64TM06E Skipselektriske anlegg og kontroll installasjoner

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Maritime Fag
    • Studiepoeng
      15
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Nygård
    • Studieprogram
      Maritim maskinoffisersutdanning Nygård
    • Startsemester
      2025 Haust

Om emnet

5  sp.   Vedlikehold, overvåkning og feilsøking av elektrisk utstyr
5  sp.   Automasjon
5   sp.  Skipselektriske anlegg
 

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • Har kunnskap om forskrifter og prosedyrar for sikkert arbeid på høgspentanlegg, elektrisk og elektronisk utstyr om bord på eit skip.
  • Har kunnskap om feilsøking og gjenoppretting av elektrisk og elektronisk utstyr til normal driftstilstand om bord på eit skip.
  • Har kunnskap om prosedyrar for installasjon av høgspentanlegg, elektrisk og elektronisk utstyr om bord på eit skip.
  • Har kunnskap om forskrifter og normer som gjelder for skipselektriske anlegg.
  • Har kunnskap om oppbygging av skipsteknisk utstyr som inngår i høgspentanlegg, elektroanlegg, elektronikkanlegg, automasjonsanlegg og kraftproduserande utstyr om bord på eit skip.

Ferdigheter

Studenten:

  • Kan gjere reie for sine faglege val innan marin elektroteknologi, elektronikk og elektrisk utstyr, kraftelektronikk, automatiske kontrollutstyr og sikkerheitsinnretningar.
  • Kan reflektere over fagleg val under praktisk feilsøking og gjenoppretting av elektrisk og elektronisk utstyr til driftstilstand og justere seg inn under rettleiing.
  • Kan finne fram og lese lover og reglar, dokumentasjon og skjema for skipselektriske anlegg og vurdere relevansen for en problemstilling.
  • Kan betena elektriske og elektroniske anlegg og kontrollsystem om bord på skip.
  • Kan vurdere eige arbeid er i samsvar med normer og krav.
  • Kan levere ein normert rapport i.h.t. krav utferdiga for det temaet som rapporten gjeld.

Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan planlegge og gjennomføre arbeidsoperasjonar i samsvar med drifts handbøker, gjeldande elektriske forskrifter og etablerte regler og prosedyrar for å sikre trygge operasjonar på elektriske anlegg både aleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
  • Kan utveksle synspunkt med skipsbesetninga og delta i utvikling av god praksis både om bord og på land.
  • Kan leie skipets besetning i operasjon av skipselektrisk utstyr.
  • Kan utvikla sine ferdigheiter innanfor faget og har innsikt i eigne moglegheiter for kompetanseheving.

Undervisningsformer og aktivitet

  • Studentane arbeider sjølvstendig eller i grupper med oppgåvene, der lærar er tilgjengeleg for rettleiing ved kontakt.
  • Studentane har forelesingar, gruppearbeid og oppgåveløysing.
  • Studentane levere arbeidskrav og utføre labboppgåver knytt til stoffet.
  • Studentane deltar på demonstrasjonar og laboratorieøvingar. Studentane gjennomfører eigenvurdering og vurdering av medstudentar sine utførte oppgåver, øvingar og leveransar.

Klasserom, auditoriet og skulens andre fasilitetar (bl.a. grupperom, laboratorium).

Vurdering

Grunnlaget for avsluttande vurdering i emne omfattar elementa:

Eksamenskarakteren.

Eksamensform:

Skriftlig 5 timer skoleeksamen +praktisk del.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
Time(r)
Heiltid
Egenstyrt aktivitet
Time(r)
Heiltid

Arbeidskrav

Arbeidskrava vil være utformet som prøver, innleveringer, laboppgaver eller øvinger. Disse vurderes godkjent/ikkje godkjent. Alle arbeidskrav må være bestått for å kunne avlegge eksamen.

 

·         Semester 3 har 6 arbeidskrav som må være bestått.

·         Semester 4 har 3 arbeidskrav som må være bestått.

·         Emnet avsluttes med eksamen i semester 4.

·         Emnet vil gå over semester 3 og 4 av studiet «Maritim maskinoffiserutdanning Nygård» og det vil inngå prøver og øvingar som studentane skal delta i for å byggje opp kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Maritim maskinoffisersutdanning Nygård

Emneansvarlig

Kåre Pettersen
Egil Bjørkmann