Maritim maskinoffisersutdanning Nygård

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Maritime Fag
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Nygård
    • Studieform
      Heiltid
    • Startsemester
      2024 Haust

Maritim maskinoffisersutdanning Nygård

Antall studieplasser

30

Kunnskap

Studenten

  1. har kunnskap om konstruksjon, reparasjonar, vedlikehald og drift av maskineri med tilhøyrande verktøy og system om bord på skip tilsvarande krav satt i STCW for maskinsjef og førstemaskinist.
  2. har kunnskap om konstruksjon, reparasjonar, vedlikehald og drift av elektriske og elektroniske anlegg med tilhøyrande verktøy og system om bord på skip tilsvarande krav satt i STCW for maskinsjef og førstemaskinist.
  3. har kunnskap om økonomi og leiing, norsk, matematikk, fysikk og engelsk for å lede teknisk drift og operasjon av skip.
  4. kan vurdere eige arbeid som leiende maskinoffiser i forhold til IMOs konvensjonar, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter.
  5. kjenner til skipsfartens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet både nasjonalt og internasjonalt.
  6. har kunnskapar om skipsfart og ein maskinoffisers rolle i yrkesfeltet.
  7. kan oppdatere sin yrkesfaglige kunnskap om miljø, sikkerheit og skipsteknisk drift.
  8. har innsikt i eigne utviklings muligheiter i bedrifta, hos verft og utstyrsleverandører, samt liknande yrker.

Ferdigheter

Studenten

  1. kan gjøre reie for sine faglige val av materialar, metodar, prosesser og teknikkar i leiinga av skipets reparasjonar, vedlikehald og teknisk drift.
  2. kan reflektere over sin eigen utøving som leiande maskinoffiser ved å kartlegge ein situasjon, gjennomføre ei analyse og justere denne under rettleiing.
  3. kan finne og vise til informasjon og fagstoff, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter for å vurdere relevansen for yrkesfaglige problemstillingar som oppstår ved den skipstekniske drifta.
  4. kan kartlegge ein situasjon som oppstår i maskinrommet eller ved andre driftssystem om bord, identifisere problemet og finne behov for iverksetting av tiltak.

Generell kompetanse

Studenten

  1. kan planlegge og gjennomføre oppgåver og prosjekter innan skipsteknisk drift, åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer for kvalitet, teknologi og miljø både nasjonalt og internasjonalt.
  2. kan utføre arbeid med drift, overvaking og vedlikehald av maskiner, elektriske og elektroniske anlegg i tråd med lover, forskrifter, produsentens anbefalingar og anerkjente prinsipp og framgangsmåtar.
  3. kan utføre arbeid med omsorg for skip, personer og miljø i tråd med lovverk og anerkjent sikkerheitspraksis.
  4. kan utføre arbeid som involverer økonomi og leiing, norsk, matematikk, fysikk og engelsk som er relevant for ein leiende maskinoffiser.
  5. kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan skipsteknisk drift, samt eksterne målgrupper som leverandører, myndigheter og klasseselskap, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis ved drift, vedlikehald og operasjon av skip.
  6. kan bygge relasjonar med fagfeller gjennom sitt arbeid i eit lokalt og globalt perspektiv på tvers av fag, samt med leverandører av varer og tenester
  7. kan bidra til organisasjonsutvikling ved å holde seg oppdatert på skipsfartens rolle i samfunnet og ny teknologi som kan føre til nyskapning og innovasjon.

Opptak

 

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.

  • For søkarar til maskinoffisersutdanninga er det krav om minimum 30 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy.
  • Relevant og bestått utdanning innanfor motormannfag kan telle med inntil to år.

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Organisering av studiet

Dei neste tabellane gjev informasjon om emneoversikt, arbeidsbelastning og gjennomføring av ordinær utdanning.

Emna byggjer på dei nasjonale planane etter namnet og studiepoeng i kvart emne. Undervisning i tabellane inkluderer forelesing, oppgåveløysing, gruppe- og prosjektarbeid og laboratoriearbeid.

Gjennomføring

Følgande referansar ligg til grunn for at studentane skal få løyst sertifikat som resultat av studiet sitt to årige løp:

Leiingsnivå refererer til STCW 78 med endringar kapittel A-III/1 og B-III/1 samt tabell A-III/2 og kapittel A-III/2 og B-III/2 samt tabellane A-III/1 og A-III/2 i forskrifta.

Eit studiepoeng tilsvara 22 timer à 45 minuttar.

Studiets omfang

Normert arbeidsmengde pr. studieår for dette studiet er 1714,5 timer pr. år (samla 3429 timer), som fordeler seg på følgande måte: 16,5 timer (à 45 minutter) pr. studiepoeng til planlagde aktiviteter i regi av skulen og 11,8 timer pr. studiepoeng som studenten tilrettelegg for sjølv.

