Maritim Maskinoffisersutdanning Måløy

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Maritime Fag
    • Studiestad
      Måløy
    • Studieform
      Heiltid
    • Startsemester
      2024 Haust

Maritim Maskinoffisersutdanning Måløy

Om studiet

Norge er blant dei leiande maritime nasjonar i verda. I dag er mange menneske direkte sysselsett i maritime bedrifter i alle fylker i landet, og verdiskapinga er høg. Eit viktig grunnlag for å oppretthalde og vidareutvikle våre sterke maritime sektorar er at norske skip eigast og drivast frå Noreg.

Behovet for maritimt personell må sjåast i eit langsiktig perspektiv, der kompetanse og erfaring opparbeidt i jobb på havet òg kan nyttast i landbaserte stillingar. Det vil derfor vere viktig å utvikle gode studietilbod i fagskulen som kan vedlikehalde og vidareutvikle den maritime kompetanse næringa har behov for.

Fagskulen Vestland, Studiestad Måløy (høgare yrkesfaglig utdanning) tilbyr studie i maskinoffisersutdanning. Denne fagskuleutdanninga tilfredsstiller både STCW A-III/1 (og B-III/1) og STCW A-III/2 (og B-III/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for maskinoffiser klasse 4, 3, 2 og 1.
Studiet er to-årlig og er på heiltid. Utdanninga gir deg 120 studiepoeng og generell studiekompetanse og mogelegheit til å bygge på til maritim bachelorutdanning.

Maskinoffisersutdanninga har følgande emne som studentane skal igjennom:

  • Maskineri
  • Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar
  • Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord
  • Vedlikehald og reparasjonar
  • Skipsteknikk og skipets stabilitet
  • Maritim engelsk
  • Fysikk
  • Matematikk
  • Norsk kommunikasjon

 

Læringsutbyte

Hensikta til studiet er å utdanne maskinoffiserar med moral, haldningar, kompetanse og yrkesetikk som kjenneteikn på den kvalitet som krevjast for å møte utfordringar i næringa.

Utdanninga skal sikre internasjonale og nasjonale krav til kompetanse ved at:

  • Opplæringa skal legge grunnlag for ei åtferd som gjer at helse, miljø og sikkerheit blir teke vare på.
  • Opplæringa skal gi studentane forståing for samspelet mellom teknikk, miljø og samfunn.
  • Opplæringa skal også bidra til å utvikle samarbeid, kommunikasjon og evne til å løyse problema.
  • Opplæringa skal gi studentane evne til sikre drift av framdriftsmaskiner og hjelpesystem og kunne lede mannskapet om bord.

Overordna læringsutbytte

«Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring» (NKR) ble i 2011 fastsett av Kunnskapsdepartementet. Dette er knytt til European Qualification Framework (EQF), noko som gjer det mogeleg å samanlikne kvalifikasjonar i alle EU-/EØS-land.

NKR beskriv ulike nivå av kvalifikasjonar i form av læringsutbytte. Læringsutbyttet skal beskrive kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som studentane oppnår ved fullført utdanning.

For alle utdanningar blir det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) både på overordna nivå og for kvart emne i utdanninga.

Utdanninga maskinoffiser er ei toårig utdanning på fagskulenivå, og høyrer heime på nivå 5.2 i NKR.

For utfyllande informasjon om NKR sjå: www.regjeringen.no og www.nokut.no.

Kunnskap

Studenten

  1. har kunnskap om konstruksjon, reparasjonar, vedlikehald og drift av maskineri med tilhøyrande verktøy og system om bord på skip tilsvarande krav satt i STCW for maskinsjef, førstemaskinist og vakthavende maskinist.
  2. har kunnskap om økonomi og leiing, norsk, matematikk, fysikk og engelsk for å leie teknisk drift og operasjon av skip.
  3. kan vurdere eige arbeid som leiiande maskinoffiser i forhold til IMOs konvensjonar, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter.
  4. kjenner til skipsfartens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet både nasjonalt og internasjonalt.
  5. har kunnskapar om skipsfart og rolla til maskinoffiseren.
  6. kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap om miljø, sikkerheit og skipsteknisk drift.
  7. har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter i bedrifta, hos verft og utstyrsleverandørar samt liknande yrker.

