65TB58A E7 Tilstandsanalyse av byggverk
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng5
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramBygningssakkyndig
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Rammer og regelverk NS 3424
Etikk
Fukt og fuktmåling
Rapportformer
Tekniske anlegg
Konstruksjonar
Kalkulasjon
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
· har god kunnskap om metode/metodikk for vurdering av byggverket sin tekniske tilstand
· har oversikt over og kan bruke gjeldande lover, standardar og regelverk for ulike typar byggverk i samband med tilstandsanalyse av byggverk
· har oversikt over kva for dokumentasjon som er relevant i samband med tilstandsanalyse av byggverk
· kan fastsette referansenivå for tilstandsanalysen
· kan utforme mandat for oppdraget, og skildre eigne premissar og avgrensingar for oppdraget
· kan gjere vurdering av konsekvensar av registrerte avvik
· har kunnskap om fuktmåling, (metodar, tolking, kartlegging, prosedyre og kan rapportere resultat og årsakssamanheng)
· veit kva måleinstrument som er eigna for måling av ulike konstruksjonar og materiale
· har kunnskap om bygningsmateriale, konstruksjonar og tekniske anlegg si levetid og venta attverande brukstid
· har kunnskap om VVS-tekniske forhold som er relevante for tilstandsanalyse av bygningar
· har generell kunnskap om elektriske anlegg
· har kunnskap om kjende risikokonstruksjonar som er hyppig utsette for skadar
· har god kunnskap om sopp- og råteskader og årsakene til at desse oppstår
· har kunnskap om kva for konsekvensar råteskadar og mugg har for inneklima
· har kunnskap om metodar og krav til utføring av prøvetaking, oppbevaring og innsending av prøvar for å avdekke og identifisere ulike biologiske skadegjerarar
· har kunnskap om skadedyr i bygning, type skadar og konsekvensar av skader og metode for sanering
· har god kunnskap om branntekniske forhold som er relevante for tilstandsanalyse av byggverk
· har god kunnskap om etiske forhold i tilknyting til oppdrag for private og profesjonelle kundar
· skal meistre bruk av relevante datasystem til bruk for utarbeiding av tilstandsanalyse
· har oversikt over miljøfarlege stoff som er relevante i samband med tilstandsanalyse av byggverk
· har oversikt over preaksepterte løysingar, førehandsgodkjente løysingar, og kva analyse av løysingar skal innehalde og dokumentere
Ferdigheter
Studenten:
- kan utføre ei komplett tilstandsanalyse basert på gjeldande versjon av NS 3424 Tilstandsanalyse av byggverk - innhald og gjennomføring
- kan fungere som prosjektleiar ved tilstandsregistrering av større bygg der det er behov for å bruke fagspesialistar på ulike installasjonar, konstruksjonar og grunnforhold
- kan berekne og fastsette teknisk verdi
- kan anslå utbetringskostnadar for retting av skader/avvik
- kan berekne teknisk verdi på bygg
- kan utarbeide bygning-salsrapport basert på gjeldande versjon av NS 3424 Tilstandsanalyse av byggverk utarbeide tilstandsrapportar som tilfredsstiller minimumskrava til rapporter etter forskrifta til avhendingslova
- kan utarbeide tilstandsrapport på bygningar etter NS 3424
- kan bruke relevante datasystem for utarbeiding av tilstandsanalyse
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bruke relevante metodar for tilstandsanalysar
- kan bruke og kjenner til bruksområda for NS 3424
- kjenner til standardane når det gjeld oppbygging og metode
- kan utføre tilstandsanalyse av byggverk
- kan bruke og analysere/tolke resultat av målingar som blir gjorde i samband med tilstandsanalysar
Vurdering
Vurdering av arbeidsmappa med dei faglege oppgåvene.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 22,5 Time(r) | |
Sjølvstudium | 127,5 Time(r) |
Arbeidskrav
To faglege oppgåver, anten individuelle eller i grupper.
Fagressursar
E7 Tilstandsanalyse av byggverk
Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no
Lærebøker og andre abbonement vert opplyst av faglærar ved studiestart.
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no