64HH95F Fagleg fordjuping
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng10
- StudiestadFørde, Nordnes
- StudieprogramPsykisk helsearbeid og rusarbeid
- Startsemester2026 Vår
Om emnet
Den faglege fordjupinga skal vera praksisretta, og studenten skal anvenda kunnskap frå samtlege emne i utdanninga. Det er det overordna læringsutbyttet som skal vurderast i fordjupingsemne.
- Fordjupningsoppgåva kan skrivast anten i grupper eller individuelt. Den skal vera praksisretta, og konkret vera knytt til praksis og eit eller fleire tema i utdanningas emne. Studentane skal gjennom fordjupingsarbeidet visa refleksjon og bruka både teori og røynsler frå praksis.
- Studentane skal velja tema for oppgåva og laga ei problemstilling innan temaet. Vidare må det utarbeidast ein framdriftsplan som inneheld problemstilling, metodeval og litteraturliste. Dette skal godkjennast innan ein tidsfrist.
- Kvar gruppe/student vil få rettleiing av ein lærar. Kvar gruppe/student får tilbod om inntil 6 timars rettleiing totalt.
- Studentane må avtala rettleiingstid og vera budd til rettleiingstimane
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om psykiske lidingar, psykisk helsearbeid og rusarbeid og kva omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale innanfor dette fagområdet
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiarar som regulerer rettar og plikter og gir anbefalingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har bransjekunnskap og kjennskap til korleis tenester er organiserte innan psykisk helsearbeid og rusarbeid i helse- og omsorgs- eller oppvekstsektoren
- kan oppdatera sin yrkesfaglege kunnskap om psykisk helsearbeid og rusarbeid
- forstår betydninga av arbeid med psykiske helse og rus i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvenda fagleg kunnskap og samhandlingskompetanse ved praktiske og teoretiske problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar for å fremma psykisk helse, førebygga rusproblematikk og bidra til meistring hos ulike aldersgrupper
- kan finne informasjon og fagstoff innan psykisk helsearbeid og rusarbeid som er relevant for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan kartlegga ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid og behov for iverksetting av tiltak
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp, utfordringar og dilemma innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøving av yrket som kjem fram i refleksjonar og handlingar, samt i møte med mangfald, migrasjonshelse, ulike kulturar og urfolk
- kan utføra arbeidet innan psykisk helsearbeid og rusarbeid etter utvalgte målgruppers behov
- kan bygge relasjonar med pasient/brukar, pårørande, fagfeller, tverrfagleg og med eksterne målgrupper innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan utvikla arbeidsmetodar for å vidareutvikla beste praksis på eigen arbeidsplass
Vurdering
- Framlegg av fordjupningsopgåva
- Individuell muntlig eksamen
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 24 Time(r) | Deltid |
Asynkron undervisning | 8 Time(r) | Deltid |
Sjølvstudium | 263 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
Problemstilling på bakgrunn av valgt tema til fordjupningsoppgåve
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Administrasjon
- Psykisk helsearbeid og rusarbeid
Emneansvarlig
Bjarte Johnsen
kjersti.lyssand.lindbom@vlfk.no
Marianne Moberg
Rebecca Hoff Vangsnes