Maritim Maskinoffisersutdanning Måløy
Studiefakta
- FagområdeMaritime Fag
- StudiestadMåløy
- StudieformHeiltid
- Startsemester2023 Haust
Maritim Maskinoffisersutdanning Måløy
Om studiet
Norge er blant dei leiande maritime nasjonar i verda. I dag er mange menneske direkte sysselsett i maritime bedrifter i alle fylker i landet, og verdiskapinga er høg. Eit viktig grunnlag for å oppretthalde og vidareutvikle våre sterke maritime sektorar er at norske skip eigast og drivast frå Noreg.
Behovet for maritimt personell må sjåast i eit langsiktig perspektiv, der kompetanse og erfaring opparbeidt i jobb på havet òg kan nyttast i landbaserte stillingar. Det vil derfor vere viktig å utvikle gode studietilbod i fagskulen som kan vedlikehalde og vidareutvikle den maritime kompetanse næringa har behov for.
Fagskulen Vestland, Studiestad Måløy (høgare yrkesfaglig utdanning) tilbyr studie i maskinoffisersutdanning. Denne fagskuleutdanninga tilfredsstiller både STCW A-III/1 (og B-III/1) og STCW A-III/2 (og B-III/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for maskinoffiser klasse 4, 3, 2 og 1.
Studiet er to-årlig og er på heiltid. Utdanninga gir deg 120 studiepoeng og generell studiekompetanse og mogelegheit til å bygge på til maritim bachelorutdanning.
Studenten oppnår Høgare fagskulegrad.
Maskinoffisersutdanninga har følgande emne som studentane skal igjennom:
- Maskineri
- Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar
- Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord
- Vedlikehald og reparasjonar
- Skipsteknikk og skipets stabilitet
- Maritim engelsk
- Fysikk
- Matematikk
- Norsk kommunikasjon
Læringsutbyte
Hensikta til studiet er å utdanne maskinoffiserar med moral, haldningar, kompetanse og yrkesetikk som kjenneteikn på den kvalitet som krevjast for å møte utfordringar i næringa.
Utdanninga skal sikre internasjonale og nasjonale krav til kompetanse ved at:
- Opplæringa skal legge grunnlag for ei åtferd som gjer at helse, miljø og sikkerheit blir teke vare på.
- Opplæringa skal gi studentane forståing for samspelet mellom teknikk, miljø og samfunn.
- Opplæringa skal også bidra til å utvikle samarbeid, kommunikasjon og evne til å løyse problema.
- Opplæringa skal gi studentane evne til sikre drift av framdriftsmaskiner og hjelpesystem og kunne lede mannskapet om bord.
1.3.1 Overordna læringsutbytte
«Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring» (NKR) ble i 2011 fastsett av Kunnskapsdepartementet. Dette er knytt til European Qualification Framework (EQF), noko som gjer det mogeleg å samanlikne kvalifikasjonar i alle EU-/EØS-land.
NKR beskriv ulike nivå av kvalifikasjonar i form av læringsutbytte. Læringsutbyttet skal beskrive kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som studentane oppnår ved fullført utdanning.
For alle utdanningar blir det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) både på overordna nivå og for kvart emne i utdanninga.
Utdanninga maskinoffiser er ei toårig utdanning på fagskulenivå, og høyrer heime på nivå 5.2 i NKR.
For utfyllande informasjon om NKR sjå: www.regjeringen.no og www.nokut.no.
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om konstruksjon, reparasjonar, vedlikehald og drift av maskineri med tilhøyrande verktøy og system om bord på skip tilsvarande krav satt i STCW for maskinsjef og førstemaskinist.
- har kunnskap om økonomi og leiing, norsk, matematikk, fysikk og engelsk for å leie teknisk drift og operasjon av skip.
- kan vurdere eige arbeid som leiiande maskinoffiser i forhold til IMOs konvensjonar, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter.
- kjenner til skipsfartens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet både nasjonalt og internasjonalt.
- har kunnskapar om skipsfart og ein rolla til maskinoffiseren.
- kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap om miljø, sikkerheit og skipsteknisk drift.
- har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter i bedrifta, hos verft og utstyrsleverandørar samt liknande yrker.
Ferdigheter
Studenten:
- kan gjere reie for sine faglege val av materialar, metodar, prosesser og teknikkar i leiinga under reparasjonar, vedlikehald og teknisk drift av skipet.
- kan reflektere over sin eigen utøving som leiande maskinoffiser ved å kartlegge ein situasjon, gjennomføre ei analyse og justere denne under rettleiing.
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter for å vurdere relevansen for yrkesfaglege problemstillingar som oppstår ved den skipstekniske drifta.
- kan kartlegge ein situasjon som oppstår i maskinrommet eller ved andre driftssystem om bord, identifisere problemet og finne behov for iverksetting av tiltak.
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre oppgåver og prosjekter innan skipsteknisk drift, åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer for kvalitet, teknologi og miljø både nasjonalt og internasjonalt.
- kan utføre arbeid med drift, overvaking og vedlikehald av maskiner, elektriske og elektroniske anlegg etter lover, forskrifter, produsenten sine anbefalingar og anerkjente prinsipp og framgangsmåtar.
- kan utføre arbeid med omsorg for skip, personar og miljø etter lovverk og anerkjent sikkerheitspraksis.
- kan utføre arbeid som involverer økonomi og leiing, norsk, matematikk, fysikk og engelsk som er relevant for ein leiande maskinoffiser.
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan skipsteknisk drift, samt eksterne målgrupper som leverandørar, myndigheiter og klasseselskap, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis ved drift, vedlikehald og operasjon av skip.
- kan bygge relasjonar med fagfellar gjennom sitt arbeid i eit lokalt og globalt perspektiv på tvers av fag, samt med leverandørar av varer og tenester
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å holde seg oppdatert på skipsfartens rolle i samfunnet og ny teknologi som kan føre til nyskapning og innovasjon.
Opptak
Opptak av studentar til Fagskulen Vestland skjer gjennom Nasjonalt opptakskontor for fagskular.
Dette gir felles kvalifikasjonskrav og reglar for poengutrekning for søkarar frå heile landet. Opptak av
studentar skjer berre på grunnlag av poengutrekning og rangering (realkompetanse blir regna om til poeng). Dette gjer det mogeleg å sjå både tal- og poengnivå på søkarar ved opptak til kvar fagskuleutdanning.
Ordinær søknadsfrist er 15. april og retningslinjer for søking ligg på heimesida. Ved avvik frå søknadsfrist
blir dette kunngjort på heimesidene.
Det generelle grunnlaget for opptak er:
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev som motormann.
- realkompetanse
Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.
- For søkarar til maskinoffisersutdanninga er det krav om minimum 30 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy.
- Relevant og bestått utdanning innanfor motormannfag kan telle med inntil to år.
All praksis, utdanning og andre forhold som skal gje grunnlag for opptak, må dokumenterast med attesterte kopiar. Attestar for praksis må angje lengda på arbeidsforhold, stillingsprosent og arbeidsinnhald. Attestar må vidare vere datert for å kome i betraktning. Attestar reknast berre fram til datoen dei er skrivne ut, sjølv om søkaren sjølv opplyser at arbeidsforholdet fortset utover dette tidspunktet.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Fagskulen Vestland gjennomfører realkompetansevurdering i tråd med NOKUT-forskrifta §5 og retningslinjer frå Kompetanse Norge. Søkaren sin kompetanse vert vurdert opp mot læreplan i vidaregåande opplæring innan relevante yrkesutdanningar. Opptak gjort på bakgrunn av realkompetanse vil berre kunne nyttast for den utdanninga realkompetansevurderinga gjeld.
Søkaren må dokumentere kompetanse i fellesfag tilsvarande nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR), ha fylt 23 år i søknadsåret.
.Vedtak om godkjenning av realkompetanse gjeld i utgangspunktet òg for seinare år. Vedtaket gjeld likevelberre i samsvar med studiet slik det gjennomførast på vurderingstidspunktet. Ved betydelege endringar i fag-, studie- eller rammeplanar, tar tilbydar atterhald om retten til å foreta ny vurdering, og eventuelt endre vedtaket.Det blir kravd slik godkjend dokumentasjon på realkompetanse i teoretiske fag.
Læringsformer
Læringsaktivitetar:
Skulen vil nytta følgande læringsaktivitetar for at studentane skal nå overordna læringsutbytte for utdanninga:
- Lærarstyrt undervisning og førelesingar i klasserom
- Simulatorbruk
- Praktisk arbeid i skule
- Praktiske demonstrasjonar med logg og refleksjon
- Individuelle arbeidsoppgåver
- Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både i grupper og individuelt)
- Presentasjonar
- Bedriftsbesøk og studieturar
- Diskusjonar
Simulatorbruk:
Simulatoren blir nytta gjennom begge skuleåra.
Korleis den er tenkt brukt og kva den kan bidra med for å støtte læringsutbytte:
- Simulere åtferd, haldningar og engelsk kommunikasjon med IMO standarduttrykk til den som gjennomgår opplæringa (ERM/leiing)
- Simulere eit sanntidsmiljø for sjøgåande fartøy og hamneoperasjonar, med kommunikasjonseiningar og simulering av aktuelle hovud- og hjelpeframdriftsmaskineri, utstyr og kontrollpanel.
- Simulere relevante delsystem som skal inkludere, men ikkje avgrense til, slik som kjele, styremaskin, elektrisk kraft generelt og distribusjonssystem, herunder nødstrømforsyning, drivstoff, kjølevatn, nedkjøling, lense- og ballastsystem.
- Simulere og evaluere motoryting og fjernmålingssystem.
- Simulere og legge inn feil i på maskineriet.
- Simulere at dei variable ytre forhold endrast, slik at dei kan påverke operasjonar, slik som vêr, djupgangen til fartøyet, sjøvass- og lufttemperaturar.
- Simulere at instruktørstyrte ytre forhold endrast.
- Simulere at instruktørstyrt simulator dynamikk endrast, slik som nødssituasjon og skipet sin respons.
- Simulere isolering av visse prosesser som elektrisk-, brennolje, smøreoljesystem, kjølevatn- og dampsystem for å utføre bestemte oppgåver.
Rettleiing
Det er viktig for fagleg utvikling at studentane får god rettleiing frå skulen; både for å sjå heilskapen i utdanninga og til sjølvstendig arbeid. Emnelærar vil gi tilbakemeldingar og rettleiing knytt til arbeidskrava i emnet.
Fagsamtalar skal skje etter behov.
Undervisningsformer
Undervisningsformene i studiet skal vere relevante for fagfeltet og hensiktsmessige i høve læringsutbyttet for utdanninga. Det vert lagt stor vekt på å nytta varierte læringsaktivitetar og ei praktisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.
I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Skulen forventar at studentane viser initiativ, tar ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og viser ei konstruktiv og kritisk haldning til studieopplegget. Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde frå tidlegare utdanning/praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon omkring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er nødvendig for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Undervisning i skulen
Det vert førelesningar og gjennomgang av teori, spesielt knytt til presentasjon av basiskunnskapar. Til dette vert det nytta tavle, presentasjonar, video/nett, diskusjonar og dialogundervisning for å få variasjon og deltaking frå studentane.
Studiet legg vekt på å knyta teorien til praktiske demonstrasjonar og øvingar på skulen sine simulatorar. Desse aktivitetane vert gjennomført av emnelærarane.
Det vert nytta prosjektarbeid som læringsaktivitet i nokon emne, både individuelt og i grupper, tilpassa tema. Nokre prosjektarbeid vert avslutta med presentasjonar.
Studentane skal arbeide med teoretiske oppgåver, dokumentere demonstrasjonar og praksis med logg og refleksjon, samt diskusjonar i klassen.
Læringsaktivitetane skal gjennom pedagogisk leiing motivere studentane til sjølvstendig og aktiv refleksjon over eigen læringsprosess og bidra til at læringsutbytta for studiet vert nådd.
Vurdering
Fagskulen Vestland, Studiestad Måløy har obligatoriske arbeidskrav i alle emne. Dette er gjort for å sikre progresjonen i læringa. I tillegg kan arbeidskrav bidra til ein jamnare arbeidsinnsats gjennom semesteret.
Arbeidskrav ved Fagskulen Vestland, Studiestad Måløy er rekna som ein serie av obligatoriske krav til arbeid som blir gjennomført som del av det pedagogiske opplegget i emnet. Studenten må ha gjort, og fått godkjent, arbeidskravet for å få gå opp til eksamen. Arbeidskrav kan bestå av obligatoriske innleveringar, munnlege framlegg, undervisning, praksis og liknande.
I dei tilfelle kor arbeidskrava ikkje har vore individuelle, skal det i tillegg gjennomførast ei individuell vurdering i etterkant.
Karakterskala for Fagskulen Vestland:
Universitets- og Høgskulerådet (UHR) har utarbeidt fylgjande karakterskala og forklaring som grunnlag for karaktersetting som Fagskulen bruker. Forklaringa byggjer på dei grunnprinsippa som blir lagt til grunn for det nasjonale karaktersystemet på alle studienivå i universitets- og høgskulesystemet.
Symbol | Nemning | Generell, ikkje-fagspesifikk beskriving av vurderingskriterier |
A | Framifrå | Framifrå prestasjon som klart utmerkar seg. Studenten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
B | Mykje god | Mykje god prestasjon. Studenten viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende. |
C | God | Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områder. Studenten viser god vurderingsevne og sjølvstende på de viktigaste områda. |
D | Nokså god | Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Studenten viser ei viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. |
E | Tilstrekkeleg | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten viser liten vurderingsevne og sjølvstende. |
F | Ikkje bestått | Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Studenten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende. |
Vurdering skal organiserast og gjennomførast i tråd med reglementet ved utdanningstilbodet og regel I/6 i STCW-konvensjonen.
Vurderingar skal ta utgangspunkt i heilskapen og spegle kompetansen til studenten etter dei måla og kriteria som er gitt.
Emnekarakter
Emnekarakteren skal setjast på grunnlag av arbeidskrava.
Arbeidskrava er beskrive under det enkelte emne og skal til saman dekke læringsutbyttebeskrivingane til emnet. I dei tilfelle kor arbeidskrava ikkje har vore individuelle, skal det i tillegg gjennomførast ei individuell vurdering i etterkant.
Dersom arbeidskrava ikkje er levert innan fastsett frist beskriven i framdriftsplanen, reknast dette som eit forsøk. Fristen for andre forsøk er ti (10) yrkedagar frå innleveringsfrist for første forsøk.
I særskilte tilfelle kan rektor gi utsett innleveringsfrist etter skriftleg søknad. Søknaden må
framstillast minimum tre dagar før utløpet av innleveringsfristen.
Studenten har to forsøk på å få et arbeidskrav godkjend. I særlege tilfelle kan rektor gi
dispensasjon for eit tredje og siste forsøk.
Alle arbeidskrav må vere bestått for å få emnekarakter.
Sluttvurdering
Studentar som skal framstille seg til eksamen i eit emne må ha bestått emnet i form av emnekarakter. Eksamen er nærare beskriven i skulen sitt eksamensreglement. Alle eksamenar er felles for dei 12 fagskulane som tilbyr studiet.
Emnekode | Emnebeskriving | Førebuing | Eksamensform |
00TM06A | Maskineri | Bestått arbeidskrav | 5 timer skriftlig eksamen, intern og ekstern sensor |
00TM06B | Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar | Bestått arbeidskrav | 5 timer skriftlig eksamen, intern og ekstern sensor |
00TM06C | Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord | Bestått arbeidskrav | 5 timer skriftlig eksamen, intern og ekstern sensor |
00TM06D | Vedlikehold og reparasjoner | Bestått arbeidskrav | 4 timer skriftlig eksamen, intern og ekstern sensor |
00TM06E | Skipsteknikk og skipets stabilitet | Bestått arbeidskrav | 4 timer skriftlig eksamen, intern og ekstern sensor |
00TM06F | Maritim engelsk | Bestått arbeidskrav | 4 timer skriftlig eksamen |
00TM06G | Fysikk | Bestått arbeidskrav | 4 timar skriftlig eksamen, intern og ekstern sensor Trekkfag |
00TM06H | Matematikk | Bestått arbeidskrav | |
00TM06I | Norsk kommunikasjon | Bestått arbeidskrav |
K1 | K2 | Kv | K1 | K2 | Kv | K1 | K2 | Kv | K1 | K2 | Kv | K1 | K2 | Kv | ||||
A | A | A | ||||||||||||||||
A | B | A | B | B | B | |||||||||||||
A | C | B | B | C | B | C | C | C | ||||||||||
A | D | B | B | D | C | C | D | C | D | D | D | |||||||
A | E | C | B | E | C | C | E | D | D | E | D | E | E | E | ||||
A | F | F | B | F | F | C | F | F | D | F | F | E | F | F |
Kvart av disse to elementa K1 og K2 er likeverdige og må vere bestått før dei samordnast etter tabellen over til ein samla karakter KV, som er den karakteren som kjem fram på vitnemålet.
