Maskinoffiser på leiarnivå Nygård

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Maritime Fag
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Nygård
    • Studieform
      Heiltid
    • Startsemester
      2025 Haust

Maskinoffiser på leiarnivå Nygård

Antall studieplasser

30

Om studiet

Norge er blant dei leiande maritime nasjonar i verda. I dag er mange menneske direkte sysselsett i maritime bedrifter i alle fylker i landet, og verdiskapinga er høg. Eit viktig grunnlag for å oppretthalde og vidareutvikle våre sterke maritime sektorar er at norske skip eigast og drivast frå Noreg.

Behovet for maritimt personell må sjåast i eit langsiktig perspektiv, der kompetanse og erfaring opparbeidt i jobb på havet òg kan nyttast i landbaserte stillingar. Det vil derfor vere viktig å utvikle gode studietilbod i fagskulen som kan vedlikehalde og vidareutvikle den maritime kompetanse næringa har behov for.

Fagskulen Vestland, Studiestad Nygård tilbyr studie i maskinoffisersutdanning. Denne fagskuleutdanninga tilfredsstiller både STCW A-III/1 (og B-III/1) og STCW A-III/2 (og B-III/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for maskinoffiser klasse 4, 3, 2 og 1.

Studiet er to-årig, heiltid, og gir deg 120 studiepoeng,kompetanse til M¤ & M1 sertifikat og mogeligheit til å bygge på til maritim bachelorgrad.

Maskinoffisersutdanninga har følgande emne som studentane skal igjennom:

  • Maskineri
  • Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar
  • Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord
  • Vedlikehald og reparasjonar
  • Skipsteknikk og skipets stabilitet
  • Maritim engelsk
  • Fysikk
  • Matematikk
  • Norsk kommunikasjon

 

Læringsutbyte

Hensikta til studiet er å utdanne maskinoffiserar med moral, haldningar, kompetanse og yrkesetikk som kjenneteikn på den kvalitet som krevjast for å møte utfordringar i næringa.

Utdanninga skal sikre internasjonale og nasjonale krav til kompetanse ved at:

  • Opplæringa skal legge grunnlag for ei åtferd som gjer at helse, miljø og sikkerheit blir teke vare på.
  • Opplæringa skal gi studentane forståing for samspelet mellom teknikk, miljø og samfunn.
  • Opplæringa skal også bidra til å utvikle samarbeid, kommunikasjon og evne til å løyse problema.
  • Opplæringa skal gi studentane evne til sikre drift av framdriftsmaskiner og hjelpesystem og kunne lede mannskapet om bord.

Overordna læringsutbytte

«Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring» (NKR) ble i 2011 fastsett av Kunnskapsdepartementet. Dette er knytt til European Qualification Framework (EQF), noko som gjer det mogeleg å samanlikne kvalifikasjonar i alle EU-/EØS-land.

NKR beskriv ulike nivå av kvalifikasjonar i form av læringsutbytte. Læringsutbyttet skal beskrive kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som studentane oppnår ved fullført utdanning.

For alle utdanningar blir det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) både på overordna nivå og for kvart emne i utdanninga.

Utdanninga maskinoffiser er ei toårig utdanning på fagskulenivå, og høyrer heime på nivå 5.2 i NKR.

For utfyllande informasjon om NKR sjå: www.regjeringen.no og www.nokut.no.

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om konstruksjon, reparasjonar, vedlikehald og drift av maskineri med tilhøyrande verktøy og system om bord på skip tilsvarande krav satt i STCW for maskinsjef, førstemaskinist og vakthavende maskinist.
  • har kunnskap om økonomi og leiing, norsk, matematikk, fysikk og engelsk for å leie teknisk drift og operasjon av skip.
  • kan vurdere eige arbeid som leiiande maskinoffiser i forhold til IMOs konvensjonar, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter.
  • kjenner til skipsfartens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet både nasjonalt og internasjonalt.
  • har kunnskapar om skipsfart og rolla til maskinoffiseren.
  • kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap om miljø, sikkerheit og skipsteknisk drift.
  • har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter i bedrifta, hos verft og utstyrsleverandørar samt liknande yrker.

