64TB79I E9 Prosjektleiing og sertifisering
Emnefakta
- FagområdeGrøn omstilling
- Studiepoeng5
- StudiestadFørde
- StudieprogramGrøn omstilling i byggebransjen 2024
- Startsemester2025 Haust
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om entrepriseformer og kontraktar
- kjenner til gjeldande lovverk når det gjeld nybygg og rehabilitering
- har kunnskap om korleis byggeprosjekt med høge ambisjonar for miljø/ombruk skil seg frå tradisjonelle prosjekt, både når det gjeld det tekniske og gjennomføring/prosess
- har kunnskap om ulike sertifiseringssystem for berekraft i byggenæringa, med særleg fokus på miljø, klimagassutslepp, energi og sirkulærøkonomi
- har kunnskap om framdriftsplanlegging og kjenner til ulike verktøy til dette formål
- er kjent med dei ulike rollene/aktørane i eit byggeprosjekt, og med tilhøyrande ansvar, og kva som må til for å sikre at prosjektet kan nå høge ambisjonar innan berekraft
- er kjent med metodar og verktøy for å evaluere og planlegge miljøambisjonar i byggeprosjekt
- er kjent med digitalisering og bruk av digitale verktøy for å effektivisere prosessar og datahandtering
- er kjent med relevante lover, forskrifter og standardar knytt til miljø og sertifisering
Ferdigheter
Studenten:
- kan vurdere miljø og ombrukspotensialet i eit byggeprosjekt
- kan bidra til sertifisering av berekraft og miljøomsyn i eit byggeprosjekt, med særleg vekt på miljø, klimagassreduksjon, energieffektivitet og sirkulærøkonomi
- kan vurdere dei ulike rollane/aktørane i eit byggeprosjekt, og kva som må til for å sikre at prosjektet kan nå høge ambisjonar innan berekraft
- kan bruke digitale verktøy og metodar for evaluering og planlegging av miljøambisjonar i byggeprosjekt
- kan lage gode rutinar og prosessar, i både nybygg og ombygging, med tanke på berekraft i prosjektet
- har god prosessforståing og kan planlegge for dei ulike stadia av eit prosjekt
Generell kompetanse
Studenten:
- kan delta i diskusjon rundt roller, ansvar og sertifiseringssystem i eit byggeprosjekt
- kan delta tverrfagleg i arbeid med sirkulærøkonomi og miljø i eit byggeprosjekt
Vurdering
Ei prosjektoppgåve og ein individuell videopresentasjon
Emnekarakter settes etter ei heilhetleg vurdering
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 23 Time(r) | |
Egenstyrt aktivitet | 102 Time(r) |
Arbeidskrav
Ei innlevering
Fagressursar
Lærebøker
Tryti, H.A. (2021): Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter og kontrakter med forbruker. Bestillast på internett www.byggesaken.no
Futurebuilt. https://www.futurebuilt.no
BREEAM-NOR. https://byggalliansen.no/sertifisering/om-breeam/
ZEB- The Research Center for Zero Emission Building. http://zeb.no/
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Grøn omstilling i byggebransjen 2024
Emneansvarlig
Jytte Kristin Eikenes
Narayan Dungana