64HH95D Målretta miljøarbeid- brukarmedverknad og relasjonskompetanse i praksis

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      10
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieprogram
      Psykisk helsearbeid og rusarbeid
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

Emnet omhandlar bruk av målretta miljøarbeid for å fremma helse, forebygga psykiske lidingar og ruslidingar. Emnet gir også innsikt i ulike metodar, tiltak, rettar og plikter knytt til arbeid med psykisk helsearbeid og rusarbeid.

Tema som inngår i emnet:

Brukarmedverknad

• Aktuelle lovverk, styringsdokument og rettleiarar

• Tvang og makt

• Målretta miljøarbeid

·                     Metodar, strategiar og tiltak i miljøarbeid

• Utvikling av relasjonskompetanse/refleksjon

• Kommunikasjon og samhandling

·                     Rettleiing av pasient/brukar og pårørande

·                     Fleirkulturell forståing i kommunikasjon og samhandling – bruk av tolk

·                     Tverrsektorielt, tverretatleg og tverrfagleg samarbeid

• Brukarorganisasjoner og frivilligheit

• Likemannsarbeid og sjølvhjelpsgrupper

 

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •          har kunnskap om omgrep, prosessar, samt faglege verktøy, metodar og tiltak innen målretta miljøarbeid som kan bidra til å forebygga psykiske helseplager og rusmiddelproblematikk
  •          har innsikt i lov- og regelverk som er relevant for arbeid med psykisk helsearbeidog rusarbeid
  •          har bransjekunnskap og kjennskap til målretta miljøarbeid i arbeidet med menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
  •         har bransjekunnskap og kjennskap til ulike tilbod for menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
  •          kan oppdatera sin yrkesfaglege kunnskap innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
  •          forstår betydninga av målretta miljøarbeid i møte med psykiske lidingar og ruslidingar

Ferdigheter

Studenten:

  •          kan anvenda fagleg kunnskap for å forebygga bruk av tvang og makt innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
  •          kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar i kommunikasjon og samhandling med pasientar/brukarar i ulike aldersgrupper
  •          kan finna informasjon og fagstoff om målretta miljøarbeid som er relevant for brukarmedverknad, relasjonsbygging og samhandling med pasient/brukar og pårørande
  •          kan kartlegga ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar og behov for iverksetting av tiltak innan målretta miljøarbeid med menneske med problematikk knytt til psykiske lidingar og ruslidingar

Generell kompetanse

Studenten:

  •          har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp som gjeld innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
  •          har utvikla ei etisk grunnhaldning i forhold til bruk av makt og tvang, samt til bruk av metodar, strategiar og tiltak innan målrett miljøarbeid
  •          kan utføra arbeid med målretta miljøterapi i samsvar med behovet hos menneske med psykiske lidingar og ruslidingar, samt dera pårørende
  •          kan bygga relasjonar med fagfeller,  og på tvers av fag,  for å ivareta behov for omsorg, behandling og oppfølging hos menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
  •          kan utvikla arbeidsmetodar som ivaretar tverrfagleg, tverretatleg og tverrsektorieltsamarbeid som har relevans for psykisk helsearbeid og rusarbeid

Vurdering

Det blir knytt læringsutbyttebeskrivelsar til kvart arbeidskrav. Det blir også gitt vurdringskriterium for kvart arbeidskrav. I kva grad studenten oppfylt vurderingskriteria vil avgjera om arbeidskravet blir vurdert til godkjend. Når arbeidskravet endar ut i ei framføring/presentasjon må studenten delta /gjennomføra denne for å få godkjend.

Alle arbeidskrav må vera leverte og godkjende for å få emnekarateren bestått = Jamt god prestasjon, som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
54 Time(r)
Asynkron undervisning
111 Time(r)
Sjølvstudium
116 Time(r)

Arbeidskrav

·                     x refleksjonsloggar

·                     1 individuell oppgåve

·                     1 gruppeoppgåve med framlegg

Fagressursar

Målretta miljøarbeid- brukarmedverknad og relasjonskompetanse i praksis

Evjen, R., Kielland, K. B. og Øiern, T. (2018) Dobbelt opp. Oslo, Univ.forlaget

Lauveng, A. (2020) Grunnbok i psykisk helsearbeid, Universitetsforlaget.

Håkonsen, K.M. (2014) Psykologi og psykiske lidelser. Gyldendal Akademiske (kap 19)

Kunnskapssenteret: Modell for kvallitetsforbedring (10 s) http://www.helsebiblioteket.no/kvalitetsforbedring/slik-kommer-du-i-gang/modell-for- kvalitetsforbedring

Lingås, L. og Herheim, Å. (2008) Kommunikasjon og samarbeid – utvikling av relasjonskompetanse.

Cappelen Damm, (Kap 3-10)

Skau, G.M. (2013) mellom makt og hjelp. Oslo, Universitetsforlaget, 4. utg. Kap 1-7

Strand, L. (1990) Fra kaos mot samling, mestring og helhet, Oslo, Gyldendal akademisk kap. 3-

 

Emneansvarlig

Bjarte Johnsen
kjersti.lyssand.lindbom@vlfk.no
Marianne Moberg