58TE03M - Lokal mat. Hovudprosjekt - 2026 Vår

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Grøne og gastronomiske utdanningar
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Hjeltnes
    • Studieprogram
      Lokal matkultur
    • Startsemester
      2026 Vår

Om emnet

  • Planlegging, prosjektarbeid
  • Fagspesifikk fordjuping
  • Kommunikasjon og presentasjon

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •          kan med basis i studiet, planlegge, gjennomføre og dokumentera eit problemorientert prosjekt, helst i samarbeid med ein oppdragsgjevar / bedrift

Ferdigheiter

Studenten:

  •            kan samarbeida med andre, ta ansvar for eiga læring, kommunisere og presentere eit prosjektarbeid
  •            kan gjennomføre eit prosjekt på oppdrag, helst i samarbeid med ei bedrift, for å utvikle og dokumentere produkt, produksjonsprosessar eller tenester innan matbransjen
  •            kan finna og nytta aktuell informasjon og fagstoff knytt til eige prosjekt

Generell kompetanse

Studenten:

  •            kan bruke kunnskapar og ferdigheiter frå dei andre emna inn i eit praktisk prosjektarbeid
  •            kan, gjennom kreativitet og nytenking, fordjupe seg i det aktuelle tema som dannar grunnlag for prosjektoppgåva og løyse denne på ein måte som reflekterer kunnskap om matfaget og fagleg leiing
  •            kan presentere prosjektet i ei prosjektoppgåve og presentere den munnleg

Undervisningsformar og aktivitetar

Studenten skal gjennomføra eit prosjekt sjølvstendig eller i gruppe, gjerne i samarbeid med ei bedrift og under rettleiing frå tildelt emnelærar. Klassekoordinator informerer om hovudprosjektet tidleg i studiet og rutinar for gjennomføring. Klassekoordinator føl opp studenten fram til definert prosjekt og riktig fagleg rettleiar overtek ansvaret for vidare oppfølging. Rettleiing på skule, via nett og it`s learning.

Prosjektarbeid og presentasjon av prosjekt.

Vurdering

Hovudprosjekt vert vurdert på grunnlag av innlevert problemformulering, disposisjon, undervegsvurdering og innlevert prosjektoppgåve, saman med ei munnleg framlegging av gjennomført prosjekt.

 

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Hovudprosjekt
Andel
15
Sensortype
Intern sensor
Karakterskala
A-F
Vurderingsform
Hovudprosjekt
Andel
5
Sensortype
Intern sensor
Karakterskala
A-F
Vurderingsform
Hovudprosjekt
Andel
45
Sensortype
Ekstern sensor
Karakterskala
A-F
Vurderingsform
Hovudprosjekt
Andel
30
Sensortype
Ekstern sensor
Karakterskala
A-F

Arbeidsmengde

AktivitetAktivitetsdetaljerVarighetStudieformKommentar
Undervisning
165 Tima(r)
Sjølvstudium
126 Tima(r)

Obligatoriske læringsaktivitetar

Innleveringar:

-  Problemstilling og arbeidsmål for prosjekt – frist termin 5 nettbasert

-  Problemformulering og disposisjon for oppgåva skal leverast innan utgangen av termin 5

-  Undervegspresentasjonar av oppgåva (problemformulering og disposisjon) for medstudentar og lærarar

-  Hovudprosjektrapport skal leverast i siste termin

- Munnleg framlegging av prosjekt

Emneansvarleg

Julie Gyllander
Andrid Solaas
Eivind Århus
David Gyllander