 

 

Emne- kode

 

 

Emnetype

 

 

Emnebeskriving

 

 

Ref. - STCW

 

 

SP

 

Organisert pedagogisk aktivitet

(timer)

Berekna eigen- studie

 

 

SUM

64TM06F

Konvensjons-

emne

Maskineri 1 år

A-III/1, B-III/1

A-III/2, B-III/2

15

248

177

425

64TM06G

Konvensjons-

Emne

Maskineri 2 år

A-III/1, B-III/1

A-III/2, B-III/2

19 314 224 538
64TM06D

Konvensjons-

Emne

Elektriske og elektroniske

anlegg grunnleggende

A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2 12 198 142 340

 

64TM06E

Konvensjons- emne

Skipselektriske anlegg og

kontroll innstallasjoner

A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2

 

15

 

248

 

177

 

425

 

64TM06B

Konvensjons- emne

Ledelse

A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2

 

11

 

182

 

130

 

312

00TM06D

Konvensjons-

emne

Vedlikehald og

reparasjonar

A-III/1, B-III/1

A-III/2, B-III/2

9

149

106

255

00TM06E

Konvensjons-

emne

Skipsteknikk og skipets

stabilitet

A-III/1, B-III/1

A-III/2, B-III/2

8

132

123

227

00TM06F

Konvensjons-

emne

Maritim engelsk

A-III/1, B-III/1

A-III/2, B-III/2

6

99

71

170

00TM06G

Reiskapsemne

Fysikk

 

6

99

71

170

00TM06H

Reiskapsemne

Matematikk

 

6

99

71

170

00TM06I

Reiskapsemne

Norsk kommunikasjon

 

5

83

59

142

64TM06A

Konvensjons-

emne

Sjørett

A-III/1, B-III/1

A-III/2, B-III/2

5 83 59 142
64TM06C

Konvensjons-

emne

Økonomi og rederidrift

A-III/1, B-III/1

A-III/2, B-III/2

3 50 35 85

Sum to studieår

120

1984

1445

3429

Maskinoffiser 2024-2026 Nygård

Maskinoffiser 2024-2026 Nygård

Studiemodell

Maskinoffiser 2024-2026 Nygård
EmneType2024 H2025 V2025 H2026 VSum
Konvensjonsemne
3339
Konvensjonsemne
2.52.55
Konvensjonsemne
7815
Konvensjonsemne
6612
Reiskapsemne
336
Reiskapsemne
336
Konvensjonsemne
448
Konvensjonsemne
246
Reiskapsemne
235
Konvensjonsemne
91019
Konvensjonsemne
7815
Konvensjonsemne
5611
Konvensjonsemne
33

Undervisningsformer

Undervisningsformene i studiet skal vere relevante for fagfeltet og hensiktsmessige i høve læringsutbytte for utdanninga. Det vert lagt stor vekt på å nytta varierte læringsaktiviteter og ei praktisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.

I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Skulen forventar at studentane viser initiativ, tar ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og viser ei konstruktiv og kritisk haldning til studieopplegget. Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde frå tidlegare utdanning/praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon omkring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er nødvendig for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Undervisning

Det vert førelesningar og gjennomgang av teori, spesielt knytt til presentasjon av basiskunnskapar. Til dette vert det nytta tavle, presentasjonar, video/nett, diskusjonar og dialogundervisning for å få variasjon og deltaking frå studentane.

Studiet legg vekt på å knyta teorien til praktiske demonstrasjonar og øvingar på skulen sine simulatorar. Desse aktivitetane vert gjennomført av emnelærarane.

Det vert nytta prosjektarbeid som læringsaktivitet i nokon emne, både individuelt og i grupper, tilpassa tema. Nokre prosjektarbeid vert avslutta med presentasjonar.

Studentane skal arbeide med teoretiske oppgåver, dokumentere demonstrasjonar og praksis med logg og refleksjon, samt diskusjonar i klassen.

Læringsaktivitetane skal gjennom pedagogisk leiing motivere studentane til sjølvstendig og aktiv refleksjon over egne læringsprosess og bidra til at læringsutbytta for studiet vert nådd.

Læringsaktiviteter:

Skolen vil nytta ulike læringsaktiviteter for at studentane skal nå overordna læringsutbytte for utdanninga:

  • Lærarstyrt undervisning og førelesningar i klasserom Simulatorbruk
  • Praktiske demonstrasjonar med logg og refleksjon
  • Individuelle arbeidsoppgåver
  • Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både gruppe og individuelt)
  • Presentasjonar
  • Bedriftsbesøk og studieturar
  • Diskusjonar

 

Simulatorbruk:

Simulatoren blir nytta gjennom begge skuleåra.

