Elkraft Førde

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Elkraft
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieform
      Heiltid, Deltid
    • Startsemester
      2023 Haust

Elkraft Førde

Om studiet

Ein fagteknikar må kunne handtere ein tverrfagleg kvardag, samstundes må fagteknikaren kunne utøve og tileigne seg avansert kompetanse på eige fagfelt. Elektrobransjen blir

stadig meir internasjonal og internasjonale standardar har ført til at krav frå styresmaktene blir stadig strengare. Elkraftutdanninga skal til ei kvar tid vere i tråd med krav frå det offentlege.

Det gild både vurdering av teknisk kvalitet, helse miljø og tryggleik (HMT) og økonomi knytt til elektroteknisk verksemd.

Utdanninga skal tilby fagleg opplæring som er tilpassa dagens krav og skal stimulere studentane sine leiarferdigheiter med vekt på åtferd og haldningar. Prosjektarbeid skal trene studentane til god kommunikasjon med framtidige medarbeidarar og digitale verktøy skal kunne brukast effektivt.

Fagområdet er vidt og består av emne som til dømes produksjon, overføring, lysanlegg, varmeanlegg, enøk, linjebygging, dimensjonering av elektriske installasjonar og elektroniske kommunikasjonsnett, elektriske maskiner, styringsteknikk og overvaking. Ein ferdig utdanna fagteknikar skal ha solid praksis og oppdaterte teoretiske kunnskapar som byggjer vidare på denne praksisen. Studenten skal skaffe seg kunnskap om alternative energikjelder. Etter studiet skal studentane kunne velje gode og relevante løysingar som er miljøvenlege òg som gir minst mogeleg skade på miljøet. Dei skal og kunne gire greie for val av tekniske løysingar og faglege val.

Fagskulen Vestland nyttar ny studieplan som er i tråd med krav frå elektrobransjen i landet. Studieplanen er utarbeidd på grunnlag av endring i kvalifikasjonskrav, i tillegg til behovet for tilpassing til ny teknologi og til endringar i marknaden. Bakgrunnen for studieplanen er at arbeidstakarar med fagskuleutdanning i elkraft står for ein vesentleg del av rekrutteringa til faglege leiarar i elektrobedrifter. Fagleg ansvarlege i elektrobransjen er ved forskrift pålagd å ha installatørprøven. Meir enn 80 % av kandidatane til installatørprøven kjem frå fagskuleutdanninga.

Studieplanen er lagt til rette for ei optimalt tilpassa utdanning til regionalt og nasjonalt kompetansebehov. Den tek omsyn til el-entreprenørutdanning som er tilpassa Interkontrollforskrifta sine prinsipp, ny teknologi og framtidas marknad. Elkraftutdanninga dekkjer Forskrift om elektroforetak og kvalifikasjonskrav (FEK) sine formelle krav til utdanning. Den gir òg ei oppdatering av utviklinga av teknologi, marknad og kompetansebehov i elkraftbransjane. Utdanninga har eit fagleg innhald som gir grunnlag for auka trivsel, kvalitet, effektivitet og lønnsemd i bedrifter som vel desse fagteknikarane til tekniske- og faglege leiarar.

Læringsutbyte

Kunnskapsdepartementet har fastsett "Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring" (NKR). Ei toårig utdanning på fagskulenivå skal vere på nivå 5.2 i NKR. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein brukar då omgrepa overordna LUB og emne LUB.

Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.

Kunnskap

Studenten:

·     har kunnskap om økonomistyring, marknadsarbeid og organisering og leiing av ei bedrift

·     kan gjere greie for metodar for driftsanalysar og feildiagnostisering i elektriske og elektroniske nett

·     har kunnskap om elektrotekniske teoriar

·     har kunnskap om helse, miljø og tryggleik ved drift, tilsyn og feilretting av elektriske anlegg

·     har kunnskap om terminologi, elektromagnetisk teori og elektriske måleverktøy som vert nytta ved arbeid på elektriske og elektroniske nett

·     har kunnskap om krav til dokumentasjon og relevant regelverk for arbeid innan elkraft, som t.d. «Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr»

·     har kunnskap om kraftproduksjon, distribusjon, installasjon og tilhøyrande elektriske styresystem

·     har innsikt i og kan oppdatere sin kunnskap rundt sentrale omgrep og teoriar som brukast innan elkraft

·     har kunnskap om kraftbransjens historiske utvikling og påverknad på samfunnet

·     har kunnskap om framtidsutsikter innan elkraft og kan finne fram, bruke og oppdatere kunnskapen innan elkraft

