64TM06D Elektriske og elektroniske anlegg grunnleggende
Emnefakta
- FagområdeMaritime Fag
- Studiepoeng12
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadNygård
- StudieprogramMaritim maskinoffisersutdanning Nygård
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
4 sp Elektroteknikk
4 sp Automasjon
4 sp Skipselektriske anlegg
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- Har grunnleggende kunnskap om forskrifter og prosedyrar for sikkert arbeid på elektrisk og elektronisk utstyr om bord på eit skip.
- Har grunnleggende kunnskap om feilsøking og gjenoppretting av elektrisk og elektronisk utstyr til normal driftstilstand om bord på eit skip.
- Har grunnleggende kunnskap om prosedyrar for installasjon av elektrisk og elektronisk utstyr om bord på eit skip.
- Har kunnskap om forskrifter og normer som gjelder for skipselektriske anlegg.
- Har grunnleggende kunnskap om oppbygging av skipsteknisk utstyr som inngår i elektroanlegg, elektronikkanlegg, automasjonsanlegg og kraftproduserande utstyr om bord på eit skip.
Ferdigheter
Studenten:
- Kan gjere reie for sine faglege val innan marin elektroteknologi, elektronikk og elektrisk utstyr, kraftelektronikk, automatiske kontrollutstyr og sikkerheitsinnretningar.
- Kan finne fram og lese lover og reglar, dokumentasjon og skjema for skipselektriske anlegg og vurdere relevansen for en problemstilling.
- Kan betena elektriske og elektroniske anlegg og kontrollsystem om bord på skip.
- Kan vurdere eige arbeid er i samsvar med normer og krav.
- Kan levere ein normert rapport i.h.t. krav utferdiga for det temaet som rapporten gjeld.
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan planlegge og gjennomføre arbeidsoperasjonar i samsvar med drifts handbøker, gjeldande elektriske forskrifter og etablerte regler og prosedyrar for å sikre trygge operasjonar på elektriske anlegg både aleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
- Kan utveksle synspunkt med skipsbesetninga og delta i utvikling av god praksis både om bord og på land.
- Kan utvikla sine ferdigheiter innanfor faget og har innsikt i eigne moglegheiter for kompetanseheving.
Undervisningsformer og aktivitet
• Studentane arbeider sjølvstendig eller i grupper med oppgåvene, der lærar er tilgjengeleg for rettleiing ved kontakt.
• Studentane har forelesingar, gruppearbeid og oppgåveløysing.
• Studentane levere arbeidskrav og utføre labboppgåver knytt til stoffet.
• Studentane deltar på demonstrasjonar og laboratorieøvingar. Studentane gjennomfører eigenvurdering og vurdering av medstudentar sine utførte oppgåver, øvingar og leveransar.
Klasserom, auditoriet og skulens andre fasilitetar (bl.a. grupperom, laboratorium).
Vurdering
Grunnlaget for avsluttande vurdering i emne omfattar elementa:
Eksamenskarakteren.
Eksamensform:
Skriftlig 5 timer skoleeksamen
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | Time(r) | Heiltid |
Egenstyrt aktivitet | Time(r) | Heiltid |
Arbeidskrav
Arbeidskrava vil være utformet som prøver, innleveringer eller øvinger.
Disse vurderes godkjent/ikkje godkjent.
Alle arbeidskrav må være bestått for å kunne avlegge eksamen.
· Semester 1 har 4 arbeidskrav som må være bestått.
· Semester 2 har 3 arbeidskrav som må være bestått.
· Emnet avsluttes med eksamen i semester 2.
· Emnet vil gå over semester 1 og 2 av studiet «Maritim maskinoffiserutdanning Nygård» og det vil inngå prøver og øvingar som studentane skal delta i for å byggje opp kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Maritim maskinoffisersutdanning Nygård