Korleis den er tenkt brukt og kva den kan bidra med for å støtte læringsutbytte:

  • Simulere åtferd haldningar og engelsk kommunikasjon med IMO standarduttrykk til den som gjennomgår opplæringa (ERM/leiing)
  • Simulere eit «real-time miljø» for sjøgåande og hamneopperasjonar, med kommunikasjons einingar og simulering av aktuelle hovud- og hjelpeframdriftsmaskineri, utstyr og kontrollpaneler.
  • Simulere relevante delsystem som skal inkludere, men ikkje avgrense til. Kjele, styremaskin, elektrisk kraft generelt og distribusjonssystem, derunder nødstrømforsyning, drivstoff, kjølevann, nedkjøling, lense og ballastsystem.
  • Simulere og evaluere motoryting og fjernmålingssystem.
  • Simulere/legge inn feil i på maskineriet.
  • Simulere at ytre forhold endrast.
  • Simulere isolering av visse prosesser som bl.a. elektrisk-, brennolje-, smøreolje-, kjølevatn- og dampsystemer for å utføre bestemte oppgåver.

 

Rettleiing

Det er viktig for fagleg utvikling at studentane får god rettleiing frå skulen; både for å sjå heilskapen i utdanninga og til sjølvstendig arbeid. Emnelærar vil gi tilbakemeldingar og rettleiing knytt til arbeidskrava i emnet.

Fagsamtaler skal skje etter behov.

Læringsplattform

Fagskulen i Vestland nyttar læringsplattforma It`s Learning med Zoom som eit digitalt klasserom der ein kan samarbeide uavhengig av tid og stad. It`s Learning med Zoom, har funksjonar til å ivareta både all informasjonsflyt, planar og fagstoff i alle emna. Plattforma har god funksjonar for å lage individuelle oppgåver, testar og prøver.

Studenten må disponere eigen PC og kunne nytte vanlege dokumentasjonsverktøy.

Vurdering

Fagskulen Vestland har obligatoriske arbeidskrav i alle emne. Dette er gjort for å sikre progresjonen i læringa. Arbeidskrav er rekna som ein serie av obligatoriske krav om arbeid som blir gjennomført som del av det pedagogiske opplegget i emnet. Studenten må ha gjort, og fått godkjent, arbeidskrava for å få gå opp til eksamen. Arbeidskrav kan bestå av obligatoriske innleveringar, munnlege framlegg, undervisning, praksis og liknande.

I dei tilfelle kor arbeidskrava ikkje har vært individuelle skal det i tillegg gjennomførast ei individuell vurdering i etterkant.

Dersom arbeidskrava ikkje er levert innan fastsatt frist beskrive i framdriftsplanen, reknast dette som eit forsøk. Fristen for andre forsøk er innen ti (10) yrkedagar frå innleveringsfrist for første forsøk. 

Studenten har to forsøk på å få et arbeidskrav godkjent. I særlige tilfelle kan studenten søke rektor om et tredje forsøk innen 5 dager etter at studenten er blitt kjent med resultatet fra forsøk nr 2, eller burde ha gjort seg kjent med dette.

Alle arbeidskrav må vere bestått for å gå opp til eksamen.

Sluttvurdering

Vurdering skal organiserast og gjennomførast i tråd med reglementet ved utdanningstilbodet og regel I/6 i STCW-konvensjonen.

Vurderingar skal ta utgangspunkt i heilskapen og spegle kompetansen til studenten sett i forhold til dei måla og kriteriene som er gitt.

Emnekode Fag Eksamenform Gjennomføres
64TM06F Maskineri 1 studieår 5-timers skriftlig. 2 semester
64TM06G Maskineri 2 studieår 2-dagers individuell hjemme eksamen med muntlig høring og praktisk gjennomføring på simulator. 4 semester
64TM06D Elektriske og elektroniske anlegg grunnleggende 5-timers skriftlig. 2.semester
64TM06E Skipselektriske anlegg og kontroll innstallasjoner 5-timers skriftlig. 4 semester
00TM06D Vedlikehald og reparasjoner 5-timers skriftlig. 3 semester
64TM06A Sjørett To-dagers hjemmeeksamen. 1.semester
64TM06B Ledelse To-dagers hjemmeeksamen med påfølgende muntlig eksamen. 4.semester
64TM06C Økonomi og rederidrift 3-timers skriftlig skoleeksamen. 4.semester
00TM06E Skipsteknikk og skipets stabilitet 4-timers skriftlig skoleeksamen. 3.semester
00TM05I Norsk 4-timers skriftlig skoleeksamen 3.semester
00TM05F Maritim engelsk Muntlig eksamen 3.semester
00TM05G Fysikk 5-timers skriftlig skoleeksamen. 2.semester
00TM05H Matematikk 5-timers skriftlig skoleeksamen. 2.semester

 

Arbeidskrava er beskrive under det enkelte emne og skal til saman dekke læringsutbyttebeskrivingane til emnet. I dei tilfelle kor arbeidskrava ikkje har vore individuelle, skal det i tillegg gjennomførast ei individuell vurdering i etterkant.

