Maritim maskinoffisersutdanning Nygård
Studiefakta
- FagområdeMaritime Fag
- Studiepoeng120
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadNygård
- StudieformHeiltid
- Startsemester2023 Haust
Maritim maskinoffisersutdanning Nygård
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om konstruksjon, reparasjonar, vedlikehald og drift av maskineri med tilhøyrande verktøy og system om bord på skip tilsvarande krav satt i STCW for maskinsjef og førstemaskinist.
- har kunnskap om konstruksjon, reparasjonar, vedlikehald og drift av elektriske og elektroniske anlegg med tilhøyrande verktøy og system om bord på skip tilsvarande krav satt i STCW for maskinsjef og førstemaskinist.
- har kunnskap om økonomi og leiing, norsk, matematikk, fysikk og engelsk for å lede teknisk drift og operasjon av skip.
- kan vurdere eige arbeid som leiende maskinoffiser i forhold til IMOs konvensjonar, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter.
- kjenner til skipsfartens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet både nasjonalt og internasjonalt.
- har kunnskapar om skipsfart og ein maskinoffisers rolle i yrkesfeltet.
- kan oppdatere sin yrkesfaglige kunnskap om miljø, sikkerheit og skipsteknisk drift.
- har innsikt i eigne utviklings muligheiter i bedrifta, hos verft og utstyrsleverandører, samt liknande yrker.
Ferdigheter
Studenten
- kan gjøre reie for sine faglige val av materialar, metodar, prosesser og teknikkar i leiinga av skipets reparasjonar, vedlikehald og teknisk drift.
- kan reflektere over sin eigen utøving som leiande maskinoffiser ved å kartlegge ein situasjon, gjennomføre ei analyse og justere denne under rettleiing.
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter for å vurdere relevansen for yrkesfaglige problemstillingar som oppstår ved den skipstekniske drifta.
- kan kartlegge ein situasjon som oppstår i maskinrommet eller ved andre driftssystem om bord, identifisere problemet og finne behov for iverksetting av tiltak.
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre oppgåver og prosjekter innan skipsteknisk drift, åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer for kvalitet, teknologi og miljø både nasjonalt og internasjonalt.
- kan utføre arbeid med drift, overvaking og vedlikehald av maskiner, elektriske og elektroniske anlegg i tråd med lover, forskrifter, produsentens anbefalingar og anerkjente prinsipp og framgangsmåtar.
- kan utføre arbeid med omsorg for skip, personer og miljø i tråd med lovverk og anerkjent sikkerheitspraksis.
- kan utføre arbeid som involverer økonomi og leiing, norsk, matematikk, fysikk og engelsk som er relevant for ein leiende maskinoffiser.
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan skipsteknisk drift, samt eksterne målgrupper som leverandører, myndigheter og klasseselskap, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis ved drift, vedlikehald og operasjon av skip.
- kan bygge relasjonar med fagfeller gjennom sitt arbeid i eit lokalt og globalt perspektiv på tvers av fag, samt med leverandører av varer og tenester
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å holde seg oppdatert på skipsfartens rolle i samfunnet og ny teknologi som kan føre til nyskapning og innovasjon.
Opptak
Det generelle grunnlaget for opptak er:
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev som motormann.
- realkompetanse
Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.
- For søkarar til maskinoffisersutdanninga er det krav om minimum 30 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy.
- Relevant og bestått utdanning innanfor motormannfag kan telle med inntil to år.
Formelle opptakskrav
All praksis, utdanning og andre forhold som skal gje grunnlag for opptak, må dokumenterast med attesterte kopiar. Attestar for praksis må angje lengda på arbeidsforhold, stillingsprosent og arbeidsinnhald. Attestar må vidare vere datert for å kome i betraktning. Attestar reknast berre fram til datoen dei er skrivne ut, sjølv om søkaren sjølv opplyser at arbeidsforholdet fortset utover dette tidspunktet.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Fagskulen i Vestland gjennomfører realkompetansevurdering i tråd med NOKUT-forskrifta §5 og retningslinjer frå Kompetanse Norge. Søkaren sin kompetanse vert vurdert opp mot læreplan i vidaregåande opplæring innan relevante yrkesutdanningar. Opptak gjort på bakgrunn av realkompetanse vil berre kunne nyttast for den utdanninga realkompetansevurderinga gjeld.
