58TK51D Matproduksjon og kvalitet

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Grøne og gastronomiske utdanningar
    • Studiepoeng
      14
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Hjeltnes
    • Studieprogram
      Lokal matkultur
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

  • Bærekraftig matproduksjon (4p)
  • Aktuelle lover og reglar, internkontroll, matsikkerheit og HMT (4p) Matkvalitet (3p)
  • Smakslære (3p)

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •            har kunnskap om matproduksjon i Norge og Norden, og kjennskap til matproduksjon i resten av verda
  •            har kunnskap om ulike produksjonsmåtar og driftsformer ved produksjon av mat
  •            har kjennskap til matbalansen lokalt og globalt, samt etiske, miljømessige og politiske problemstillingar knytt til matproduksjon og landbruk/ havbruk
  •            har kunnskap om lovverk knytt til mat og matproduksjon, internkontroll, HACCP («Hazard Analysis and Critical Control Point», eit internasjonalt anerkjent system for                 fareanalyse og risikovurdering innan matindustrien) og helse, miljø og  tryggleik (HMT)
  •           kan om ulike kvalitetskriterier knytt til mat
  •            har grunnleggjande kunnskap om smakslære (sensoriske og deskriptive metodar)

Ferdigheter

Studenten:

  •            Kan reflektere over produksjon av mat og sjå samanhengen mellom tradisjonar, ulike driftsmåtar og kvalitet.
  •           forstår samanhengen mellom kvalitet og produksjonsmåtar for mat, i lys av gjeldande regelverk
  •            kan reflektere over yrkesetiske problemstillingar knytt til produksjon av mat
  •            kan utføre bedømmingar av smak og kvalitet på mat
  •            kan innhente informasjon om råvarer og råvareproduksjon for eit område eller region

Generell kompetanse

Studenten:

 

  •            kan utveksle synspunkt om bærekraftig matproduksjon og kunne diskutere etiske spørsmål om matproduksjon med andre innan bransjen
  •            kan reflektere kring smak og kvalitet på produkt, både objektivt og subjektiv og i tråd med etablerte standardar

 

Undervisningsformer og aktivitet

Undervisninga vert gjennomført med førelesningar for dei delane av emnet som omfattar teori. Det vert og lagt opp til diskusjonar og refleksjonar i fellesskap og i grupper. Det vert praktiske demonstrasjonar, smakstestar og kvalitetsbedømmingar, som studentane skal reflektere kring både i fellesskap og i innleveringar. Det vert bedriftsbesøk i nærmiljøet for å få ei praktisk og overordna innføring i kunnskap om matproduksjon, produksjonsformar, driftsformer osv

Førelesningar og fagstoff vert tilgjengeleg på It`s learning, der og oppgåver vert lagt ut og innleveringar levert inn.

Vurdering

Karakter vert sett basert på innleveringar og prøvar gjennom året samt ein større presentasjon som tel 50% av endeleg karakter.   

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
233 Time(r)
Sjølvstudium
175 Time(r)

Arbeidskrav

Arbeidskrav i emnet vil vere:  

4 Innleveringar 

2 Prøvar 

1 større presentasjon (tel 50% av karakter) 

Fagressursar

Fagressursar Matproduksjon og kvalitet

Smedshaug, Christian Anton, (2012) Kan Jordbruket fø Verden, Universitetsforlaget, ISBN:  9788215019550, 287 sider.

 

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Lokal matkultur

Emneansvarlig

Julie Gyllander
Andrid Solaas