64HH95D Målretta miljøarbeid- brukarmedverknad og relasjonskompetanse i praksis
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng10
- StudiestadNordnes
- StudieprogramPsykisk helsearbeid og rusarbeid
- Startsemester2025 Vår
Om emnet
Emnet omhandlar bruk av målretta miljøarbeid for å fremma helse, forebygga psykiske lidingar og ruslidingar. Emnet gir også innsikt i ulike metodar, tiltak, rettar og plikter knytt til arbeid med psykisk helsearbeid og rusarbeid.
Tema som inngår i emnet:
- Brukarmedverknad
- Aktuelle lovverk, styringsdokument og rettleiarar
- Tvang og makt
- Målretta miljøarbeid
· Metodar, strategiar og tiltak i miljøarbeid
- Utvikling av relasjonskompetanse/refleksjon
- Kommunikasjon og samhandling
· Rettleiing av pasient/brukar og pårørande
· Fleirkulturell forståing i kommunikasjon og samhandling – bruk av tolk
· Tverrsektorielt, tverretatleg og tverrfagleg samarbeid
- Brukarorganisasjoner og frivilligheit
- Likemannsarbeid og sjølvhjelpsgrupper
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om omgrep, prosessar, samt faglege verktøy, metodar og tiltak innen målretta miljøarbeid som kan bidra til å forebygga psykiske helseplager og rusmiddelproblematikk
- har innsikt i lov- og regelverk som er relevant for arbeid med psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har bransjekunnskap og kjennskap til målretta miljøarbeid i arbeidet med menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
- har bransjekunnskap og kjennskap til ulike tilbod for menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
- kan oppdatera sin yrkesfaglege kunnskap innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- forstår betydninga av målretta miljøarbeid i møte med psykiske lidingar og ruslidingar
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvenda fagleg kunnskap for å forebygga bruk av tvang og makt innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar i kommunikasjon og samhandling med pasientar/brukarar i ulike aldersgrupper
- kan finna informasjon og fagstoff om målretta miljøarbeid som er relevant for brukarmedverknad, relasjonsbygging og samhandling med pasient/brukar og pårørande
- kan kartlegga ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar og behov for iverksetting av tiltak innan målretta miljøarbeid med menneske med problematikk knytt til psykiske lidingar og ruslidingar
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp som gjeld innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i forhold til bruk av makt og tvang, samt til bruk av metodar, strategiar og tiltak innan målretta miljøarbeid
- kan utføra arbeid med målretta miljøterapi i samsvar med behovet hos menneske med psykiske lidingar og ruslidingar, samt dera pårørende
- kan bygga relasjonar med fagfeller og på tvers av fag for å ivareta behov for omsorg, behandling og oppfølging hos menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
- kan utvikla arbeidsmetodar som ivaretar tverrfagleg, tverretatleg og tverrsektorielt samarbeid som har relevans for psykisk helsearbeid og rusarbeid
Vurdering
- 1 individuell oppgåve
- 1 gruppeoppgåve med framlegg
For å gå videre til neste emne må alle arbeidskrav være godkjent og alle vurderingskrav være bestått.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 72 Time(r) | Deltid |
Asynkron undervisning | 111 Time(r) | Deltid |
Sjølvstudium | 116 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- 5 refleksjonsloggar
- 2 test deg sjølv
For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og bestått.
Fagressursar
Evjen, R., Kielland, K. B. og Øiern, T. (2018) Dobbelt opp. Oslo, Univ.forlaget
Lauveng, A. (2020) Grunnbok i psykisk helsearbeid, Universitetsforlaget.
Håkonsen, K.M. (2014) Psykologi og psykiske lidelser. Gyldendal Akademiske (kap 19)
Kunnskapssenteret: Modell for kvallitetsforbedring (10 s) http://www.helsebiblioteket.no/kvalitetsforbedring/slik-kommer-du-i-gang/modell-for- kvalitetsforbedring
Lingås, L. og Herheim, Å. (2008) Kommunikasjon og samarbeid – utvikling av relasjonskompetanse.
Cappelen Damm, (Kap 3-10)
Skau, G.M. (2013) mellom makt og hjelp. Oslo, Universitetsforlaget, 4. utg. Kap 1-7
Strand, L. (1990) Fra kaos mot samling, mestring og helhet, Oslo, Gyldendal akademisk kap. 3-
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Administrasjon
- Psykisk helsearbeid og rusarbeid