64HH47E Fagleg refleksjon, rettleiing og arbeidshelse

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      5
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieprogram
      Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre
    • Startsemester
      2025 Vår

Om emnet

  • Fagleg refleksjon
    • Refleksjonsmodell
    • Refleksjonslogg
    • Implementering
  • Rettleiing (veiledning)
    • Rettleiingsteori og metodar
    • Delta i rettleiingsgruppe
    • Mentalisering
  • Arbeidshelse og arbeidsmiljø
    • Definisjonar
    • Kvalitetssikring og -kontroll
    • Ansvar
    • Konflikt og konflikthandtering

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om fagleg og etisk refleksjon og refleksjonsmodellar
  • har kunnskap om korleis ein kan  implementera gode rutinar for fagleg refleksjon på eigen arbeidsplass
  • har kunnskap om fagleg rettleiing
  • har kunnskap om omgrepet arbeidshelse og kva dette er
  • kan anvende kunnskap om kvalitetssikring og kvalitetskontroll for å delta i kvalitetsarbeidet på egen arbeidsplass

Ferdigheter

Studenten:

  • kan identifisera faglege og etiske problemstillingar
  • kan bruka ein refleksjonsmodell
  • viser evne til mentalisering og på denne måten visa forståing for andre personars perspektiv, og tar omsyn til korleis ein sjølv verkar på andre
  • kan bidra konstruktivt i rettleiingsgruppe
  • kan nytta ein konflikthandteringsmodell
  • kan nytta kvalitetssystema på arbeidsplassen og ha fokus på korleis og når ein skal melda avvik

Generell kompetanse

Studenten:

  • har ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga åtferd og kommunikasjon i praksis og med medstudentar og lærar
  • har ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga åtferd og kommunikasjon med medstudentar og lærar
  • kan ta i mot og gjera seg nytte av rettleiing
  • kan ta eit medansvar for å utvikla og oppretthalda eit godt arbeidsmiljø
  • kan utføra arbeidet etter arbeidsplassens HMS-rutinar for kvalitetssikring og internkontroll

Undervisningsformer og aktivitet

Undervisninga vil vera studentaktiv. Det vil seia at studentane må vera førebudd til samlingane. Dette er dei ved å ha nytta seg av nettundervisninga som lærarane har lagt ut i forkant av samlingane og gjera arbeidskrav innan tidsfristane. På samlingane skal studentane arbeida med fagstoffet ved å løysa caseoppgåver i grupper. Dersom ein ikkje har arbeidd med fagstoffet på førehand vil ein ikkje ha godt utbytte av den studentaktive undervisninga.

Undervisninga baserer seg i stor grad på fagtekstar, forelesingar, rettleiing, refleksjonar og arbeid med oppgåver og oppgåveløysing individuelt og i gruppe. I tillegg blir det brukt video relatert til aktuelt lærestoff og rollespel. Undervisninga  og rettleiinga skjer både samlingsbasert og digitalt.

Ein vil i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Rettleiing på arbeidskrav er ein del av undervisninga. Den digitale undervisninga vil veksla mellom å vera asynkron og synkron.

Forkunnskapskrav

Modulane byggjer på kvarandre. Ein må ha fullført modul 1-4 for å starta på modul 5.

Arbeidsinnsats

Største delen av den nettbaserte undervisninga er asynkron, det vil seia at studentane kan arbeida med lærestoffet på tidspunkt som høver den enkelte. Studiet er tilrettelagt for å kombinera det med å vera i arbeid. Lærarstyrt aktivitet utanom samlingane er eit gruppearbeid der gruppene får rettleiing frå lærar. På samlingane vil ein i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Denne forma krev at studenten er førebudd til samlingane og har arbeidd med det asynkrone lærestoffet i forkant av samlingane. Denne modulen utgjer ca 150 arbeidstimar totalt for studenten.

Vurdering

Vurderingsforma er mappevurdering.

Mappa inneheld:

  • 3 oppgaver

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
30 Time(r)
Deltid
Asynkron undervisning
20 Time(r)
Deltid
Lærerstyrte aktiviteter utenom samlinger
15 Time(r)
Deltid
Sjølvstudium
70 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

  • deltaking på 5 samlinger
  • 2 refleksjonsloggar
  • 3 "test-deg-sjølv"-oppgåver

For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og bestått.