Søkaren må dokumentere kompetanse i fellesfag tilsvarande nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR), ha fylt 23 år i søknadsåret.
Vedtak om godkjenning av realkompetanse gjeld i utgangspunktet òg for seinare år. Vedtaket gjeld likevel berre i samsvar med studiet slik det gjennomførast på vurderingstidspunktet. Ved betydelege endringar i fag-, studie- eller rammeplaner, tar tilbydar atterhald om retten til å foreta ny vurdering, og eventuelt endre vedtaket.
Organisering av studiet
Dei neste tabellane gjev informasjon om emneoversikt, arbeidsbelastning og gjennomføring av ordinær utdanning.
Emna byggjer på dei nasjonale planane etter namnet og studiepoeng i kvart emne. Undervisning i tabellane inkluderer forelesing, oppgåveløysing, gruppe- og prosjektarbeid og laboratoriearbeid.
Gjennomføring
Følgande referansar ligg til grunn for at studentane skal få løyst sertifikat som resultat av studiet sitt to årige løp:
Leiingsnivå refererer til STCW 78 med endringar kapittel A-III/1 og B-III/1 samt tabell A-III/2 og kapittel A-III/2 og B-III/2 samt tabellane A-III/1 og A-III/2 i forskrifta.
Eit studiepoeng tilsvara 22 timer à 45 minuttar.
Studiets omfang
Normert arbeidsmengde pr. studieår for dette studiet er 1714,5 timer pr. år (samla 3429 timer), som fordeler seg på følgande måte: 16,5 timer (à 45 minutter) pr. studiepoeng til planlagde aktiviteter i regi av skulen og 11,8 timer pr. studiepoeng som studenten tilrettelegg for sjølv.
Emne- kode |
Emnetype |
Emnebeskriving |
Ref. - STCW |
SP |
Organisert pedagogisk aktivitet (timer) | Berekna eigen- studie |
SUM |
64TM06F | Konvensjons- emne | Maskineri 1 år | A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2 | 15 | 248 | 177 | 425 |
64TM06G | Konvensjons- Emne | Maskineri 2 år | A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2 | 19 | 314 | 224 | 538 |
64TM06D | Konvensjons- Emne | Elektriske og elektroniske anlegg grunnleggende | A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2 | 12 | 198 | 142 | 340 |
64TM06E | Konvensjons- emne | Skipselektriske anlegg og kontroll innstallasjoner | A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2 |
15 |
248 |
177 |
425 |
64TM06B | Konvensjons- emne | Ledelse | A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2 |
11 |
182 |
130 |
312 |
00TM06D | Konvensjons- emne | Vedlikehald og reparasjonar | A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2 | 9 | 149 | 106 | 255 |
00TM06E | Konvensjons- emne | Skipsteknikk og skipets stabilitet | A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2 | 8 | 132 | 123 | 227 |
00TM06F | Konvensjons- emne | Maritim engelsk | A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2 | 6 | 99 | 71 | 170 |
00TM06G | Reiskapsemne | Fysikk |
| 6 | 99 | 71 | 170 |
00TM06H | Reiskapsemne | Matematikk |
| 6 | 99 | 71 | 170 |
00TM06I | Reiskapsemne | Norsk kommunikasjon |
| 5 | 83 | 59 | 142 |
64TM06A | Konvensjons- emne | Sjørett | A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2 | 5 | 83 | 59 | 142 |
64TM06C | Konvensjons- emne | Økonomi og rederidrift | A-III/1, B-III/1 A-III/2, B-III/2 | 3 | 50 | 35 | 85 |
Sum to studieår | 120 | 1984 | 1445 | 3429 |
Undervisningsformer
Undervisningsformene i studiet skal vere relevante for fagfeltet og hensiktsmessige i høve læringsutbytte for utdanninga. Det vert lagt stor vekt på å nytta varierte læringsaktiviteter og ei praktisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.
