58TK51D Matproduksjon og kvalitet
Emnefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng14
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadHjeltnes
- StudieprogramLokal matkultur
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
- Bærekraftig matproduksjon
- Aktuelle lover og reglar, internkontroll, matsikkerheit og HMT
- Matkvalitet
- Smakslære
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om matproduksjon i Norge og Norden, og kjennskap til matproduksjon i resten av verda
- har kunnskap om ulike produksjonsmåtar og driftsformer ved produksjon av mat
- har kjennskap til matbalansen lokalt og globalt, samt etiske, miljømessige og politiske problemstillingar knytt til matproduksjon og landbruk/ havbruk
- har kunnskap om lovverk knytt til mat og matproduksjon, internkontroll, HACCP («Hazard Analysis and Critical Control Point», eit internasjonalt anerkjent system for fareanalyse og risikovurdering innan matindustrien) og helse, miljø og tryggleik (HMT)
- kan om ulike kvalitetskriterier knytt til mat
- har grunnleggjande kunnskap om smakslære (sensoriske og deskriptive metodar)
Ferdigheter
Studenten:
- Kan reflektere over produksjon av mat og sjå samanhengen mellom tradisjonar, ulike driftsmåtar og kvalitet.
- forstår samanhengen mellom kvalitet og produksjonsmåtar for mat, i lys av gjeldande regelverk
- kan reflektere over yrkesetiske problemstillingar knytt til produksjon av mat
- kan utføre bedømmingar av smak og kvalitet på mat
- kan innhente informasjon om råvarer og råvareproduksjon for eit område eller region
Generell kompetanse
Studenten:
- kan utveksle synspunkt om bærekraftig matproduksjon og kunne diskutere etiske spørsmål om matproduksjon med andre innan bransjen
- kan reflektere kring smak og kvalitet på produkt, både objektivt og subjektiv og i tråd med etablerte standardar
Undervisningsformer og aktivitet
Undervisninga vert gjennomført med førelesningar for dei delane av emnet som omfattar teori. Det vert og lagt opp til diskusjonar og refleksjonar i fellesskap og i grupper. Det vert praktiske demonstrasjonar, smakstestar og kvalitetsbedømmingar, som studentane skal reflektere kring både i fellesskap og i innleveringar. Det vert bedriftsbesøk i nærmiljøet for å få ei praktisk og overordna innføring i kunnskap om matproduksjon, produksjonsformar, driftsformer osv
Førelesningar og fagstoff vert tilgjengeleg på It`s learning, der og oppgåver vert lagt ut og innleveringar levert inn.
Vurdering
Mappa inneheld:
- 1 innlevering av internkontroll
- 1 drøftningsoppgave
- 1 presentasjon.
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 67 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 329 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
6 arbeidskrav
Alle arbeidskrava må vere bestått for å ha rett til å gå opp til eksamen.
Fagressursar
Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner.
Smedshaug, Christian Anton, (2012) Kan Jordbruket fø Verden, Universitetsforlaget, ISBN: 9788215019550, 287 sider.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Lokal matkultur