Ferdigheter

Studenten:

  • kan gjere reie for sine faglege val av materialar, metodar, prosesser og teknikkar i leiinga under reparasjonar, vedlikehald og teknisk drift av skipet.
  • kan reflektere over sin eigen utøving som maskinoffiser ved å kartlegge ein situasjon, gjennomføre ei analyse og justere denne under rettleiing.
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter for å vurdere relevansen for yrkesfaglege problemstillingar som oppstår ved den skipstekniske drifta.
  • kan kartlegge ein situasjon som oppstår i maskinrommet eller ved andre driftssystem om bord, identifisere problemet og finne behov for iverksetting av tiltak.

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan planlegge og gjennomføre oppgåver og prosjekter innan skipsteknisk drift, åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer for kvalitet, teknologi og miljø både nasjonalt og internasjonalt.
  • kan utføre arbeid med drift, overvaking og vedlikehald av maskiner, elektriske og elektroniske anlegg etter lover, forskrifter, produsenten sine anbefalingar og anerkjente prinsipp og framgangsmåtar.
  • kan utføre arbeid med omsorg for skip, personar og miljø etter lovverk og anerkjent sikkerheitspraksis.
  • kan utføre arbeid som involverer økonomi og leiing, norsk, matematikk, fysikk og engelsk som er relevant for ein maskinoffiser.
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan skipsteknisk drift, samt eksterne målgrupper som leverandørar, myndigheiter og klasseselskap, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis ved drift, vedlikehald og operasjon av skip.
  • kan bygge relasjonar med fagfellar gjennom sitt arbeid i eit lokalt og globalt perspektiv på tvers av fag, samt med leverandørar av varer og tenester
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved å holde seg oppdatert på skipsfartens rolle i samfunnet og ny teknologi som kan føre til nyskapning og innovasjon.

 

Opptak

Det generelle grunnlaget for opptak er:

  1. fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev som motormann/skipsmotormekanikar.
  2. Gyldig grunnleggende sikkerhetskurs 

 

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er den relevante kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.

  • For søkarar til maskinoffisersutdanninga er det krav om minimum 36 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy.

All praksis, utdanning og andre forhold som skal gje grunnlag for opptak, må dokumenterast med attesterte kopiar. Attestar for praksis må angje lengda på arbeidsforhold, stillingsprosent og arbeidsinnhald. Attestar må vidare vere datert for å kome i betraktning. Attestar reknast berre fram til datoen dei er skrivne ut, sjølv om søkaren sjølv opplyser at arbeidsforholdet fortset utover dette tidspunktet.

Arbeidsmengde i Maritim Maskinoffisersutdanning Nygård 2025

EmnebeskrivelseEigenstyrt
aktivitet
Organisert
pedagogisk
aktivitet
Timeplanfesta
timer
Sum
00TM06D N Vedlikehald og reparasjonar 1060149255
64TM06A Sjørett59083142
64TM06F Maskineri 1, studieår1772480425
64TM06D Elektriske og elektroniske anlegg grunnleggende01980198
00TM06G N Fysikk71099170
00TM06H N Matematikk71099170
00TM06E N Skipsteknikk og skipets stabilitet1230132255
00TM06I N Norsk kommunikasjon 59083142
00TM06F N Maritim engelsk 59083142
64TM06G Maskineri, 2 studieår2243140538
64TM06E Skipselektriske anlegg og kontroll installasjoner1770248425
64TM06B Leiing1300182312
64TM06C Økonomi og rederidrift3505085
Sum129176012083259
Maritim Maskinoffisersutdanning Nygård 2025

Maritim Maskinoffisersutdanning Nygård 2025

Studiemodell

Maritim Maskinoffisersutdanning Nygård 2025
EmneType2025 H2026 V2026 H2027 VSum
Konvensjonsemne
3339
Konvensjonsemne
2.52.55
Konvensjonsemne
7815
Konvensjonsemne
6612
Reiskapsemne
336
Reiskapsemne
336
Konvensjonsemne
448
Reiskapsemne
235
Konvensjonsemne
246
Konvensjonsemne
91019
Konvensjonsemne
7815
Konvensjonsemne
5611
Konvensjonsemne
33

