64HH47C Personsentrert omsorg og målretta miljøbehandling
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadNordnes
- StudieprogramDemensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre
- Startsemester2025 Vår
Om emnet
- Personbasert omsorg som verdigrunnlag
- Miljøbehandling
- Aktivitet som omgrep
- Livshistorie og meistrinsstrategiar
- Ressursar, ønske og behov
- Livskvalitet
- Smertevurdering
- Pårørande
- sin situasjon
- som ressurs
- Personsentrert omsorg
- Prinsipp, mål og metodar
- VIPS praksismodell (VPM)
- Planverktøy
- Tillitsskapande tiltak
- Utfordrande åtferd og korleis forstå denne
- TID-modellen (Tverrfagleg intervensjonsmodell ved utfordrande atferd ved demens)
- Relasjonelle årsaker
- Aggresjonsdempande kommunikasjon og deeskalering
- Teknikkar som hindrar skade ved utagering
- Debrifing og dufusing
- Tvang og tvangsvedtak
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har:
- kunnskap om kva som ligg i omgrepet personsentrert omsorg, verdigrunnlaget og relevante arbeidsmetodar og -prosessar som legg til rette for å arbeida personsentrert.
- kunnskap om kva målretta miljøbehandling er, og kva teoretiske modellar og praktiske metodar denne arbeidsforma byggjer på.
- innsikt i aktuelle observasjons- og kartleggingsverktøy
- kunnskap om tillitsskapande arbeid og bruk av tvang
- innsikt i nasjonale råd og lovverk som regulerer bruk av tvang når pasienten set seg imot helsehjelp
- kunnskap om relasjonens betydning for å deeskalera situasjonar der pasienten viser tegn til aggressiv åtferd
- kunnskap om korleis ein kan handtera situasjonar der pasienten misser kontroll og utagerer
- kunnskap om korleis ein kan ivareta seg sjølv og sine kollegaer og pasienten etter ein situasjon med utagering
Ferdigheter
Studenten kan:
- kartleggja pasientens situasjon, behov og ressursar, samt reflektera over og vurdera faglege problemstillingar og utforma gode personsentrerte tiltaksplanar for den aktuelle pasienten
- samarbeida med pårørande og innhenta informasjon om pasientens liv og interesser
- observera og kartleggja pasientens evne til aktivitet og deltaking og leggja til rette det fysiske miljøet rundt pasienten slik at han/ho bevarer sine ressursar lengst mogleg og opplever meistring og kjenner seg trygg
- finna informasjon og fagstoff som er relevant innan miljøbehandling i fagfeltet psykisk helsearbeid for eldre og demensomsorg
- utforma tillitsskapande tiltak som byggjer på pasientens perspektiv
- nytta kunnskap for å gje nødvendig helsehjelp til pasientar som set seg imot denne
- laga ein tiltaksplan som deeskalerer situasjonar dersom pasienten viser teikn til aggressiv åtferd
- nytta forskjellige teknikkar for å beskytta seg sjølv og kollegaer når utagering skjer på ein skånsam måte
- gjennomføra defusing med kollegaer som ha vore involverte i ei alvorleg stress eller krisehending
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan utføra miljøbehandling etter grunnlagstenking i personsentrert omsorg
- har forståelse for verdigrunnlaget i personsentrert omsorg
- har utvikla ei etisk grunnhaldning som gjer at studenten fremmar brukermedverknad og pasientens integritet
- kan samarbeide med pårørande og forstår at dei er ein ressurs for pasienten
- har ei etisk grunnhaldning som byggjer på brukermedverknad og pasientens perspektiv
- har ei fagleg og etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk i tillitsskapanda samhandling der ein fokuserer på meistring og mest mogleg livskvalitet
- har innsikt i kor viktig det er å ta pasientes perspektiv for å forstå problemtaisk og utfordrande atferd
- kan identifisera krenkring og overgrep og fremma tillitsskapande samhandling som støtter pasientes medverknad og eigne val for å unngå bruk av tvang
Undervisningsformer og aktivitet
Undervisninga vil vera studentaktiv. Det vil seia at studentane må vera førebudd til samlingane. Dette er dei ved å ha nytta seg av nettundervisninga som lærarane har lagt ut i forkant av samlingane og gjera arbeidskrav innan tidsfristane. På samlingane skal studentane arbeida med fagstoffet ved å løysa caseoppgåver i grupper. Dersom ein ikkje har arbeidd med fagstoffet på førehand vil ein ikkje ha godt utbytte av den studentaktive undervisninga.
Undervisninga baserer seg i stor grad på fagtekstar, forelesingar, rettleiing, refleksjonar og arbeid med oppgåver og oppgåveløysing individuelt og i gruppe. I tillegg blir det brukt video relatert til aktuelt lærestoff og rollespel. Undervisninga og rettleiinga skjer både samlingsbasert og digitalt.