Ferdigheter

Studenten:

  1. kan gjere reie for sine faglege val av materialar, metodar, prosesser og teknikkar i leiinga under reparasjonar, vedlikehald og teknisk drift av skipet.
  2. kan reflektere over sin eigen utøving som maskinoffiser ved å kartlegge ein situasjon, gjennomføre ei analyse og justere denne under rettleiing.
  3. kan finne og vise til informasjon og fagstoff, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter for å vurdere relevansen for yrkesfaglege problemstillingar som oppstår ved den skipstekniske drifta.
  4. kan kartlegge ein situasjon som oppstår i maskinrommet eller ved andre driftssystem om bord, identifisere problemet og finne behov for iverksetting av tiltak.

 

Generell kompetanse

Studenten

  1. kan planlegge og gjennomføre oppgåver og prosjekter innan skipsteknisk drift, åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer for kvalitet, teknologi og miljø både nasjonalt og internasjonalt.
  2. kan utføre arbeid med drift, overvaking og vedlikehald av maskiner, elektriske og elektroniske anlegg etter lover, forskrifter, produsenten sine anbefalingar og anerkjente prinsipp og framgangsmåtar.
  3. kan utføre arbeid med omsorg for skip, personar og miljø etter lovverk og anerkjent sikkerheitspraksis.
  4. kan utføre arbeid som involverer økonomi og leiing, norsk, matematikk, fysikk og engelsk som er relevant for ein maskinoffiser.
  5. kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan skipsteknisk drift, samt eksterne målgrupper som leverandørar, myndigheiter og klasseselskap, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis ved drift, vedlikehald og operasjon av skip.
  6. kan bygge relasjonar med fagfellar gjennom sitt arbeid i eit lokalt og globalt perspektiv på tvers av fag, samt med leverandørar av varer og tenester
  7. kan bidra til organisasjonsutvikling ved å holde seg oppdatert på skipsfartens rolle i samfunnet og ny teknologi som kan føre til nyskapning og innovasjon.

 

Opptak

Det generelle grunnlaget for opptak er:

  1. fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev som motormann/skipsmotormekanikar  og industrimekanikar
  2. Gyldig grunnleggende sikkerhetskurs 

 

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.

  • For søkarar til maskinoffisersutdanninga er det krav om minimum 36 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy.

All praksis, utdanning og andre forhold som skal gje grunnlag for opptak, må dokumenterast med attesterte kopiar. Attestar for praksis må angje lengda på arbeidsforhold, stillingsprosent og arbeidsinnhald. Attestar må vidare vere datert for å kome i betraktning. Attestar reknast berre fram til datoen dei er skrivne ut, sjølv om søkaren sjølv opplyser at arbeidsforholdet fortset utover dette tidspunktet.

Arbeidsmengde i Maritim Maskinoffisersutdanning Måløy

EmnebeskrivelseEgenstyrt
aktivitet
Timeplanfesta
timer
Sum
00TM02A Maskineri på operativt nivå213297510
00TM02B Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjoner på operativt nivå155214369
00TM02C Vedlikehald og reperasjonar på operativt nivå6082142
00TM02D Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord på operativt nivå118165283
00TM02E Maritim engelsk på operativt nivå355085
00TM02F Fysikk på operativt nivå4766113
00TM02G Matematikk på operativt nivå355085
00TM02H Norsk kommunikasjon på operativt nivå355085
00TM02I Maskineri på leiingsnivå189264453
00TM02J Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar på leiingsnivå166231397
00TM02K Vedlikehald og reparasjonar på leiingsnivå4766113
00TM02L Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord på leiingsnivå166231397
00TM02M Maritim engelsk på leiingsnivå355085
00TM02N Fysikk på leiingsnivå355085
00TM02O Matematikk på leiingsnivå355085
00TM02P Norsk kommunikasjon på leiingsnivå355085
Sum140619663372

