (2018), Ysting, Fagbokforlaget, ISBN: 9788211026187

Kopier/ artikler / forelesninger

58TK51I Entreprenørskap

Hovland, Nils Per (2018) Entreprenørskap og innovasjonsledelse, Cappelen Damm Akademisk  ISBN: 9788202550547

 

58TE03M - Lokal mat. Hovudprosjekt