Læringsformer

Læringsaktivitetar:

Skulen vil nytta følgande læringsaktivitetar for at studentane skal nå overordna læringsutbytte for utdanninga:

  • Lærarstyrt undervisning og førelesingar i klasserom
  • Simulatorbruk
  • Praktisk arbeid i skule
  • Praktiske demonstrasjonar med logg og refleksjon
  • Individuelle arbeidsoppgåver
  • Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både i grupper og individuelt)
  • Presentasjonar
  • Bedriftsbesøk og studieturar
  • Diskusjonar

Simulatorbruk:

Maskinromsimulatoren blir nytta gjennom begge skuleåra.

Korleis den er tenkt brukt og kva den kan bidra med for å støtte læringsutbytte:

  • Simulere åtferd, haldningar og engelsk kommunikasjon med IMO standarduttrykk til den som gjennomgår opplæringa (ERM/leiing)
  • Simulere eit sanntidsmiljø for sjøgåande fartøy og hamneoperasjonar, med kommunikasjonseiningar og simulering av aktuelle hovud- og hjelpeframdriftsmaskineri, utstyr og kontrollpanel.
  • Simulere relevante delsystem som skal inkludere, men ikkje avgrense til, slik som kjele, styremaskin, elektrisk kraft generelt og distribusjonssystem, herunder nødstrømforsyning, drivstoff, kjølevatn, nedkjøling, lense- og ballastsystem.
  • Simulere og evaluere motoryting og fjernmålingssystem.
  • Simulere og legge inn feil i på maskineriet.
  • Simulere at dei variable ytre forhold endrast, slik at dei kan påverke operasjonar, slik som vêr, djupgangen til fartøyet, sjøvass- og lufttemperaturar.
  • Simulere at instruktørstyrte ytre forhold endrast.
  • Simulere at instruktørstyrt simulator dynamikk endrast, slik som nødssituasjon og skipet sin respons.
  • Simulere isolering av visse prosesser som elektrisk-, brennolje, smøreoljesystem, kjølevatn- og dampsystem for å utføre bestemte oppgåver.

 Rettleiing

Det er viktig for fagleg utvikling at studentane får god rettleiing frå skulen; både for å sjå heilskapen i utdanninga og til sjølvstendig arbeid.  Emnelærar vil gi tilbakemeldingar og rettleiing knytt til arbeidskrava i emnet.

Fagsamtalar skal skje etter behov.

Undervisningsformer

Undervisningsformene i studiet er relevante for fagfeltet og hensiktsmessige i høve læringsutbyttet for utdanninga. Det vert lagt stor vekt på å nytta varierte læringsaktivitetar og ei praktisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.

I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Skulen forventar at studentane viser initiativ, tar ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og viser ei konstruktiv og kritisk haldning til studieopplegget. Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde frå tidlegare utdanning/praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon omkring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er nødvendig for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Undervisning i skulen

Det vert førelesningar og gjennomgang av teori, spesielt knytt til presentasjon av basiskunnskapar. Til dette vert det nytta tavle, presentasjonar, video/nett, diskusjonar og dialogundervisning for å få variasjon og deltaking frå studentane.

Studiet legg vekt på å knyta teorien til praktiske demonstrasjonar og øvingar på skulen sine simulatorar. Desse aktivitetane vert gjennomført av emnelærarane.

Det vert nytta prosjektarbeid som læringsaktivitet i nokon emne, både individuelt og i grupper, tilpassa tema. Nokre prosjektarbeid vert avslutta med presentasjonar. 

Studentane skal arbeide med teoretiske oppgåver, dokumentere demonstrasjonar og praksis med logg og refleksjon, samt diskusjonar i klassen.

Læringsaktivitetane skal gjennom pedagogisk leiing motivere studentane til sjølvstendig og aktiv refleksjon over eigen læringsprosess og bidra til at læringsutbytta for studiet vert nådd.

