58TE03M - Lokal mat. Hovudprosjekt

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Grøne og gastronomiske utdanningar
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Hjeltnes
    • Studieprogram
      Lokal matkultur
    • Startsemester
      2027 Vår

Om emnet

  • Planlegging, prosjektarbeid
  • Fagspesifikk fordjuping
  • Kommunikasjon og presentasjon

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • kan med basis i studiet, planlegge, gjennomføre og dokumentera eit problemorientert prosjekt, helst i samarbeid med ein oppdragsgjevar / bedrift

Ferdigheter

Studenten:

  • kan samarbeida med andre, ta ansvar for eiga læring, kommunisere og presentere eit prosjektarbeid
  • kan gjennomføre eit prosjekt på oppdrag, helst i samarbeid med ei bedrift, for å utvikle og dokumentere produkt, produksjonsprosessar eller tenester innan matbransjen
  • kan finna og nytta aktuell informasjon og fagstoff knytt til eige prosjekt

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter frå dei andre emna inn i eit praktisk prosjektarbeid
  • kan, gjennom kreativitet og nytenking, fordjupe seg i det aktuelle tema som dannar grunnlag for prosjektoppgåva og løyse denne på ein måte som reflekterer kunnskap om matfaget og fagleg leiing
  • kan presentere prosjektet i ei prosjektoppgåve og presentere den munnleg

Undervisningsformer og aktivitet

Studenten skal gjennomføra eit prosjekt sjølvstendig eller i gruppe, gjerne i samarbeid med ei bedrift og under rettleiing frå tildelt emnelærar. Klassekoordinator informerer om hovudprosjektet tidleg i studiet og rutinar for gjennomføring. Klassekoordinator føl opp studenten fram til definert prosjekt og riktig fagleg rettleiar overtek ansvaret for vidare oppfølging. Rettleiing på skule, via nett og it`s learning.

 

Vurdering

  • skriftleg prosjektrapport, relatert til aktuell problemstilling
  • munnleg presentasjon
  • munnleg, individuell høyring

Sluttvurdering i emnet vert sett på ei helskapleg vurdering av desse punkta. 

 

 

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
48 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
235 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

  • Godkjent søknad med problemstilling
  • 2 undervegspresentasjonar av prosjektoppgåva 
  • Vitnemåltekst
  • Refleksjonsnotat

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Lokal matkultur

Emneansvarlig

Julie Gyllander
Andrid Solaas