65TE13C E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Elkraft
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Elkraft Førde
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

Ekom-regelverk

Risikovurdering

Planlegging

Prosjektering

Utføring

El-tryggleik/EMC

Infrastruktur

Kundenett

HMT

Kvalifikasjonar

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

·     har kunnskap om oppbygging og verkemåte for analoge og digitale elektroniske kommunikasjonsnett (ekom-nett, brannalarm, innbrot, overfall, fellesantenne, lyd- og bildedistribusjon, styringssystem osb.)

·     kan vurdere eige arbeid i høve til ekom-lova, relevante forskrifter og normer

·     kan vurdere alle aspekt ved installasjon i høve til gjeldande normer og krav for tryggleik og kvalitet

·     Har kunnskap om EMC og EMI i ekom-nett

·     har kunnskap om transmisjonslinjer, infrastruktur og teknologi i ekom-nett

·     har kunnskap om risikovurdering, planlegging og prosjektering av ekom-nett

·     kjenner til ekom si utvikling og plass i samfunnet

·     ha kunnskap om behov for og krav til reservekraft

Ferdigheter

Studenten:

·     kan gjere greie for val av materiell og utstyr ved installasjon og vedlikehald, ut frå teknisk dokumentasjon, og ta omsyn til støypåverknad og EMC i grensesnitt mot brukarutstyr og andre nett

·     kan bruke og gjere greie for val av programvare og verktøy for berekning, planlegging, kvalitetskontroll og dokumentasjon av ekom-nett

·     kan gjere greie for val i prosjektering av ekom-nett

·     kan bruke og gjere greie for bruk av test- og måleinstrument og kan vurdere resultatet av målingar, testar og analyser

·     kan reflektere over eiga fagleg utøving ved å måle, teste og analysere elektroniske kommunikasjonssystem, tolke resultat og justere under rettleiing

Generell kompetanse

Studenten:

·     kan planlegge, prosjektere og velje riktig materiell for å installere, drifte og vedlikehalde ekom-nett ålene og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og gjeldande regelverk

·     kan utføre arbeid etter spesifikasjonar, behov og krav frå kundar, leverandørar og spesialistar

·     kan bygge relasjonar med fagfeller innan ekom, på tvers av fag, og eksterne målgrupper som leverandørar og spesialistar

·     kan utveksle kunnskap og erfaring med andre med bakgrunn i ekom og delta i diskusjonar om utvikling av nye løysingar, effektivt vedlikehald og god praksis

·     kan bidra til å utvikle ein sunn bedriftskultur basert på dei verdiane som samfunnet ønsker og som vil gi bedrifta eit godt omdømme

·     kan utøve fagleg leiing

Vurdering

Vurdering av emnekarakter består av ei mappe som tel inntil 30 % og ein eksamen som tel om lag 70 %. Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappe og eksamen. Begge må vere bestått for å få karakter i emnet.

Mappe:

  Arbeidskrav.

Eksamen:

  Dag 1 og 2: Produksjonsdel.

  Dag 3: Dokumentasjonsdel. Fem timar skriftleg eksamen.

Hjelpemiddel alle deler: alle hjelpemiddel tillete.

Eksamen er samarbeid mellom fleire skular.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
152 Time(r)
Sjølvstudium
131 Time(r)

Arbeidskrav

Fire innleveringar.

Fagressursar

Lærebøker Emne 8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)

Aunan, E., Sandvik, H & Ramleth, K.J. (2002) EMC-håndboka. Oslo, Elforlaget.

Norsk Elektroteknisk Komite NK25/205/215 (2020) NEK 700 (NEK 701, NEK 702 & NEK 703). Oslo, Elforlaget.

Nettressursar

www.nkom.no

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar www.ren.no –relevante REN blad

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Elkraft Førde

Emneansvarlig

Pål Ståvi
Lasse Stenseth