64TB79I E9 Prosjektleiing og sertifisering

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Grøn omstilling
    • Studiepoeng
      5
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Grøn omstilling i byggebransjen 2024
    • Startsemester
      2026 Haust

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om entrepriseformer og kontraktar
  • kjenner til gjeldande lovverk når det gjeld nybygg og rehabilitering
  • har kunnskap om korleis byggeprosjekt med høge ambisjonar for miljø/ombruk skil seg frå tradisjonelle prosjekt, både når det gjeld det tekniske og gjennomføring/prosess
  • har kunnskap om ulike sertifiseringssystem for berekraft i byggenæringa, med særleg fokus på miljø, klimagassutslepp, energi og sirkulærøkonomi
  • har kunnskap om framdriftsplanlegging og kjenner til ulike verktøy til dette formål
  • er kjent med dei ulike rollene/aktørane i eit byggeprosjekt, og med tilhøyrande ansvar, og kva som må til for å sikre at prosjektet kan nå høge ambisjonar innan berekraft
  • er kjent med metodar og verktøy for å evaluere og planlegge miljøambisjonar i byggeprosjekt
  • er kjent med digitalisering og bruk av digitale verktøy for å effektivisere prosessar og datahandtering
  • er kjent med relevante lover, forskrifter og standardar knytt til miljø og sertifisering

 

Ferdigheter

Studenten:

  • kan vurdere miljø og ombrukspotensialet i eit byggeprosjekt
  • kan bidra til sertifisering av berekraft og miljøomsyn i eit byggeprosjekt, med særleg vekt på miljø, klimagassreduksjon, energieffektivitet og sirkulærøkonomi
  • kan vurdere dei ulike rollane/aktørane i eit byggeprosjekt, og kva som må til for å sikre at prosjektet kan nå høge ambisjonar innan berekraft
  • kan bruke digitale verktøy og metodar for evaluering og planlegging av miljøambisjonar i byggeprosjekt
  • kan lage gode rutinar og prosessar, i både nybygg og ombygging, med tanke på berekraft i prosjektet
  • har god prosessforståing og kan planlegge for dei ulike stadia av eit prosjekt

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan delta i diskusjon rundt roller, ansvar og sertifiseringssystem i eit byggeprosjekt
  • kan delta tverrfagleg i arbeid med sirkulærøkonomi og miljø i eit byggeprosjekt

 

Vurdering

Praktisk vurdering

  • Ei individuell prosjektoppgåve som bygger på praktisk oppgåve
  • Ein individuell presentasjon

Emnekarakter settes etter ei heilhetleg vurdering

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
23 Time(r)
Egenstyrt aktivitet
102 Time(r)

Arbeidskrav

Ein individuell skriftleg rapport

Fagressursar

Lærebøker

Tryti, H.A. (2021): Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter og kontrakter med forbruker. Bestillast på internett www.byggesaken.no 

Futurebuilt. https://www.futurebuilt.no

BREEAM-NOR. https://byggalliansen.no/sertifisering/om-breeam/ 

ZEB- The Research Center for Zero Emission Building. http://zeb.no/ 

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Grøn omstilling i byggebransjen 2024

Emneansvarlig

Jytte Kristin Eikenes
Narayan Dungana