Ferdigheter

Studenten:

·     kan vurdere organisering og leiing av ei bedrift i samanheng med fagleg arbeid og utføre marknadsarbeid

·     kan gjere greie for val av elektrotekniske komponentar og system innanfor elektriske installasjonar, kraftproduksjon og distribusjon

·     kan løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innan elektroteknikk, elektriske og elektroniske installasjonar, og kraftproduksjon og distribusjon

·     kan finne, bruke og vise til relevant informasjon, datablad og fagstoff innan elektrotekniske, elektriske og elektroniske installasjonar, kraftproduksjon og –distribusjon

·     kan utføre kartlegging og dokumentasjon knytt til elektriske og elektroniske installasjonar, kraftproduksjon og –distribusjon og kan identifisere elektrotekniske problemstillingar i samband med dette arbeidet

·     kan kartlegge daglege situasjonar og problemstillingar innan elektriske og elektroniske installasjonar, kraftproduksjon og –distribusjon og samtidig vere ansvarleg for eigen og andre sin tryggleik

·     kan gjere greie for samspel mellom elektrotekniske komponentar og bruk av desse

Generell kompetanse

Studenten:

·     forstår kraftbransjens samfunnsansvar og miljøutfordringar ved bruk og utvikling av naturressursar

·     kan planleggje og prosjektere elektrotekniske og elektriske anlegg i samsvar med gjeldande forskrifter utarbeida av DSB og NKOM.

·     kan førestå drift og vedlikehald av elektriske anlegg.

·     kan utføre påliteleg arbeid slik at verken elektriske anlegg eller produkt fører til fare for liv, helse, miljø og materielle verdiar.

·     kan utføre elektroteknisk arbeid og spesifisere og risikovurdere arbeidet i samsvar med kunden sin spesifikasjon

·     kan samarbeide med fagfolk innan eige fagfelt og andre fagdisiplinar

·     kan delta i elektrofaglege fora og utveksle synspunkt på kvalitetsheving av praksis.

·     kan bidra til å utvikle kvalitetssystem og prosedyrar innan eige fagfelt

·     kan brukast som mellomledd mellom leiarar og arbeidarar ved å bruke praktisk bakgrunn og teoretiske kunnskapar

·     kan brukast som mellomledd mellom praktisk fagfelt og teoretisk fagfelt

Opptak

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

Formelle opptakskrav

For studium elkraft er relevante fagbrev/sveinebrev frå utdanningsprogrammet elektrofag.

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Realkompetansen må oppfylle læreplanmål i videregående opplæring innen relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som tilsvarer VG1 og VG2 i yrkesfaglig utdanningsprogram.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

 

Organisering av studiet

Utdanninga har to gjennomføringsmodellar:

  • To-årig utdanning som heiltidsstudium
  • To-årig utdanning fordelt over tre år som nettbasert studium med samling

Utdanninga er bygd opp av emne. Emna består av fleire tema. Kvart emne vert tildelt studiepoeng etter den relative vektinga det har i arbeidsbelastning for studentane og læringsutbytte i utdanninga. Det vert gitt 60 studiepoeng for læringsutbytte oppnådd på bakgrunn av eitt års bestått fagskuleutdanning på heiltid og 40 studiepoeng for læringsutbytte oppnådd på bakgrunn av eitt års bestått nettstudium med samling. Ved gjennomført heiltidsstudium og nettbasert studium med samling vert det totalt 120 studiepoeng.

Timebelastninga for eit studium på heiltid er 1700 timar per studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigearbeid for studentane.

Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar på Teams. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Vi nyttar funksjonar som chat, deling av dokument og kommunikasjon gjennom samtale eller video og samtale. Rettleiinga kan vere samtale om kva studenten skal gjere for å utvikle seg vidare.

Arbeidsmengde i Elkraft Førde, nettbasert studium med samling

EmnebeskrivelseEgenstyrt aktivitetTimeplanfesta timerUndervisningSjølvstudiumSum
65TX00A E1 Realfagleg reiskap00286190476
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon00152131283
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)2493400283
65TE00A E4 Elektriske system00380187567
65TE00B E5 Elektroniske systemer00152131283
65TE13A E6 Installasjonssystemer og automatiserte anlegg00198171369
65TE13B E7 Elektrisk kraftproduksjon og -distribusjon00182158340
65TE13C E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)00152131283
65TE13D E9 Elektriske installasjoner og elenergianlegg00228197425
65TX00D E10 Hovudprosjekt2801000290
Sum52944173012963599
Elkraft Førde, heiltidsstudium
Elkraft Førde, nettbasert studium med samling

Elkraft Førde, nettbasert studium med samling

Læringsformer

I vårt arbeid som læringsleiar vil mange undervisningsformer og læringsaktivitetar verte brukte. Prinsippet om variasjon i undervisninga gjer at vi nyttar mange læringsaktivitetar. Studentane får høve til å medverke når læringsaktivitetane vert bestemt. Det faglege innhaldet i undervisninga vil i mange høve styre læringsaktiviteten.