Utvikling av oppgåver til eksamen
STCW-konvensjonane og Forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk legg sterke føringar for korleis kompetanse skal vurderast og kva for kriteria som skal ligge til grunn for vurderinga
Samarbeidet mellom tilbydarane omfattar òg sensur og klagesensur.
Sjøfartsdirektoratet krev at det som eit minimum skal vere etablert eit
formalisert eksamenssamarbeid mellom tre tilbydarar.
Samarbeidet mellom tilbydarane omfattar òg sensur og klagesensur.
Spesielle krav til sertifisering
Det føreligg helsekrav for offiserar og mannskap som skal tenestegjere på skip. Helsekrava er spesifisert i «Forskrift om helseundersøking av arbeidstakaren på skip» FOR 2001-10-19 nr. 1309.
Denne fagskuleutdanninga tilfredsstiller både STCW A-III/1 (og B-III/1) og STCW A-III/2 (og B-III/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for maskinoffiser klasse 4, 3, 2 og 1. All undervisning og vurdering er i tråd med STCW-konvensjonen sin regel I/6 og
avsnitta A-I/6 og B-I/6 og FOR-2011-12-22-1523 «Forskrift om kvalifikasjonar og sertifikata for sjøfolk».
Sluttdokumentasjon
Studenten får vitnemål når emna for studiet er bestått med emnekarakter og eksamen.
Studenten får tittelen: Fagskulekandidat
For at vitnemålet skal fungere internasjonalt, skal omgrepet Vocational Diploma (VD) stå på vitnemålet.
Vitnemålet skal innehalde:
- Emne som inngår i utdanninga
- Omfang av emne og oppnådd emnekarakter og eksamenskarakter
- Overordna læringsutbytte
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk 5.2 og kvalifikasjonen som er oppnådd
- Karaktersystemet som vert nytta og tal studiepoeng
- Namn på utdanninga
Om delar av utdanninga ikkje er bestått, får studenten karakterutskrift.
Pensumliste
Maritim Maskinoffisersutdanning Måløy
Emnebeskrivelse | Pensumliste |
---|---|
00TM06A M Maskineri | Litteraturliste Maskineri Skipsmaskineri - Drift og vedlikehald Del 1, Marfag Skipsmaskineri - Drift og vedlikehald Del 2, Marfag Motorteknikk, Yngve Pettersen Dampteknikk, Yngve Pettersen Skipsutstyr og hjelpesystem, Svein Erik Pedersen Praktisk kuldeteknikk, Roald Nydal Mekanikk og Fasthetslære, Ansgar Lund Diverse kompendia |
00TM06B M Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar | Elektroteknikk med elektronikk anlegg og styringsteknikk, Alf Kristiansen Måle og Reguleringsteknikk, Nils Andreas Rolfsnes Maritime elektriske anlegg, Alf Kristiansen Elektriske installasjoner om bord i skip og fartøy, Norsk elektroteknisk komite. |
00TM06C M Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord | Litteraturliste Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord
|
00TM06D M Vedlikehald og reparasjonar | Litteraturliste Vedlikehald og reparasjonar Skipsmaskineri - Drift og vedlikehald Del 1, Marfag Skipsmaskineri - Drift og vedlikehald Del 2, Marfag Motorteknikk, Yngve Pettersen Dampteknikk, Yngve Pettersen Materiallære, Ørnulf Grøndalen Vedlikehaldsstyring, Geir Fiskaa Diverse kompendia |
00TM06E M Skipsteknikk og skipets stabilitet | Ship knowledge, Dokmar maritime Publishers Diverse kompendium |
00TM06F M Maritim engelsk | Litteraturliste Maritim engelsk Maritime English for Engine Officers - Operational level - (Trude Amundsen, T., Astrid Sebulonsen,Skaar, B., Inger Slinning, I) (marfag.no) Maritime standardutrykk, IMO/sjøfart Norsk-Engelsk ordbok
|
00TM06G M Fysikk | Litteraturliste Fysikk Rom Stoff Tid Forkurs : Arne Auen Grimnes, Per Jerstad; Bjørn Sletbak |
00TM06H M Matematikk | Litteraturliste Matematikk Sinus, T. Oldervoll/O. Orskaug/A. Vaaje |
00TM06I M Norsk kommunikasjon | Litteraturliste Norsk kommunikasjon Norsk for fagskulen. Marion Federl og Arve Hoel. |