58TK51G Produksjon og foredling av kjøtt, egg og mjølk
Emnefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng12
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadHjeltnes
- StudieprogramLokal matkultur
- Startsemester2025 Vår
Om emnet
Husdyrproduksjon og produkt
Mjølk og meieriprodukt
Vilt
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten:
- har kunnskap om samanhengen mellom rase, fôr, dyrehelse og innverknad på produksjon og kvalitet av mjølk, kjøt og egg
- har kunnskap om anatomien og fysiologien til dyr
- har kunnskap om ulike verktøy og prosessane som fører fram til ferdig kjøt, egg og mjølkeprodukt
- har kunnskap om regionale særtrekk innan denne type av landbruk
- har kjennskap til aktuelle viltrasar og jaktformer
- har kunnskap om kvalitetskriteriar for kjøt, egg og mjølk i høve regelverk og bruk
- har kunnskap om landbruksnæringa og deira produksjonar i Norge og Norden, både før og no
- har kjennskap til regelverk innan landbruket og viltforvaltning, samt kjennskap til etiske prinsipp innan dyrehald og velferd
- har kjennskap til relevante yrkesfelt innan matmiddelbransjen
- kan med sin kunnskap gjere seg tilgjengeleg i relevante bransjar
- har kunnskap om ernæring knytt til animalske produkt
Ferdigheter
Kandidaten:
- kan gjere greie for val av metodar og delta i prosessar ved foredling av kjøt, egg og mjølkeprodukt
- kan vurdere og forstå prinsippa for dyrehald og produksjon av råvarer innan denne type landbruk
- kan utføre kvalitetsbedømming av kjøt, mjølkeprodukt og egg
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan planlegge og gjennomføre stykking og bearbeiding av kjøttprodukt og vurdere kvalitet opp mot regelverk og bruk
- kan planlegge og forklare handtering og produksjon av fjørfe og egg og vurdere kvalitet opp mot regelverk og bruk
- skal kunne planlegge og gjennomføre produksjon av ulike mjølkeprodukt og vurdere kvalitet opp mot regelverk og bruk
Undervisningsformer og aktivitet
Det vert gjennomført førelesningar av teori som vert følgt opp av demonstrasjonar og / eller praktisk arbeid. Deler av undervisninga kan føregå ute i skulen sine praktiske avdelingar, inne på produksjonskjøkkenet eller ute hjå aktuelle samarbeidsbedrifter. Emnet er praktisk retta. Teori og førelesningar vert lagt ut på It`s learning, samt filmsnuttar /video av demonstrasjonar og praktisk arbeid.
Det vert bedriftsbesøk til aktuelle produksjons- og foredlingsbedrifter.
Vurdering
Karakter vert sett basert på innleveringar, prøvar og praktiske øvingar ein har hatt gjennom året.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 200 Time(r) | |
Sjølvstudium | 150 Time(r) |
Arbeidskrav
Arbeidskrav i emnet vert gitt av faglærar i dei ulike tema. Ei plan for planlagde arbeidskrav blir utlevert til studentar på starten av kvart semester. Det vert spesifisert kva som tel inn på emnekarakter i planen.
Fagressursar
Fagressursar Produksjon og foredling av kjøtt, egg og mjølk:
Idsø, Jan og Moe, Steinar, (2014), Kjøttfagene, Fagbokforlaget, ISBN: 9788245013153
Hagen, Helge (2021), Røyk og rak, tørk og grav – salting, speking, hermetisering, Forlaget Vigmostad & Bjørke AS, ISBN: 9788241955600
Valgfri:
Nordbø, Ragnhild og Ballhaus, Maria (2018), Ysting, Fagbokforlaget, ISBN: 9788211026187
Kopier/ artikler / forelesninger
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Lokal matkultur