00TM06D M Vedlikehald og reparasjonar
Emnefakta
- FagområdeMaritime Fag
- Studiepoeng9
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadMåløy
- StudieprogramMaritim Maskinoffisersutdanning Måløy
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
3 sp. Vedlikehold og reparasjoner på maskineri
4 sp. Vedlikeholds styring
2 sp. Drifts- og tilstandskontroll av maskineri
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om å administrere moderne vedlikehaldsprogram, her under dokumentasjon av utført arbeid i samsvar med gjeldande myndighets- og klassekrav.
- har kunnskap om oppdaging av feilfunksjoner i maskineriet, lokalisering av feil og tiltak for å hindre skade.
- har kunnskap om inspeksjon og justering av utstyr.
- har kunnskap om ikkje-destruktiv undersøking.
- har kunnskap om arbeids- og oppgåvefordeling blant underordna personell.
- har kunnskap om sikring av utstyr og maskinanlegg før vedlikehaldsarbeid kan settast i gang.
- kan vurdere eige arbeid i forhold til nasjonalt og internasjonalt maritimt regelverk/lovverk, vaktforskrifter, standardar, avtaler og krav.
Ferdigheter
Studenten:
- kan gjøre reie for sine val for å trygge og effektive prosedyrar for vedlikehald og reparasjonar.
- kan reflektere over sine val i arbeid med vedlikehald og reparasjonar og justere seg inn under rettleiing.
- kan finne og vise til informasjon om korrekt bruk og tolking av relevante brukarmanualar, teikningar og diagram og vurdere relevansen for ei problemstilling.
Generell kompetanse
Studenten:
- kan planlegge og gjennomføre vedlikehald og reparasjon på et skip, her under lovpålagt verifisering av klassekrav alene og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
- kan utveksle synspunkt med spesielt skipsleiinga , men også andre innan same bransje og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
Undervisningsformer og aktivitet
Forelesing med arbeidskrav knytte til stoffet, gruppearbeid, oppgåveløysing.
Studentane arbeider sjølvstendig eller i grupper med oppgåvene, der lærar er tilgjengelig for rettleiing ved kontakt.
Demonstarasjoner og laboratorieøvingar.
Klasserom, auditoriet og skulens andre fasilitetar (bl.a. grupperom, bibliotek, datarom, laboratorium).
Vurdering
Grunnlaget for avsluttande vurdering i eit emne omfattar elementa:
· Vurderingar av arbeidskrav, uttrykt som ein emnekarakter.
Eksamenskarakter.
Emnekarakter og eksamenskarakter blir slått saman til ein karakter etter 2 semester og 4 semester og slått saman til ein karakter på vitnemål.
Sjå tabell under vurdering i studieplanen for vekting av karakterer.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 148,5 Time(r) | |
Sjølvstudium | 106,5 |
Arbeidskrav
4 stk. arbeidskrav som kvar tel 25 %
Arbeidskrav 1: Risiko
Arbeidskrav 2: Vedlikehaldsstyring
Arbeidskrav 3: Feil / feilkjelder
Arbeidskrav 4: Driftsøkonomi
Alle arbeidskrav skal være bestått for å få gå opp til eksamen.
Fagressursar
Litteraturliste Vedlikehald og reparasjonar
Skipsmaskineri - Drift og vedlikehald Del 1, Marfag
Skipsmaskineri - Drift og vedlikehald Del 2, Marfag
Motorteknikk, Yngve Pettersen
Dampteknikk, Yngve Pettersen
Materiallære, Ørnulf Grøndalen
Vedlikehaldsstyring, Geir Fiskaa
Diverse kompendia
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Maritim Maskinoffisersutdanning Måløy