64HH95C Psykiske lidingar og ruslidinga, symptom og behandling

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      10
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieprogram
      Psykisk helsearbeid og rusarbeid
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

Emnet gir innsikt i ulike forståingsmodellar, samt kunnskap om kva som kan påverka den psykiske helsa i ulike utviklingsfasar. Emnet gir også kunnskap om ulike psykiske lidingar og ruslidingar i eit livsløpsperspektiv.

Tema som inngår i emnet:

Normalitet og avvik

• Psykiske lidingar og ruslidingar i eit heilheitleg perspektiv (biologiske, psykologiske og sosiologiske forståingsmodellar)

• Psykiske lidingar og ruslidingar;

·                     Diagnosegrupper

·                     ROP-lidingar

·                     førebyggingsstrategiar og behandlingsmetodar

• Sjølvmord, sjølvmordsforsøk og sjølvskading

• Utviklingsforstyrringar, atferdsforstyrringar og      kjenslemessige forstyrringar som oppstår i barndom og ungdomsalder

• Vald og seksuelle overgrep

• Barn som pårørande

• Aldring og sårbarheit for psykiske lidingar og ruslidingar, inklusive demens

 

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •          har kunnskap om dei ulike forståingsmodellane innan psykisk helsearbeid og rusarbeid, samt omgrep, prosessar og faglege verktøy som nyttast innan fagfeltet
  •          har innsikt i diagnosegrupper, særtrekk og relaterte tilstandar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid, samt relevant regelverk knytt til oppfølging av menneske med problematikk innan psykisk helse og rus
  •          har bransjekunnskap og kjennskap til ulike psykiske lidingar og ruslidingar i ulike livsfasar og korleis ein førebygger og behandlar desse
  •          kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap om sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar og ruslidingar
  •          forstår eiga yrkesrolle og kompetansenivå i møte med menneske med sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar og ruslidingar og deire pårørande

Ferdigheter

Studenten:

  •          kan anvenda fagleg kunnskap om utviklingsteori og ulike forstyrringar i møte med menneske med sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar og ruslidingar, samt deira pårørande
  •         kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar for å kartlegga symptom på, eller fare for, sjølvskading, sjølvmordsforsøk og sjølvmord hos ulike aldersgrupper
  •          kan finna relevant og fagleg informasjon og fagstoff om symptom på sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar og ruslidingar, samt endringar i symptombildet
  •          kan kartlegga ein situasjon, identifisera tidlege teikn på psykiske plager i ulike aldersgrupper og livsfasar, samt identifisera behov for iverksetting av tiltak

Generell kompetanse

Studenten:

  •          har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp i møte med menneske med psykiske lidingar og ruslidingar samt deira pårørande
  •          har utvikla ei etisk grunnhaldning i si yrkesutøving samt i møte med menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
  •          kan utføra arbeid knytt til behov hos sårbare menneske med risiko for utvikling av, eller som alt har etablerte utfordringar knytt til psykisk helse og rus
  •          kan bygga relasjonar med fagfeller, og på tvers av fag, for å skapa rammer rundt menneske med psykiske lidingar eller ruslidingar
  •          kan utvikla arbeidsmetodar for å kartlegga og identifisera tidlege teikn på psykiske plager i ulike aldersgrupper og livsfasar

Vurdering

Det blir knytt læringsutbyttebeskrivelsar til kvart arbeidskrav. Det blir også gitt vurdringskriterium for kvart arbeidskrav. I kva grad studenten oppfylt vurderingskriteria vil avgjera om arbeidskravet blir vurdert til godkjend. Når arbeidskravet endar ut i ei framføring/presentasjon må studenten delta /gjennomføra denne for å få godkjend.

Alle arbeidskrav må vera leverte og godkjende for å få emnekarateren bestått = Jamt god prestasjon, som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda

 

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
54 Time(r)
Asynkron undervisning
111 Time(r)
Sjølvstudium
116 Time(r)

Arbeidskrav

·                     x refleksjonsloggar

·                     1 individuell oppgåve

·                    1 gruppeoppgåve med framlegg

Fagressursar

Psykiske lidingar og ruslidinga, symptom og behandling

Evjen, R., Kielland, K. B. og Øiern, T. (2018) Dobbelt opp. Oslo, Univ.forlaget

Fekjær, H.O. (2016) Rus ,4.utg., Oslo, Gyld. Akademiske, Del 4 KOMPENDIUM (ikkje kjøp)

Håkonsen, K.M. (2014) Psykologi og psykiske lidelser. Gyldendal Akademiske

(del  6)

Lossius, K. red. (2021) Håndbok i rusbehandling, Oslo, Gyldendal akademiske

Rokstad, A.M.M og Smebye K.L. red (2020) Personer med demens, Oslo, Cappelen Damm

Grøholt, B., Garløv, I., Weidle, B. og Ramleth, RK. (2022) Lærebok i barne- og ungdomspsykiatri. 6. utg. Oslo, Universitetsforlaget.

 

Emneansvarlig

Bjarte Johnsen
kjersti.lyssand.lindbom@vlfk.no
Marianne Moberg