I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Skulen forventar at studentane viser initiativ, tar ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og viser ei konstruktiv og kritisk haldning til studieopplegget. Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde frå tidlegare utdanning/praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon omkring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er nødvendig for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Undervisning
Det vert førelesningar og gjennomgang av teori, spesielt knytt til presentasjon av basiskunnskapar. Til dette vert det nytta tavle, presentasjonar, video/nett, diskusjonar og dialogundervisning for å få variasjon og deltaking frå studentane.
Studiet legg vekt på å knyta teorien til praktiske demonstrasjonar og øvingar på skulen sine simulatorar. Desse aktivitetane vert gjennomført av emnelærarane.
Det vert nytta prosjektarbeid som læringsaktivitet i nokon emne, både individuelt og i grupper, tilpassa tema. Nokre prosjektarbeid vert avslutta med presentasjonar.
Studentane skal arbeide med teoretiske oppgåver, dokumentere demonstrasjonar og praksis med logg og refleksjon, samt diskusjonar i klassen.
Læringsaktivitetane skal gjennom pedagogisk leiing motivere studentane til sjølvstendig og aktiv refleksjon over egne læringsprosess og bidra til at læringsutbytta for studiet vert nådd.
Læringsaktiviteter:
Skolen vil nytta ulike læringsaktiviteter for at studentane skal nå overordna læringsutbytte for utdanninga:
- Lærarstyrt undervisning og førelesningar i klasserom Simulatorbruk
- Praktiske demonstrasjonar med logg og refleksjon
- Individuelle arbeidsoppgåver
- Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både gruppe og individuelt)
- Presentasjonar
- Bedriftsbesøk og studieturar
- Diskusjonar
Simulatorbruk:
Simulatoren blir nytta gjennom begge skuleåra.
Korleis den er tenkt brukt og kva den kan bidra med for å støtte læringsutbytte:
- Simulere åtferd haldningar og engelsk kommunikasjon med IMO standarduttrykk til den som gjennomgår opplæringa (ERM/leiing)
- Simulere eit «real-time miljø» for sjøgåande og hamneopperasjonar, med kommunikasjons einingar og simulering av aktuelle hovud- og hjelpeframdriftsmaskineri, utstyr og kontrollpaneler.
- Simulere relevante delsystem som skal inkludere, men ikkje avgrense til. Kjele, styremaskin, elektrisk kraft generelt og distribusjonssystem, derunder nødstrømforsyning, drivstoff, kjølevann, nedkjøling, lense og ballastsystem.
- Simulere og evaluere motoryting og fjernmålingssystem.
- Simulere/legge inn feil i på maskineriet.
- Simulere at ytre forhold endrast.
- Simulere isolering av visse prosesser som bl.a. elektrisk-, brennolje-, smøreolje-, kjølevatn- og dampsystemer for å utføre bestemte oppgåver.
Rettleiing
Det er viktig for fagleg utvikling at studentane får god rettleiing frå skulen; både for å sjå heilskapen i utdanninga og til sjølvstendig arbeid. Emnelærar vil gi tilbakemeldingar og rettleiing knytt til arbeidskrava i emnet.
Fagsamtaler skal skje etter behov.
Læringsplattform
Fagskulen i Vestland nyttar læringsplattforma It`s Learning med Zoom som eit digitalt klasserom der ein kan samarbeide uavhengig av tid og stad. It`s Learning med Zoom, har funksjonar til å ivareta både all informasjonsflyt, planar og fagstoff i alle emna. Plattforma har god funksjonar for å lage individuelle oppgåver, testar og prøver.
Studenten må disponere eigen PC og kunne nytte vanlege dokumentasjonsverktøy.
Vurdering
Fagskulen Vestland har obligatoriske arbeidskrav i alle emne. Dette er gjort for å sikre progresjonen i læringa. Arbeidskrav er rekna som ein serie av obligatoriske krav om arbeid som blir gjennomført som del av det pedagogiske opplegget i emnet. Studenten må ha gjort, og fått godkjent, arbeidskrava for å få gå opp til eksamen. Arbeidskrav kan bestå av obligatoriske innleveringar, munnlege framlegg, undervisning, praksis og liknande.
I dei tilfelle kor arbeidskrava ikkje har vært individuelle skal det i tillegg gjennomførast ei individuell vurdering i etterkant.
