64TB79H E8 Sirkulær økonomi og ombruk
Emnefakta
- FagområdeGrøn omstilling
- Studiepoeng10
- StudiestadFørde
- StudieprogramGrøn omstilling i byggebransjen 2024
- Startsemester2025 Haust
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om redusering, ombruk, gjenvinning og utnytting av dei enkelte byggemateriala og av heile bygget ved rehabilitering
- har kunnskap om miljømessige, sosiale og økonomiske konsekvensar av tradisjonelle lineære byggemetodar
- har kunnskap om gjenbruk av bygg, kor lenge eit bygg skal bestå og grunngjeving for dette
- har kunnskap om ulike strategiar for avfallshandtering, inkludert avfallsforebygging og materialgjenvinning
- har kunnskap om innovative byggemetodar og teknologiar som støttar sirkularitet. Til dømes moduler bygging, val mellom, og bruk av, reversible forbindelsar mellom bygningsdelar, prefabrikasjon og demontering
- kjenner til det norske markedet for vidareformidling av overskotsmateriale eller brukte byggevarer
- kjenner til konsepta ombruksbefaring og ombrukskartlegging og kva dette inneber, og kan lese og forstå rettleiarar for dette
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvende strategiar for å optimalisere ressursutnytting, avfallsreduksjon og materialgjenvinning
- kan vurdere miljøpåverknaden av ulike byggemetodar og materiale
- kan halde seg oppdatert på den nyaste forskinga, teknologien og framgangen innan sirkulær økonomi og ombruk i byggebransjen
- kan gjennomføre ei ombrukskartlegging
- kan bruke marknadsplassar for å gjere tilgjengeleg ombruks- og overskotsmateriale frå eigne prosjekt og for å finne tilsvarande materiale frå andre prosjekt
- kan gjere ei vurdering på kva som er det beste alternativet for miljøet av bevaring, grad av transformasjon, rehabilitering eller riving og nybygg
Generell kompetanse
Studenten:
- kan samarbeide i tverrfaglege team for å utvikle innovative og berekraftige løysningar for sirkularitet og gjenbruk i byggebransjen
- har forståing av både miljømessig og økonomisk kostnad og nytte av ombruk og gjenvinning av ressursar (folk, materiale og bygningar) og kan gjere ei vurdering av kva parameter som påverkar dei ulike vala
- kan reflektere og vurdere formålstenleg ombruk av materiale og komponentar
- kan bidra til økt ombruk og bevaring i bygge- og renovasjonsprosjekt
- kan formidle og gjere tilgjengeleg materiale og produkt for ombruk til andre aktørar
- har forståing av sirkulærøkonomiske prinsipp og mogelegheiter, og kan formidle dette til kollegaer og prosjektpartnarar
- har forståing for relasjonar mellom kost og nytte ved val og vurdering av ombruk
Vurdering
Eit prosjektarbeid i gruppe og ein individuell videopresentasjon
Emnekarakter settes etter ei heilhetleg vurdering
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 46 Time(r) | |
Egenstyrt aktivitet | 214 Time(r) |
Arbeidskrav
Lab-øvingar
Deltaking på bygningsbesøk
ei praktisk oppgåve i gruppe
Fagressursar
Læremateriell:
Mast, J., Unruh, F.V., Irrek, W. (2022): R-strategies as guidelines for the Circular Economy: rethink_22-03_r-strategien_EN.pdf (prosperkolleg.ruhr)
Hefte/ publikasjonar retta mot byggjebransjen :
Grøn byggallianse. Tenk deg om før du river
SINTEF (2021). Ombruk av byggematerialar-marked, drivere og barrierer
SINTEF (2022). Ombruk av byggematerialar- vialeder for dokumentasjon av ytelser
SINTEF Byggforskserien. https://www.byggforsk.no/byggforskserien
Norsk standard. www.standard.no
Tilleggslitteratur
Miljødirektoratet. https://www.miljodirektoratet.no/
ENOVA. https://www.enova.no/
FutureBuilt. https://www.futurebuilt.no
Grønn byggallianse (videomateriale). https://byggalliansen.no/
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Grøn omstilling i byggebransjen 2024