Vurdering

Fagskulen Vestland, Studiestad Nygård har obligatoriske læringsaktiviteter (OLA) i alle emne. Dette er gjort for å sikre progresjonen i læringa. I tillegg skal OLA`ene bidra til ein jamnare arbeidsinnsats gjennom semesteret.

Obligatoriske læringsaktiviteter ved Fagskulen Vestland, Studiestad Nygård er rekna som ein serie av obligatoriske krav til arbeid som blir gjennomført som del av det pedagogiske opplegget i emnet. Studenten må ha gjort, og fått godkjent disse, for å få gå opp til eksamen. OLA\ er kan bestå av obligatoriske innleveringar, munnlege framlegg, undervisning, prøver, praksis og liknande.

Arbeidskrava som blir gitt som innlevering/hjemarbeid blir vurdert med godkjent/ikkje godkjent.

 

Sluttvurdering

 

Vurdering skal organiserast og gjennomførast i tråd med reglementet ved utdanningstilbodet og regel I/6 i STCW-konvensjonen.

Vurderingar skal ta utgangspunkt i heilskapen og spegle kompetansen til studenten sett i forhold til dei måla og kriteriene som er gitt.

Emnekode Fag Eksamenform Gjennomføres
64TM06F Maskineri 1 studieår 5 Timers skriftlig. 2 semester
64TM06G Maskineri 2 studieår 5 Timers skriftlig 4 semester
64TM06D Elektriske og elektroniske anlegg grunnleggende 5 timers skriftlig. 2.semester
64TM06E Skipselektriske anlegg og kontroll innstallasjoner 5 timers skriftlig. 4 semester
00TM06D Vedlikehald og reparasjoner 4 timers skriftlig. 3 semester
64TM06A Sjørett Muntlig 2.semester
64TM06B Ledelse 5 timers skriftlig skoleeksamen                                                 4.semester
64TM06C Økonomi og rederidrift 3 timers skriftlig skoleeksamen. 4.semester
00TM06E Skipsteknikk og skipets stabilitet 4 timers skriftlig skoleeksamen. 3.semester
00TM05I Norsk 4-timers skriftleg hjemmeeksamen. 3.semester
00TM05F Maritim engelsk Muntlig 3.semester
00TM05G Fysikk 5 timer skriftlig skoleeksamen. 2.semester
00TM05H Matematikk 5 timer skriftlig skoleeksamen. 2.semester

 

Arbeidskrava er beskrive under det enkelte emne og skal til saman dekke læringsutbyttebeskrivingane til emnet. I dei tilfelle kor arbeidskrava ikkje har vore individuelle, skal det i tillegg gjennomførast ei individuell vurdering i etterkant.

Studentar som skal framstille seg til eksamen i eit emne må ha bestått emnet. Eksamen er nærare beskrive i skulen sitt eksamensreglement. 

 

Det føreligg helsekrav for offiserar og mannskap som skal tenestegjere på skip. Helsekrava er spesifisert i «Forskrift om helseundersøkelse av arbeidstakaren på skip» FOR 2001-10-19 nr. 1309. Denne fagskuleutdanninga tilfredsstiller både STCW A-III/1 (og B-III/1) og STCW A-III/2 (og B-III/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for maskinoffiser klasse 4, 3, 2 og 1. All undervisning og vurdering er i tråd med STCW-konvensjonen sin regel I/6 og

Sluttdokumentasjon

Studenten får vitnemål når emna for studiet er bestått med emnekarakter og eksamen.

Studenten får tittelen: Fagskulekandidat

For at vitnemålet skal fungere internasjonalt, skal omgrepet Vocational Diploma (VD) stå på vitnemålet.

Vitnemålet skal innehalde:

  • Emne som inngår i utdanninga
  • Omfang av emne og oppnådd emnekarakter og eksamenskarakter
  • Overordna læringsutbytte
  • Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk 5.2 og kvalifikasjonen som er oppnådd
  • Karaktersystemet som vert nytta og tal studiepoeng
  • Namn på utdanninga

Om delar av utdanninga ikkje er bestått, får studenten karakterutskrift.