Fagressursar

Modul 6: Fagleg refleksjon, rettleiing og arbeidshelse

ISBN

Litteratur

Pensum

 

9788280613868

Tretteteig, S.(red.)(2020) Psykiske sykdommer hos eldre. Aldring og helse

Kap.16 (12 s)

978-82-8061-260-1

Tretteteig, S. (red) (2017) Demensboka. Aldring og helse

Kap. 21(13 s)

9788205500563

Eide, H. og Eide, T. (2017). Kommunikasjon i relasjoner – personorientering, samhandling, etikk. Gyldendal akademis

Kap. 13 (ca 30 s)

9788202547721

Skau, G. M. (2018): Gode fagfolk vokser: Personlig kompetanse i arbeid med mennesker. Oslo: Cappelen Akademisk

Kap. 1, 5 og 8

(ca 44 s)

 

 

 

 

Nettressursar:

Helsedirektoratet. Demens. Nasjonal faglig retningslinje. 2017. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/demens

Helse- og omsorgsdepartementet: Demensplan 2025. https://www.regjeringen.no/contentassets/b3ab825ce67f4d73bd24010e1fc05260/demensplan-2025.pdf

St.melding 15 (2017-2018): Leve hele livet. En kvalitetsreform for eldre.  https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-15-20172018/id2599850/

St.melding 24 (2019-2020) Lindrende behandling og omsorg.  https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-24-20192020/id2700942/

Mestre hele livet. Regjeringens strategi for psykisk helse (2017-2022).  https://www.regjeringen.no/contentassets/f53f98fa3d3e476b84b6e36438f5f7af/strategi_for_god_psykisk-helse_250817.pdf

Nasjonale faglige råd. Psykiske lidelser hos eldre.  https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/psykiske-lidelser-hos-eldre

Nasjonal hjernehelsestrategi 2018-2024.  https://www.regjeringen.no/contentassets/8eba3248e9e843f6b09e97a84a97a153/hjernehelsestrategi_2018-24_121217.pdf

Sammen om aktive liv. Handlingsplan 2020-2029.  https://www.regjeringen.no/contentassets/43934b653c924ed7816fa16cd1e8e523/handlingsplan-for-fysisk-aktivitet-2020.pdf

Nasjonal kartlegging av kommunenes tilrettelagte tjenestetilbud til personer med demens 2018. Oslo: Helsedirektoratet, 2019.  https://www.helsedirektoratet.no/%20rapporter/nasjonal-kartlegging-av-tilbudet-til-personer-med-demens

Folkehelseinstituttet (2018). Folkehelserapporten – Helsetilstanden i Norge 2018. https://www.fhi.no/nettpub/hin/

Dokument 3:5 (2018–2019). Riksrevisjonens undersøkelse av tilgjengelighet og kvalitet i eldreomsorgen.  https://www.riksrevisjonen.no/globalassets/rapporter/no-2018-2019/tilgjengelighetkvaliteteldreomsorgen.pdf

Pårørendeundersøkelsen 2017. Pårørendealliansen https://parorendealliansen.no/2018/03/20/parorendeundersokelsen-2017-hovedfunn/

Folkehelseinstituttet. Folkehelserapporten. Demens. https://www.fhi.no/nettpub/hin/ikke-smittsomme/demens/

Rosness TA, Haugen PK, Engedal K. Når demens rammer unge. Tidsskrift for Den norske legeforening 2011; 131: 1194–7. doi: 10.4045/tidsskr.09.0845.  https://tidsskriftet.no/2011/06/oversiktsartikkel/nar-demens-rammer-unge

Tilleggslitteratur

 

 

 

 

 

Eskeland, K.O. (2017) Alderspsykiatri og omsorgsarbeid.

Cappelen DammAakademisk

ISBN:

978-82-02-51432-7

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ingebretsen R, Spilker S.R, Sagbakken M. Eldre innvandrere og demens – erfaringer fra eldre, pårørende og ansatte i omsorgstjenesten. NAKMI-rapport nr. 1 2015. Oslo: Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse i samarbeid med Velferds-­ forskningsinstituttet NOVA, 2015

https://www.fhi.no/globalassets/dokumenterfiler/rapporter/2015/eldre-innvandrere-og-demens-nakmi-rapport-nr-1-2015.pdf

 

 

 

Myskja A. Bruk av musikk som terapeutisk hjelpemiddel i sykehjem. Tidsskrift for Den norske legeforening 2005; 125: 1497-9.

https://tidsskriftet.no/profil/audun-myskja

 

 

 

Mjørud, M. og Røsvik, J (2021) Demens og grunnleggende psykologiske behov. Fagbokforlaget

9788245027020

 

Emneansvarlig

Marianne Moberg
Renate Alvestad
Oda Marie Nilsen
Bjarte Johnsen