Læringsformer

Læringsaktivitetar:

Skulen vil nytta følgande læringsaktivitetar for at studentane skal nå overordna læringsutbytte for utdanninga:

  • Lærarstyrt undervisning og førelesingar i klasserom
  • Simulatorbruk
  • Praktisk arbeid i skule
  • Praktiske demonstrasjonar med logg og refleksjon
  • Individuelle arbeidsoppgåver
  • Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både i grupper og individuelt)
  • Presentasjonar
  • Bedriftsbesøk og studieturar
  • Diskusjonar

Simulatorbruk:

Simulatoren blir nytta gjennom begge skuleåra.

Korleis den er tenkt brukt og kva den kan bidra med for å støtte læringsutbytte:

  • Simulere åtferd, haldningar og engelsk kommunikasjon med IMO standarduttrykk til den som gjennomgår opplæringa (ERM/leiing)
  • Simulere eit sanntidsmiljø for sjøgåande fartøy og hamneoperasjonar, med kommunikasjonseiningar og simulering av aktuelle hovud- og hjelpeframdriftsmaskineri, utstyr og kontrollpanel.
  • Simulere relevante delsystem som skal inkludere, men ikkje avgrense til, slik som kjele, styremaskin, elektrisk kraft generelt og distribusjonssystem, herunder nødstrømforsyning, drivstoff, kjølevatn, nedkjøling, lense- og ballastsystem.
  • Simulere og evaluere motoryting og fjernmålingssystem.
  • Simulere og legge inn feil i på maskineriet.
  • Simulere at dei variable ytre forhold endrast, slik at dei kan påverke operasjonar, slik som vêr, djupgangen til fartøyet, sjøvass- og lufttemperaturar.
  • Simulere at instruktørstyrte ytre forhold endrast.
  • Simulere at instruktørstyrt simulator dynamikk endrast, slik som nødssituasjon og skipet sin respons.
  • Simulere isolering av visse prosesser som elektrisk-, brennolje, smøreoljesystem, kjølevatn- og dampsystem for å utføre bestemte oppgåver.

 Rettleiing

Det er viktig for fagleg utvikling at studentane får god rettleiing frå skulen; både for å sjå heilskapen i utdanninga og til sjølvstendig arbeid.  Emnelærar vil gi tilbakemeldingar og rettleiing knytt til arbeidskrava i emnet.

Fagsamtalar skal skje etter behov.

Undervisningsformer

Undervisningsformene i studiet skal vere relevante for fagfeltet og hensiktsmessige i høve læringsutbyttet for utdanninga. Det vert lagt stor vekt på å nytta varierte læringsaktivitetar og ei praktisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.

I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Skulen forventar at studentane viser initiativ, tar ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og viser ei konstruktiv og kritisk haldning til studieopplegget. Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde frå tidlegare utdanning/praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon omkring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er nødvendig for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Undervisning i skulen

Det vert førelesningar og gjennomgang av teori, spesielt knytt til presentasjon av basiskunnskapar. Til dette vert det nytta tavle, presentasjonar, video/nett, diskusjonar og dialogundervisning for å få variasjon og deltaking frå studentane.

Studiet legg vekt på å knyta teorien til praktiske demonstrasjonar og øvingar på skulen sine simulatorar. Desse aktivitetane vert gjennomført av emnelærarane.

Det vert nytta prosjektarbeid som læringsaktivitet i nokon emne, både individuelt og i grupper, tilpassa tema. Nokre prosjektarbeid vert avslutta med presentasjonar. 

Studentane skal arbeide med teoretiske oppgåver, dokumentere demonstrasjonar og praksis med logg og refleksjon, samt diskusjonar i klassen.

Læringsaktivitetane skal gjennom pedagogisk leiing motivere studentane til sjølvstendig og aktiv refleksjon over eigen læringsprosess og bidra til at læringsutbytta for studiet vert nådd.

 

 

Vurdering

Fagskulen Vestland, Studiestad Måløy har obligatoriske arbeidskrav i alle emne. Dette er gjort for å sikre progresjonen i læringa. I tillegg kan arbeidskrav bidra til ein jamnare arbeidsinnsats gjennom semesteret.

Arbeidskrav ved Fagskulen Vestland, Studiestad Måløy er rekna som ein serie av obligatoriske krav til arbeid som blir gjennomført som del av det pedagogiske opplegget i emnet. Studenten må ha gjort, og fått godkjent, arbeidskravet for å få gå opp til eksamen. Arbeidskrav kan bestå av obligatoriske innleveringar, munnlege framlegg, undervisning, praksis og liknande.

Arbeidskrava som blir gitt som innlevering/hjemarbeid blir vurdert med bestått/ikkje bestått, med påfølgende prøve som blir vurdert med karakter.

Til slutt blir alle karakterer underveis slått sammen til en karakter i emnet, som blir vektet med eksamens karakteren etter tabell i denne studieplanen

Karakterskala for Fagskulen Vestland:

Universitets- og Høgskulerådet (UHR) har utarbeidt fylgjande karakterskala og forklaring som grunnlag for karaktersetting som Fagskulen bruker. Forklaringa byggjer på dei grunnprinsippa som blir lagt til grunn for det nasjonale karaktersystemet på alle studienivå i universitets- og høgskulesystemet.

 

Symbol

Nemning

Generell, ikkje-fagspesifikk beskriving av vurderingskriterier

A

Framifrå

Framifrå prestasjon som klart utmerkar seg. Studenten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

B

Mykje god

Mykje god prestasjon. Studenten viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende.

C

God

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områder. Studenten viser god vurderingsevne og sjølvstende på de viktigaste områda.

D

Nokså god

Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Studenten viser ei viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.

E

Tilstrekkeleg

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten viser liten vurderingsevne og sjølvstende.

F

Ikkje bestått

Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Studenten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

 

Vurdering skal organiserast og gjennomførast i tråd med reglementet ved utdanningstilbodet og regel I/6 i STCW-konvensjonen.

Vurderingar skal ta utgangspunkt i heilskapen og spegle kompetansen til studenten etter dei måla og kriteria som er gitt.

Arbeidskrava er beskrive under det enkelte emne og skal til saman dekke læringsutbyttebeskrivingane til emnet. I dei tilfelle kor arbeidskrava ikkje har vore individuelle, skal det i tillegg gjennomførast ei individuell vurdering i etterkant.

Dersom arbeidskrava ikkje er levert innan fastsett frist beskriven i framdriftsplanen, reknast dette som eit forsøk. Fristen for andre forsøk er ti (10) yrkedagar frå innleveringsfrist for første forsøk.

I særskilte tilfelle kan rektor gi utsett innleveringsfrist etter skriftleg søknad. Søknaden må framstillast minimum tre dagar før utløpet av innleveringsfristen.

Studenten har to forsøk på å få et arbeidskrav godkjend. I særlege tilfelle kan rektor gi dispensasjon for eit tredje og siste forsøk.

Søknad om et tredje forsøke sendast rektor innen 5 dager etter resultat av andre forsøke er gjort kjent.

Alle arbeidskrav må vere bestått for å få sluttvurdering.

Sluttvurdering

 Studentar som skal framstille seg til eksamen i eit emne må ha bestått emnet i form av emnekarakter.

For å behalde retten til å framstille seg til eksamen, må alle arbeidskrav vere bestått, i tillegg til alle emneprøver.

Eksamen er nærare beskriven i skulen sitt eksamensreglement. Alle eksamenar er felles for dei samarbeidene fagskulane som tilbyr studiet.

Emnekode

Emnebeskriving            

Førebuing

Eksamensform

00TM02A

00TM02I

Maskineri

Bestått arbeidskrav

5 timer skriftlig eksamen, intern og ekstern sensor

00TM02B

00TM02J

Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar

Bestått arbeidskrav

5 timer skriftlig eksamen, intern og ekstern sensor

00TM02D

00TM02L

Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord

Bestått arbeidskrav

 5 timer skriftlig eksamen, intern og ekstern sensor

00TM02C

00TM02K

Vedlikehold og reparasjoner

Bestått  arbeidskrav

4 timer skriftlig eksamen, intern og ekstern sensor

00TM02E

00TM02M

Maritim Engelsk

Bestått arbeidskrav 4 timer skriftlig eksamen

00TM02F

00TM02N

Fysikk

Bestått arbeidskrav

4 timar skriftlig eksamen, intern og ekstern sensor

Trekkfag

00TM02G

00TM02O

Matematikk

Bestått arbeidskrav

00TM02H

00TM02P

Norsk kommunikasjon

Bestått arbeidskrav

Emnekarakter og eksamenskarakter blir slått saman til ein karakter etter 2 semester og 4 semester og slått saman til ein karakter på vitnemål.

Grunnlaget for avsluttande vurdering (KV) i eit emne omfattar elementa:

  • Emnekarakter (K1)
  • Eksamenskarakter (K2)
  • Karakter vitnemål (Kv)
K1 K2 Kv        K1 K2 Kv       K1 K2 Kv         K1 K2 Kv        K1 K2 Kv
A A A                        
A B A B B B                  
A C B B C B C C C            
A D B B D C C D C D D D      
A E C B E C C E D D E D E E E
A F F B F F C F F D F F E F F

Kvart av disse to elementa K1 og K2 er likeverdige og må vere bestått før dei samordnast etter tabellen over til ein samla karakter KV, som er den karakteren som kjem fram på vitnemålet.

Utvikling av oppgåver til eksamen

STCW-konvensjonane og Forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk legg sterke føringar for korleis kompetanse skal vurderast og kva for kriteria som skal ligge til grunn for vurderinga

Samarbeidet mellom tilbydarane omfattar òg sensur og klagesensur.

Sjøfartsdirektoratet krev at det som eit minimum skal vere etablert eit

formalisert eksamenssamarbeid mellom tre tilbydarar.

Samarbeidet mellom tilbydarane omfattar òg sensur og klagesensur.

Spesielle krav til sertifisering

Det føreligg helsekrav for offiserar og mannskap som skal tenestegjere på skip. Helsekrava er spesifisert i «Forskrift om helseundersøking av arbeidstakaren på skip» FOR 2001-10-19 nr. 1309.

Denne fagskuleutdanninga tilfredsstiller både STCW A-III/1 (og B-III/1) og STCW A-III/2 (og B-III/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for maskinoffiser klasse 4, 3, 2 og 1.  All undervisning og vurdering er i tråd med STCW-konvensjonen sin regel I/6 og

avsnitta A-I/6 og B-I/6 og FOR-2011-12-22-1523 «Forskrift om kvalifikasjonar og sertifikata for sjøfolk».

Sluttdokumentasjon

Studenten får vitnemål når emna for studiet er bestått med emnekarakter og eksamen.

Studenten får tittelen: Fagskulekandidat

For at vitnemålet skal fungere internasjonalt, skal omgrepet Vocational Diploma (VD) stå på vitnemålet.

Vitnemålet skal innehalde:

  • Emne som inngår i utdanninga
  • Omfang av emne og oppnådd emnekarakter og eksamenskarakter
  • Overordna læringsutbytte
  • Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk 5.2 og kvalifikasjonen som er oppnådd
  • Karaktersystemet som vert nytta og tal studiepoeng
  • Namn på utdanninga

Om delar av utdanninga ikkje er bestått, får studenten karakterutskrift.

