65TE13C E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Elkraft
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Elkraft Førde
    • Startsemester
      2025 Haust

Om emnet

Ekom-regelverk
Risikovurdering
Planlegging
Prosjektering
Utføring
El-tryggleik/EMC
Infrastruktur
Kundenett
HMT
Kvalifikasjonar

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om oppbygging og verkemåte for analoge og digitale elektroniske kommunikasjonsnett (ekom-nett, brannalarm, innbrot, overfall, fellesantenne, lyd- og bildedistribusjon, styringssystem osb.)
  • kan vurdere eige arbeid i høve til ekom-lova, relevante forskrifter og normer
  • kan vurdere alle aspekt ved installasjon i høve til gjeldande normer og krav for tryggleik og kvalitet
  • har kunnskap om EMC og EMI i ekom-nett
  • har kunnskap om transmisjonslinjer, infrastruktur og teknologi i ekom-nett
  • har kunnskap om risikovurdering, planlegging og prosjektering av ekom-nett
  • kjenner til ekom si utvikling og plass i samfunnet
  • ha kunnskap om behov for og krav til reservekraft

Ferdigheter

Studenten:

  • kan gjere greie for val av materiell og utstyr ved installasjon og vedlikehald, ut frå teknisk dokumentasjon, og ta omsyn til støypåverknad og EMC i grensesnitt mot brukarutstyr og andre nett
  • kan bruke og gjere greie for val av programvare og verktøy for berekning, planlegging, kvalitetskontroll og dokumentasjon av ekom-nett
  • kan gjere greie for val i prosjektering av ekom-nett
  • kan bruke og gjere greie for bruk av test- og måleinstrument og kan vurdere resultatet av målingar, testar og analyser
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving ved å måle, teste og analysere elektroniske kommunikasjonssystem, tolke resultat og justere under rettleiing

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan planlegge, prosjektere og velje riktig materiell for å installere, drifte og vedlikehalde ekom-nett ålene og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og gjeldande regelverk
  • kan utføre arbeid etter spesifikasjonar, behov og krav frå kundar, leverandørar og spesialistar
  • kan bygge relasjonar med fagfeller innan ekom, på tvers av fag, og eksterne målgrupper som leverandørar og spesialistar
  • kan utveksle kunnskap og erfaring med andre med bakgrunn i ekom og delta i diskusjonar om utvikling av nye løysingar, effektivt vedlikehald og god praksis
  • kan bidra til å utvikle ein sunn bedriftskultur basert på dei verdiane som samfunnet ønsker og som vil gi bedrifta eit godt omdømme
  • kan utøve fagleg leiing

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Tre dagars PPD-eksamen (planlegging, produksjon og dokumentasjon).

Dag 1 og 2: Planlegging- og produksjonsdel.
Dag 3: Dokumentasjonsdel. Fem timar skriftleg eksamen.

Hjelpemiddel alle deler: alle hjelpemiddel tillete.
Eksamen er samarbeid mellom fleire skular.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
34 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
246 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

Fire innleveringar.

Fagressursar

Lærebøker Emne 8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)

Norsk Elektroteknisk Komite NK25/205/215 (2020) NEK 700 (NEK 701, NEK 702 & NEK 703). Oslo, Elforlaget.

Nettressursar

www.nkom.no

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar www.ren.no –relevante REN blad

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Elkraft Førde

Emneansvarlig

Pål Ståvi
Lasse Stenseth