64HH95C Psykiske lidingar og ruslidinga, symptom og behandling

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      10
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieprogram
      Psykisk helsearbeid og rusarbeid
    • Startsemester
      2025 Vår

Om emnet

Emnet gir innsikt i ulike forståingsmodellar, samt kunnskap om kva som kan påverka den psykiske helsa i ulike utviklingsfasar. Emnet gir også kunnskap om ulike psykiske lidingar og ruslidingar i eit livsløpsperspektiv.

Tema som inngår i emnet:

  • Normalitet og avvik
  •  Psykiske lidingar og ruslidingar i eit heilheitleg perspektiv (biologiske, psykologiske og sosiologiske forståingsmodellar)
  •  Psykiske lidingar og ruslidingar;

·                     Diagnosegrupper

·                     ROP-lidingar

·                     førebyggingsstrategiar og behandlingsmetodar

  •  Sjølvmord, sjølvmordsforsøk og sjølvskading
  •  Utviklingsforstyrringar, atferdsforstyrringar og kjenslemessige forstyrringar som oppstår i barndom og ungdomsalder
  •  Vald og seksuelle overgrep
  •  Barn som pårørande
  •  Aldring og sårbarheit for psykiske lidingar og ruslidingar, inklusive demens

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om dei ulike forståingsmodellane innan psykisk helsearbeid og rusarbeid, samt omgrep, prosessar og faglege verktøy som nyttast innan fagfeltet
  • har innsikt i diagnosegrupper, særtrekk og relaterte tilstandar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid, samt relevant regelverk knytt til oppfølging av menneske med problematikk innan psykisk helse og rus
  • har bransjekunnskap og kjennskap til ulike psykiske lidingar og ruslidingar i ulike livsfasar og korleis ein førebygger og behandlar desse
  • kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap om sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar og ruslidingar
  • forstår eiga yrkesrolle og kompetansenivå i møte med menneske med sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar og ruslidingar og deira pårørande

Ferdigheter

Studenten:

  • kan anvenda fagleg kunnskap om utviklingsteori og ulike forstyrringar i møte med menneske med sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar og ruslidingar, samt deira pårørande
  • kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar for å kartlegga symptom på, eller fare for, sjølvskading, sjølvmordsforsøk og sjølvmord hos ulike aldersgrupper
  • kan finna relevant og fagleg informasjon og fagstoff om symptom på sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar og ruslidingar, samt endringar i symptombildet
  • kan kartlegga ein situasjon, identifisera tidlege teikn på psykiske plager i ulike aldersgrupper og livsfasar, samt identifisera behov for iverksetting av tiltak

Generell kompetanse

Studenten:

  • har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp i møte med menneske med psykiske lidingar og ruslidingar samt deira pårørande
  • har utvikla ei etisk grunnhaldning i si yrkesutøving samt i møte med menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
  • kan utføra arbeid knytt til behov hos sårbare menneske med risiko for utvikling av, eller som alt har etablerte utfordringar knytt til psykisk helse og rus
  • kan bygga relasjonar med fagfeller, og på tvers av fag, for å skapa rammer rundt menneske med psykiske lidingar eller ruslidingar
  • kan utvikla arbeidsmetodar for å kartlegga og identifisera tidlege teikn på psykiske plager i ulike aldersgrupper og livsfasar

Vurdering

  • 1 individuell oppgåve
  • 1 gruppeoppgåve med framlegg

For å gå videre til neste emne må alle arbeidskrav være godkjent og alle vurderingskrav være bestått.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
72 Time(r)
Deltid
Asynkron undervisning
111 Time(r)
Deltid
Sjølvstudium
116 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

  • 5 refleksjonsloggar
  • 2 test deg sjølv

For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og bestått.

Fagressursar

Evjen, R., Kielland, K. B. og Øiern, T. (2018) Dobbelt opp. Oslo, Univ.forlaget

Fekjær, H.O. (2016) Rus ,4.utg., Oslo, Gyld. Akademiske, Del 4 KOMPENDIUM (ikkje kjøp)

Håkonsen, K.M. (2014) Psykologi og psykiske lidelser. Gyldendal Akademiske

(del  6)

Lossius, K. red. (2021) Håndbok i rusbehandling, Oslo, Gyldendal akademiske

Rokstad, A.M.M og Smebye K.L. red (2020) Personer med demens, Oslo, Cappelen Damm

Grøholt, B., Garløv, I., Weidle, B. og Ramleth, RK. (2022) Lærebok i barne- og ungdomspsykiatri. 6. utg. Oslo, Universitetsforlaget.

 

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Administrasjon
  • Psykisk helsearbeid og rusarbeid

Emneansvarlig

Bjarte Johnsen
kjersti.lyssand.lindbom@vlfk.no
Marianne Moberg
Rebecca Hoff Vangsnes