65TX00D E10 Hovudprosjekt - 2025 Vår
Emnefakta
- FagområdeMaskinteknikk
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramMaskinteknikk Førde
- Startsemester2025 Vår
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- kan planlegge, gjennomføre og dokumentere eit fagrelatert prosjekt etter eige ønske eller i samarbeid med ein oppdragsgivar
- kjenner til utfordringar ved styring og leiing av ein prosjektprosess
Ferdigheiter
Studenten:
- kan delta i prosjektarbeid, ta ansvar for eiga læring, kommunisere og presentere prosjektarbeid
- kan bruke prosjektarbeid som metode; planlegge, styre/leie, kommunisere og presentere resultatet
- kan fordjupe seg i dei aktuelle tekniske emna som er nødvendig for å løyse prosjektoppgåva
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bruke erfaringar, kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i praktisk prosjektarbeid
- kan, gjennom kreativitet og nytenking, fordjupe seg i dei aktuelle tekniske emna som dannar grunnlag for prosjektoppgåva, og løyse denne på ein måte som reflekterer kunnskap om teknologi og fagleg leiing
Undervisningsformar og aktivitetar
1 | Prosjektbeskriving | Skriv korleis gruppa er sett saman og kva prosjekt gruppa kan tenke seg som tema. | Arbeidskrav: Må vere godkjent av prosjekt-ansvarleg før ein kan ta til på forprosjektrapport |
2 | Forprosjektrapport | Kriterium for evaluering:
| Arbeidskrav: Må vere godkjent av prosjekt-ansvarleg før ein kan ta til på hovudrapport |
3 | Hovudrapport | Kriterium for evaluering:
| Arbeidskrav: Gruppa skal lage ei pressemelding på ei side, på bakgrunn av rapporten. |
4 | Presentasjon | Kriterium for evaluering:
|
|
5 | Individuell munnleg eksamen med oppsummeringsnotat | Munnleg utspørjing med bakgrunn i hovudrapport og individuelt oppsummeringsnotat. |
|
Hovudprosjektet skal gjennomførast i grupper. Klassen kjem med forslag til gruppeinndeling. Skulen vil foreta gruppeinndelinga dersom studentane ikkje vert samde. I særlege tilfelle kan rektor, etter søknad, gi dispensasjon til å gjennomføre hovudprosjektet åleine. |
Vurdering
Prosjektgruppa får ei samla sluttvurdering (gruppekarakter) som vert sett på bakgrunn av ei heilskapsvurdering av punkt 3 og 4 under gjennomføring.
Det vil deretter bli gjennomført ei munnleg utspørjing med bakgrunn i hovudrapport og individuelt oppsummeringsnotat.
Denne munnlege utspørjinga kan vere med og påverke den endelege individuelle karakteren i emnet.
Sluttvurderinga vert ført som emnekarakter på vitnemålet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
---|---|---|---|---|
Undervisning | 152 Tima(r) | |||
Sjølvstudium | 131 Tima(r) |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Prosjektbeskriving og forprosjektrapport skal vere levert og godkjent innan fastsett frist.
Avtalar i prosjektgruppa skal overhaldast.
Litteratur- og utstyrsliste
Litteraturliste E10 Hovudprosjekt