Ein vil i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Rettleiing på arbeidskrav er ein del av undervisninga. Den digitale undervisninga vil veksla mellom å vera asynkron og synkron.
Forkunnskapskrav
Modulane byggjer på kvarandre. ein må ha fullført modul 1 og 2 for å starta på modul 3
Arbeidsinnsats
Største delen av den nettbaserte undervisninga er asynkron, det vil seia at studentane kan arbeida med lærestoffet på tidspunkt som høver den enkelte. Studiet er tilrettelagt for å kombinera det med å vera i arbeid. Lærarstyrt aktivitet utanom samlingane er eit gruppearbeid der gruppene får rettleiing frå lærar. På samlingane vil ein i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Denne forma krev at studenten er førebudd til samlingane og har arbeidd med det asynkrone lærestoffet i forkant av samlingane. Denne modulen utgjer ca 300arbeidstimar totalt for studenten.
Vurdering
Vurderingsforma er mappevurdering.
Mappa inneheld:
- 3 oppgaver
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 60 Time(r) | Deltid |
Asynkron undervisning | 40 Time(r) | Deltid |
Lærerstyrte aktiviteter utenom samlinger | 30 Time(r) | Deltid |
Sjølvstudium | 140 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- deltaking på 5 samlinger
- 2 refleksjonsloggar
- 3 "test-deg-sjølv"-oppgåver
For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og bestått.
Fagressursar
Modul 3: Personsentrert omsorg og målretta miljøbehandling
ISBN | Litteratur | Pensum |
978-82-8061-260-1 | Tretteteig, S. (red) (2017) Demensboka. Forlaget Aldring og helse | Kap. 10,15 (35 s) |
| Rokstad, A.M.M., Smedby, K.L. (red) (2020) Personer med demens – møte og samhandling. Cappelen Damm Akademisk. KOMPENDIUM | Kap.9 (21 s) |
978-82-02-51432-7 | Eskeland, K.O. (2017) Alderspsykiatri og omsorgsarbeid. Cappelen Damm Akademisk KOMPENDIUM | Kap.12 + 19 (21 s) |
978-82-05-46393-6 | Lillevik, O.G. og Øien, L. (2014) Miljøterapeutisk arbeid i møte med vold og aggresjon. Gyldendal | 155 s |
| Skau, G.M. ( 2015) Mellom makt og hjelp. Universitetsforlaget. KOMPENDIUM | Kap.2 (13.5 s) |
| 15 s | |
| Tilleggslitteratur |
|
| Film: https://www.aldringoghelse.no/nar-spenningene-er-til-a-ta-og-fole-pa-vold-og-aggresjon-i-sykehjem/ |
|
| E-læringskurs (gratis) 3 timar: Et kurs om demens og hvordan atferdsmessige og psykologiske symptomer ved demens (APSD) kan forstås. https://www.aldringoghelse.no/kompetanseressurser/hva-er-demens/ |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
ISBN | Litteratur | Pensum |
978-82-8061-260-1 | Tretteteig, S. (red) (2017) Demensboka. Aldring og helse | Kap. 12,13, 16 – 20 (56 s) |
9788280613868 | Tretteteig, S. (red.)(2020) Psykiske sykdommer hos eldre. Aldring og helse | Kap 12, 15 (31 s) |
| Engedal, K. og Tveito, M. (red.) (2019) Alderspsykiatri. Aldring og helse. KOMPENDIUM | Kap. 11 (9 s) |
| Kap 2-4 (13 s) | |
| VIPS-manualen for institusjon eller for tjenester i hjemmet | Ca 50 s |
| Tilleggslitteratur |
|
| Strandli, E.H.A. (2016) Inn på tunet. Dagaktivitetstilbud tilrettelagt for personer med demens. Oslo: Forlaget aldring og helsehttps://butikk.aldringoghelse.no/file/digitalarkiv-nettbutikk/innpatunet2018_1_triawaq.pdf |
|
| Strandli, E.H.Ø (2020) Dagaktivitetstilbud for personer med demens. Forlag aldring og helse |
|
| Nettressurs |
|
| Demensplan 2025: https://www.regjeringen.no/contentassets/b3ab825ce67f4d73bd24010e1fc05260/demensplan-2025.pdf |
|
| Cornell skala for depresjon ved demens (CSDD): Rettleiiar for utfylling av skjema: https://www.aldringoghelse.no/ah-archive/documents/Cornell_Retningslinjer_Sk%C3%A5r_2019_INT00012_WEB.pdf |
|
|
| |
| OBS-demens Observasjonsskjema for observering av funksjon for personer med kognitiv svikt og demens |
|
| QUALID Livskvalitet ved langtkommen demens - registreringsskjema |
|
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
| Fysiske omgivelser: https://www.utviklingssenter.no/malrettet-miljobehandling/fysiske-omgivelser-en-vei-til-mestring-og-aktivitet |
|
|
|
|
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre