00TM02J Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar på leiingsnivå

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Maritime Fag
    • Studiepoeng
      14
    • Studiestad
      Måløy
    • Studieprogram
      Maritim Maskinoffisersutdanning Måløy
    • Startsemester
      2025 Haust

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om prosedyrar om sikkert arbeid på høgspentanlegg, elektrisk og elektronisk utstyr til normal driftstilstand om bord i eit skip.
  • har kunnskap om feilsøking og gjenoppretting av elektrisk og elektronisk utstyr til normal driftstilstand om bord i eit skip.
  • har kunnskap om forskrifter som gjelder for skipselektriske anlegg (Nek 410-1 og 2 og STCW
  •  kan vurdere eige arbeid i samsvar med normer og krav. Nek 410-1 og 2 og STCW konvensjonen.
  • Har innsikt i eigne muligheiter for å utvikle sine ferdigheter innanfor faget.

Ferdigheter

Studenten:

  • kan gjøre reie for sine faglige val innan marin elektroteknologi, elektronikk og elektrisk utstyr, kraftelektronikk, automatiske kontrollutstyr og sikkerheitsinnretningar.
  • kan reflektere over faglig val under praktisk feilsøking og gjenoppretting av elektrisk og elektronisk utstyr til driftstilstand og justere seg inn under rettleiing.
  • kan finne fram og lese lover og reglar, dokumentasjon og skjema for skipselektriske anlegg og vurdere relevansen for en problemstilling.

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoperasjoner i samsvar med drifts handbøker, gjeldande elektriske forskrifter og etablerte regler og prosedyrar for å sikre trygge operasjoner på elektriske anlegg. Alene og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
  • Kan utveksle synspunkt med skipsleiinga og andre maskinister/elektrikar innanfor bransjen og delta i utvikling av god praksis.

STCW

A-II/1
A-III/1
B-III/1

Undervisningsformer og aktivitet

Førelesning med arbeidskrav knytt til stoffet, gruppearbeid, oppgåveløysing. Studentane arbeider sjølvstendig eller i grupper med oppgåvene, der lærar er tilgjengelig for rettleiing ved kontakt.

Demonstarasjoner og laboratorieøvingar.

Vurdering

Grunnlaget for avsluttande vurdering i eit emne omfattar elementa:

  • 4 prøver i emnet, uttrykt som ein samla karakter.
  • 5 timers skriftlig eksamen
  • Samlet karakter på prøver og eksamenskarakter blir slått saman til ein karakter på vitnemål

Karakter på vitnemålet vert sett etter tabell for vekting av karakterer i denne studieplanen

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
231 Time(r)
Heiltid
Egenstyrt aktivitet
166
Heiltid

Arbeidskrav

4 stk arbeidskrav

Arbeidskrav 1. Kabel og nett

Arbeidskrav 2. Generatore

Arbeidskrav 3. Brannalarm

arbeidskrav 4. Prøveeksamen

Alle arbeidskrav skal være bestått for å få gå opp til eksamen.

Fagressursar

Elektroteknikk med elektronikk og styringsteknikk, Alf Kristiansen
Måle og Reguleringsteknikk, Nils Andreas Rolfsnes
Maritime elektriske anlegg, Alf Kristiansen
Elektriske installasjonar om bord i skip og fartøy, Norsk elektroteknisk komité

 

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Maritim Maskinoffisersutdanning Måløy

Emneansvarlig

Einar Folkestad