Pensumliste

Maritim Maskinoffisersutdanning Måløy

EmnebeskrivelsePensumliste
00TM02A Maskineri på operativt nivå

F05 Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 1, Marfag

K08 Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 2, Marfag

Motorteknikk, Yngve Pettersen

Dampteknikk, Yngve Pettersen

Skipsutstyr og hjelpesystemer, Svein Erik Pedersen

Praktisk kuldeteknikk, Roald Nydal

Mekanikk og Fasthetslære, Ansgar Lund

Diverse kompendia

00TM02B Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjoner på operativt nivå

Elektroteknikk med elektronikk og styringsteknikk, Alf Kristensen

Måle og Reguleringsteknikk, Nils Andreas Rolfsnes

Maritime elektriske anlegg, Håkon Libak/Rolf Rasmusen

Elektriske installasjonar om bord i skip og fartøy, Norsk elektroteknisk komité

00TM02C Vedlikehald og reperasjonar på operativt nivå

F05 Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 1, Marfag

K08 Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 2, Marfag

Motorteknikk, Yngve Pettersen

Dampteknikk, Yngve Pettersen

Materiallære, Ørnulf Grøndalen

Vedlikehaldsstyring, Geir Fiskaa

Diverse kompendia

00TM02D Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord på operativt nivå

Sjørett og økonomi, Per Aasmundseth

Sjørett og økonomi oppgavesamling Per Aasmundseth

Ship knowledgeDokmar maritime Publishers 

Fartøyledelse og kontroll av skipets drift Borch, Odd Jarl

00TM02E Maritim engelsk på operativt nivå

Maritime standardutrykk, IMO/sjøfart

Norsk-Engelsk ordbok

Engelsk lærebok Marfag

00TM02F Fysikk på operativt nivå

Rom Stoff Tid Forkurs : Arne Auen Grimnes, Per Jerstad; Bjørn Sletbak

00TM02G Matematikk på operativt nivå

Sinus, T. Oldervoll/O. Orskaug/A. Vaaje

00TM02H Norsk kommunikasjon på operativt nivå

Norsk for fagskulen

00TM02I Maskineri på leiingsnivå

F05 Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 1, Marfag

K08 Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 2, Marfag

Motorteknikk, Yngve Pettersen

Dampteknikk, Yngve Pettersen

Skipsutstyr og hjelpesystem, Svein Erik Pedersen

Praktisk kuldeteknikk, Roald Nydal

Mekanikk og Fasthetslære, Ansgar Lund

Diverse kompendia

00TM02J Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar på leiingsnivå

Elektroteknikk med elektronikk og styringsteknikk, Alf Kristiansen
Måle og Reguleringsteknikk, Nils Andreas Rolfsnes
Maritime elektriske anlegg, Alf Kristiansen
Elektriske installasjonar om bord i skip og fartøy, Norsk elektroteknisk komité

 

00TM02K Vedlikehald og reparasjonar på leiingsnivå

F05 Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 1, Marfag

K08 Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 2, Marfag

Motorteknikk, Yngve Pettersen

Dampteknikk, Yngve Pettersen

Materiallære, Ørnulf Grøndalen

Vedlikehaldsstyring, Geir Fiskaa

Diverse kompendia

00TM02L Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord på leiingsnivå

• Kompendium

• Sjørett og økonomi, Per Aasmundseth

• Sjørett og økonomi, oppgåvesamling, Per Aasmundseth

• Organisasjon og ledelse, Mette Holan og Per Høiseth

• Økonomistyring, Mette Holan og Per Høiseth

• Fartøyleiing og kontroll av skipets drift, Odd Jarl Borch

00TM02M Maritim engelsk på leiingsnivå

Maritime standardutrykk, IMO/sjøfart

Norsk-Engelsk ordbok

00TM02N Fysikk på leiingsnivå

Rom Stoff Tid Forkurs : Arne Auen Grimnes, Per Jerstad; Bjørn Sletbak

00TM02O Matematikk på leiingsnivå

Sinus, T. Oldervoll/O. Orskaug/A. Vaaje

00TM02P Norsk kommunikasjon på leiingsnivå

Norsk for fagskulen