Studentar som skal framstille seg til eksamen i eit emne må ha bestått emnet. Eksamen er nærare beskrive i skulen sitt eksamensreglement. 

 

Det føreligg helsekrav for offiserar og mannskap som skal tenestegjere på skip. Helsekrava er spesifisert i «Forskrift om helseundersøkelse av arbeidstakaren på skip» FOR 2001-10-19 nr. 1309. Denne fagskuleutdanninga tilfredsstiller både STCW A-III/1 (og B-III/1) og STCW A-III/2 (og B-III/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for maskinoffiser klasse 4, 3, 2 og 1. All undervisning og vurdering er i tråd med STCW-konvensjonen sin regel I/6 og

 

 

Sluttdokumentasjon

Fullført og bestått fagskuleutdanning på 120 stp gir vitnemål og ein høgare fagskulegrad.

Vitnemålet skal innehalda:

  • Emne som inngår i utdanninga.
  • Omfang av emne og oppnådd karakter.
  • Overordna læringsutbytte.
  • Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
  • Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
  • Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.

Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.

 Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.

 

Pensumliste

Maskinoffiser 2024-2026 Nygård

EmnebeskrivelsePensumliste
00TM06D N Vedlikehald og reparasjonar

Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner.

Skipsmaskineri - Drift og vedlikehald Del 1, Marfag

Skipsmaskineri - Drift og vedlikehald Del 2, Marfag

 

Diverse kompendia

64TM06A Sjørett

Sjørett

Lærebok

Forfatter

Utgivelse

ISBN

Sjørett og økonomi

P. Aasmundseth

 

4. utg, 2022

9788279972365

 

Sjørett og økonomi,  oppgavesamling

P. Aasmundseth

 

1. utg, 2013

9788292284773

64TM06F Maskineri 1, studieår

Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 1, Marfag Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 2, Marfag Skipsutstyr og hjelpesystem, Svein Erik Pedersen

Diverse kompendier

Simulator.

64TM06D Elektriske og elektroniske anlegg grunnleggende
00TM06G N Fysikk

Fysikk for fagskolen T. Ekern, Ø. Guldahl 2009 ISBN 9788256269518

00TM06H N Matematikk

Matematikk for fagskolen T. Ekern, Ø. Guldahl 2020 ISBN 9788245034196

00TM06E N Skipsteknikk og skipets stabilitet

LitteraturlisteSkipsteknikk og skipets stabilitet

·         Skipsteknikk – Ansgar Lund

Diverse fagkompndier frå Marfag.no

00TM06F N Maritim engelsk

Maritim engelsk

LÆREBOK FORFATTER UTGIVELSE ISBN
 K16 Textbook Maritime English. Engine Officers  T. Amundsen, I. Slinning og B. Skar  2017 Tilgjengelig på Marfag.no 

Maritime Standarduttrykk 

Sjøfartsdirektoratet  2.utg., 1999

9788200424017 

Tilgjengelig på nett på www.nb.no

Ship Knowledge   DOKMAR MARITIME PUBLISHERS B.V.   10.utg., 2020 978-90-71500-40-4
00TM06I N Norsk kommunikasjon

Norsk kommunikasjon

Lærebok Forfatter Utgivelse ISBN
 Norsk for Ingeniører T.M. Talmo, A. Stifoss-Hanssen og A. Ulstein  3.utg., 2022 9788215063171 
64TM06G Maskineri, 2 studieår

Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 1, Marfag Skipsmaskineri - Drift og vedlikehold Del 2, Marfag Skipsutstyr og hjelpesystem, Svein Erik Pedersen

Diverse kompendia

Simulator.

64TM06E Skipselektriske anlegg og kontroll installasjoner
64TM06B Ledelse
64TM06C Økonomi og rederidrift

Økonomi og rederidrift

Lærebok

Forfatter

Utgivelse

ISBN

Sjørett og økonomi

P. Aasmundseth

 

4. utg, 2022

9788279972365

 

Sjørett og økonomi, oppgavesamling

P. Aasmundseth

 

1. utg, 2013

9788292284773