65TB58A E7 Tilstandsanalyse av byggverk

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      5
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygningssakkyndig
    • Startsemester
      2025 Haust

Om emnet

  • Rammer og regelverk NS 3424
  • Etikk
  • Fukt og fuktmåling
  • Rapportformer
  • Tekniske anlegg
  • Konstruksjonar
  • Kalkulasjon

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      har god kunnskap om metode/metodikk for vurdering av byggverket sin tekniske tilstand
  •      har oversikt over og kan bruke gjeldande lover, standardar og regelverk for ulike typar byggverk i samband med tilstandsanalyse av byggverk
  •      har oversikt over kva for dokumentasjon som er relevant i samband med tilstandsanalyse av byggverk
  •      kan fastsette referansenivå for tilstandsanalysen
  •      kan utforme mandat for oppdraget, og skildre eigne premissar og avgrensingar for oppdraget
  •      kan gjere vurdering av konsekvensar av registrerte avvik
  •      har kunnskap om fuktmåling, (metodar, tolking, kartlegging, prosedyre og kan rapportere resultat og årsakssamanheng)
  •      veit kva måleinstrument som er eigna for måling av ulike konstruksjonar og materiale
  •      har kunnskap om bygningsmateriale, konstruksjonar og tekniske anlegg si levetid og venta attverande brukstid
  •      har kunnskap om VVS-tekniske forhold som er relevante for tilstandsanalyse av bygningar
  •      har generell kunnskap om elektriske anlegg
  •     har kunnskap om kjende risikokonstruksjonar som er hyppig utsette for skadar
  •      har god kunnskap om sopp- og råteskader og årsakene til at desse oppstår
  •      har kunnskap om kva for konsekvensar råteskadar og mugg har for inneklima
  •      har kunnskap om metodar og krav til utføring av prøvetaking, oppbevaring og innsending av prøvar for å avdekke og identifisere ulike biologiske skadegjerarar
  •     har kunnskap om skadedyr i bygning, type skadar og konsekvensar av skader og metode for sanering
  •      har god kunnskap om branntekniske forhold som er relevante for tilstandsanalyse av byggverk
  •      har god kunnskap om etiske forhold i tilknyting til oppdrag for private og profesjonelle kundar
  •      skal meistre bruk av relevante datasystem til bruk for utarbeiding av tilstandsanalyse
  •      har oversikt over miljøfarlege stoff som er relevante i samband med tilstandsanalyse av byggverk
  •      har oversikt over preaksepterte løysingar, førehandsgodkjente løysingar, og kva analyse av løysingar skal innehalde og dokumentere

Ferdigheter

Studenten:

  • kan utføre ei komplett tilstandsanalyse basert på gjeldande versjon av NS 3424 Tilstandsanalyse av byggverk - innhald og gjennomføring
  • kan fungere som prosjektleiar ved tilstandsregistrering av større bygg der det er behov for å bruke fagspesialistar på ulike installasjonar, konstruksjonar og grunnforhold
  • kan berekne og fastsette teknisk verdi
  • kan anslå utbetringskostnadar for retting av skader/avvik
  • kan berekne teknisk verdi på bygg
  • kan utarbeide bygning-salsrapport basert på gjeldande versjon av NS 3424 Tilstandsanalyse av byggverk utarbeide tilstandsrapportar som tilfredsstiller minimumskrava til rapporter etter forskrifta til avhendingslova
  • kan utarbeide tilstandsrapport på bygningar etter NS 3424
  • kan bruke relevante datasystem for utarbeiding av tilstandsanalyse

Generell kompetanse

Studenten:

  •  kan bruke relevante metodar for tilstandsanalysar
  •  kan bruke og kjenner til bruksområda for NS 3424
  •  kjenner til standardane når det gjeld oppbygging og metode
  •  kan utføre tilstandsanalyse av byggverk
  •  kan bruke og analysere/tolke resultat av målingar som blir gjorde i samband med tilstandsanalysar

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar eller anna.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utenom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av forbereding til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

To faglege oppgåver, anten individuelle eller i grupper.

Refleksjonsnotat i videoform.

Karakteren settes etter ei heilhetleg vurdering.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
17 Time(r)
Egenstyrt aktivitet
132 Time(r)

Fagressursar

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no

Lærebøker og andre abbonement vert opplyst av faglærar ved studiestart.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Bygningssakkyndig

Emneansvarlig

Jytte Kristin Eikenes