64HH95F Fagleg fordjuping - 2026 Vår

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      10
    • Studiestad
      Førde, Nordnes
    • Studieprogram
      Psykisk helsearbeid og rusarbeid
    • Startsemester
      2026 Vår

Om emnet

Den faglege fordjupinga skal vera praksisretta, og studenten skal anvenda kunnskap frå samtlege emne i utdanninga. Det er det overordna læringsutbyttet som skal vurderast i fordjupingsemne.

  • Fordjupningsoppgåva kan skrivast anten i grupper eller individuelt. Den skal vera praksisretta, og konkret vera knytt til praksis og eit eller fleire tema i utdanningas emne. Studentane skal gjennom fordjupingsarbeidet visa refleksjon og bruka både teori og røynsler frå praksis. 
  • Studentane skal velja tema for oppgåva og laga ei problemstilling innan temaet. Vidare må det utarbeidast ein framdriftsplan som inneheld problemstilling, metodeval og litteraturliste. Dette skal godkjennast innan ein tidsfrist.
  • Kvar gruppe/student vil få rettleiing av ein lærar. Kvar gruppe/student får tilbod om inntil 6 timars rettleiing totalt. 
  • Studentane må avtala rettleiingstid og vera budd til rettleiingstimane

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om psykiske lidingar, psykisk helsearbeid og rusarbeid og kva omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale innanfor dette fagområdet
  • har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiarar som regulerer rettar og plikter og gir anbefalingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • har bransjekunnskap og kjennskap til korleis tenester er organiserte innan psykisk helsearbeid og rusarbeid i helse- og omsorgs- eller oppvekstsektoren
  • kan oppdatera sin yrkesfaglege kunnskap om psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • forstår betydninga av arbeid med psykiske helse og rus i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv

 

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan anvenda fagleg kunnskap og samhandlingskompetanse ved praktiske og teoretiske problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar for å fremma psykisk helse, førebygga rusproblematikk og bidra til meistring hos ulike aldersgrupper
  • kan finne informasjon og fagstoff innan psykisk helsearbeid og rusarbeid som er relevant for ei yrkesfagleg problemstilling
  • kan kartlegga ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid og behov for iverksetting av tiltak

Generell kompetanse

Studenten:

  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp, utfordringar og dilemma innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøving av yrket som kjem fram i  refleksjonar og handlingar, samt i møte med mangfald, migrasjonshelse, ulike kulturar og urfolk
  • kan utføra arbeidet innan psykisk helsearbeid og rusarbeid etter utvalgte målgruppers behov
  • kan bygge relasjonar med pasient/brukar, pårørande, fagfeller, tverrfagleg og med eksterne målgrupper innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • kan utvikla arbeidsmetodar for å vidareutvikla beste praksis på eigen arbeidsplass

Vurdering

Utgangspunktet for all vurdering er dei fastsette læringsutbytta på overordna nivå og emnenivå. Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) for å få sluttvurdering i emnet. OLA fungerer som vilkår for vurdering, men inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget, jf. forskrifta § 5-4.

Emneplanen fastset kva obligatoriske læringsaktivitetar som gjeld i emnet, og kva vurderingsform som blir nytta. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre anna er fastsett. Sjå også forskrifta kapittel 6 om vurdering.

Sluttvurdering

Sluttvurderinga i dette emnet er karaktertrykket A-F.

 Sluttkompetanse

Fullført og bestått fagskuleutdanning på 60 stp gir vitnemål (og ein fagskulegrad/fagskuleutdanning). Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om ein karakterutskrift som viser fullført og bestått emne.

 

Vitnemålet vil innehalde:

  • Emne som inngår i utdanninga.
  • Omfang av emne og oppnådd vurdering
  • Overordna læringsutbytte.
  • Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.1 og kvalifikasjonen som er oppnådd.
  • Karaktersystemet som blir brukt og talet på studiepoeng.
  • Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.

Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.

 

 

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Munnleg eksamen
Sensortype
Ekstern sensor
Karakterskala
A-F
Gruppering
Gruppe/Individuell

Obligatoriske læringsaktivitetar

Utgangspunktet for all vurdering er dei fastsette læringsutbytta på overordna nivå og emnenivå. Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) for å få sluttvurdering i emnet. OLA fungerer som vilkår for vurdering, men inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget, jf. forskrifta § 5-4.

Emneplanen fastset kva obligatoriske læringsaktivitetar som gjeld i emnet, og kva vurderingsform som blir nytta. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre anna er fastsett. Sjå også forskrifta kapittel 6 om vurdering.

 

 

 

 

 

 

 

 

Læringsaktivitetar

NamnKravKommentar
Innlevering
Gruppe/Individuell
Problemstilling
Presentasjon
Gruppe/Individuell
Opponentdag
Presentasjon
Gruppe/Individuell
Presentasjon av fordjupningsoppgåve for medstudenter på studiet
Skriftleg innlevering
Gruppe/Individuell
Fordjupningsoppgåve

Emneansvarleg

Bjarte Johnsen
Kjersti Lyssand Lindbom
Marianne Moberg
Rebecca Hoff Vangsnes