Dersom arbeidskrava ikkje er levert innan fastsatt frist beskrive i framdriftsplanen, reknast dette som eit forsøk. Fristen for andre forsøk er ti (10) yrkedagar frå innleveringsfrist for første forsøk.
I særskilte tilfelle kan rektor gi utsatt innleveringsfrist etter skriftleg søknad. Søknaden må framstillast minimum tre dagar før utløpet av innleveringsfristen.
Studenten har to forsøk på å få et arbeidskrav godkjent. I særlige tilfelle kan rektor gi dispensasjon for eit tredje og siste forsøk.
Alle arbeidskrav må vere bestått for å få emnekarakter.
Sluttvurdering
Vurdering skal organiserast og gjennomførast i tråd med reglementet ved utdanningstilbodet og regel I/6 i STCW-konvensjonen.
Vurderingar skal ta utgangspunkt i heilskapen og spegle kompetansen til studenten sett i forhold til dei måla og kriteriene som er gitt.
Emnekode | Fag | Eksamenform | Gjennomføres |
64TM06F | Maskineri 1 studieår | 5 Timers skriftlig. | 2 semester |
64TM06G | Maskineri 2 studieår | 2 dagers individuell hjemme eksamen med muntlig høring og praktisk gjennomføring på simulator. | 4 semester |
64TM06D | Elektriske og elektroniske anlegg grunnleggende | 5 timers skriftlig. | 2.semester |
64TM06E | Skipselektriske anlegg og kontroll innstallasjoner | 5 timers skriftlig. | 4 semester |
00TM06D | Vedlikehald og reparasjoner | 5 timers skriftlig. | 3 semester |
64TM06A | Sjørett | To dagers hjemmeeksamen. | 1.semester |
64TM06B | Ledelse | To dagers hjemmeeksamen med påfølgende muntlig eksamen. | 4.semester |
64TM06C | Økonomi og rederidrift | 3 timers skriftlig skoleeksamen. | 4.semester |
00TM06E | Skipsteknikk og skipets stabilitet | 4 timers skriftlig skoleeksamen. | 3.semester |
00TM05I | Norsk | 4-timers skriftleg skuleeksamen. | 3.semester |
00TM05F | Maritim engelsk | Skriftlig og muntlig eksamen. | 3.semester |
00TM05G | Fysikk | 5 timer skriftlig skoleeksamen. | 2.semester |
00TM05H | Matematikk | 5 timer skriftlig skoleeksamen. | 2.semester |
Arbeidskrava er beskrive under det enkelte emne og skal til saman dekke læringsutbyttebeskrivingane til emnet. I dei tilfelle kor arbeidskrava ikkje har vore individuelle, skal det i tillegg gjennomførast ei individuell vurdering i etterkant.
Studentar som skal framstille seg til eksamen i eit emne må ha bestått emnet. Eksamen er nærare beskrive i skulen sitt eksamensreglement.
Det føreligg helsekrav for offiserar og mannskap som skal tenestegjere på skip. Helsekrava er spesifisert i «Forskrift om helseundersøkelse av arbeidstakaren på skip» FOR 2001-10-19 nr. 1309. Denne fagskuleutdanninga tilfredsstiller både STCW A-III/1 (og B-III/1) og STCW A-III/2 (og B-III/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for maskinoffiser klasse 4, 3, 2 og 1. All undervisning og vurdering er i tråd med STCW-konvensjonen sin regel I/6 og
Sluttdokumentasjon
Studenten får vitnemål når emna for studiet er bestått med eksamenkarakter.
For at vitnemålet skal fungere internasjonalt, skal omgrepet Vocational Diploma (VD) stå på vitnemålet. Vitnemålet skal innehalde:
- Emne som inngår i utdanninga
- Omfang av emne og oppnådd emnekarakter og eksamenskarakter
- Overordna læringsutbytte
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk 5.2 og kvalifikasjonen som er oppnådd
- Karaktersystemet som vert nytta og tal studiepoeng
- Namn på utdanninga
Om delar av utdanninga ikkje er bestått, får studenten karakterutskrift for dei emna som er bestått.