Litteratur- og utstyrsliste

Maritim Maskinoffisersutdanning Nygård 2025

EmnebeskrivelseLitteratur- og utstyrsliste
00TM06D N Vedlikehald og reparasjonar

Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner.

Skipsmaskineri - Drift og vedlikehald Del 1, Marfag

Skipsmaskineri - Drift og vedlikehald Del 2, Marfag

Diverse kompendia

64TM06A Sjørett

Sjørett

Lærebok

Forfatter

Utgivelse

ISBN

Sjørett og økonomi

P. Aasmundseth

 

4. utg, 2022

9788279972365

 

Sjørett og økonomi,  oppgavesamling

P. Aasmundseth

 

1. utg, 2013

9788292284773

64TM06F Maskineri 1, studieår

Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 1, Marfag Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 2, Marfag Skipsutstyr og hjelpesystem, Svein Erik Pedersen

Diverse kompendier

Simulator.

64TM06D Elektriske og elektroniske anlegg grunnleggende

Elektrofag og elsikkerhet

PED TEC AS  ISBN 978-82-93002-80-6 (6. opplag og må kjøpes på nettsiden til PED TEC AS)

00TM06G N Fysikk

Fysikk for fagskolen T. Ekern, Ø. Guldahl 2009 ISBN 9788256269518

00TM06H N Matematikk

Matematikk for fagskolen T. Ekern, Ø. Guldahl 2020 ISBN 9788245034196

00TM06E N Skipsteknikk og skipets stabilitet

LitteraturlisteSkipsteknikk og skipets stabilitet

·         Skipsteknikk – Ansgar Lund

Diverse fagkompndier frå Marfag.no

00TM06I N Norsk kommunikasjon

Norsk kommunikasjon

Lærebok Forfatter Utgivelse ISBN
 Norsk for Ingeniører T.M. Talmo, A. Stifoss-Hanssen og A. Ulstein  3.utg., 2022 9788215063171 
00TM06F N Maritim engelsk

Maritim engelsk

LÆREBOK FORFATTER UTGIVELSE ISBN
 K16 Textbook Maritime English. Engine Officers  T. Amundsen, I. Slinning og B. Skar  2017 Tilgjengelig på Marfag.no 

Maritime Standarduttrykk 

Sjøfartsdirektoratet  2.utg., 1999

9788200424017 

Tilgjengelig på nett på www.nb.no

Ship Knowledge   DOKMAR MARITIME PUBLISHERS B.V.   10.utg., 2020 978-90-71500-40-4
64TM06G Maskineri, 2 studieår

Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 1, Marfag Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 2, Marfag Skipsutstyr og hjelpesystem, Svein Erik Pedersen

Diverse kompendia

Simulator.

64TM06E Skipselektriske anlegg og kontroll installasjoner

Elektroteknikk med elektronikk og styringsteknikk skipsteknisk drift

Kristiansen, Alf

ISBN: 9788205294974

 

Maritime elektriske anlegg skipselektriske anlegg
Libak, Håkon Rasmussen, Rolv

ISBN: 9788278970430

 

Måle- og reguleringsteknikk alarm- og sikringssystemer : maritime elektriske anlegg
Rolfsnes, Nils Andreas 

ISBN: 9788205295063

Bokkjøp avtales med faglærer

 

 

64TM06B Leiing

Lærebok

Forfatter

Utgivelse

ISBN

Fartøyledelse og kontroll av skipets drift

 

O. J. Borch

 

1. utg, 2016

   9788245020908

 

Kontroll av skipets drift og omsorg for personer ombord

R. Hagerupsen

1. utg, 2019

 978-82-93766-00-1

Tilgjengelig på Marfag.no

Diverse kompendier på læringsplattformen

 

 

 

64TM06C Økonomi og rederidrift

Økonomi og rederidrift

Lærebok

Forfatter

Utgivelse

ISBN

Sjørett og økonomi

P. Aasmundseth

 

4. utg, 2022

9788279972365

 

Sjørett og økonomi, oppgavesamling

P. Aasmundseth

 

1. utg, 2013

9788292284773