I nettstudie med samling nyttar vi dei pedagogiske prinsippa vi har skissert over. Vi nyttar digital kommunikasjon for å gjennomføre læringsaktivitetane i periodane utanom samling. Det vert lagt vekt på rettleiing og oppfølging gjennom dialog.

Aktuelle undervisningsformer og læringsaktivitetar er:

  • Førelesingar
  • Dialogprega undervisning med erfaringsdeling
  • Praksisorientert undervisning med arrangerte og tilrettelagde øvingar
  • Gruppeoppgåver og individuelle oppgåver med rettleiing i grupper og individuelt
  • Munnleg framlegg
  • Presentasjonar
  • Prosjektarbeid med tverrfagleg fokus
  • Ekskursjonar/studieturar
  • Praktisk arbeid
  • Mappemetodikk (utviklingsmappe, resultatmappe)
  • Logg
  • Observasjon og refleksjon
  • Refleksjon over eige/andre sitt arbeid
  • Læringsnotat
  • Medstudentvurdering
  • Vurdering som læring
  • Vurdering for læring
  • Fagsamtalar
  • Sjølvstudium
  • Nettstøtta læring med videosnuttar
  • Digitalt støtta læring og rettleiing
  • Ulike former for arbeid i grupper

Undervisningsformer

Undervisninga ved Fagskulen Vestland tek utgangspunkt i nyare pedagogisk forsking. Våre lærarar har fokus på å vere læringsleiarar og på den måten gjennomføre effektiv læring for studentane. Å vere læringsleiar er i hovudsak å legge til rette for at studentane vert aktivisert i læringsarbeidet. Vi vel å aktivisere studentane samstundes som vi kortar ned einvegsdialog der lærer føreles i lengre periodar. Sentrale element i vår pedagogikk er læraren sin relasjon og dialog med studentane og studentane sin eigenaktivitet og eigenvurdering.

Læringsaktivitetane skal vere relevante og målretta i høve til læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga. I det pedagogiske arbeidet vektlegg vi i tillegg til fagleg utvikling, at studentane utviklar evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Vi vel òg å legge vekt på at studentane skal utvikle evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og at dei skal kunne foreta etiske refleksjonar.

Vi ser det som vesentleg å nytte tovegs dialog i undervisninga. Når fagstoff vert presentert av læraren kan han nytte studentane sine praktiske erfaringar. Erfaringane er gode å knytte til teorien og det skaper gode diskusjonar i klassen. Vi bygger på denne måten opp det som er særprega ved fagskuleutdanninga.

Vurdering

Vurdering ved Fagskulen Vestland har fleire mål. Vurderinga skal kunne måle kompetansen til studentane og fremje læring.

Når vurderinga skal måle kompetanse vert omgrepet sluttvurdering nytta. Sluttvurderinga skal måle kompetansen på slutten av undervisning av eit emne. For å måle kompetanse nyttar vi mellom anna eksamen (skriftleg og munnleg), heildagsprøve, vurderingsmappe, prosjektoppgåver, gruppeoppgåver, innleveringar, læringsnotat og liknande.

Når vurdering vert nytta som reiskap for at studentane skal lære meir er det ei formativ vurdering eller ei undervegsvurdering. Denne vurderinga skal vere slik at studentane kan nytte vurderingane til å oppdatere seg og arbeide med dei områda der dei har manglande kompetanse. Vurderinga skal vere retta mot kva studenten kan gjere betre. På denne måten vert vurdering ei rettleiing for studentane. Denne forma for vurdering vert nytta mellom anna i vurderingssituasjonar som tradisjonelle prøver, oppgåver, prosjektarbeid, gruppeoppgåver, innleveringar, fagsamtalar, framføringar, læringsnotat og refleksjonsnotat. Vurderinga kan vere både skriftleg og munnleg. I mange samanhengar gir det godt utbytte for studenten at det vert nytta skriftleg tilbakemelding som vert følgt opp munnleg.

Når vurdering skal vere ein læringsmetode vert omgrepet «vurdering som læring» nytta. Typisk for denne vurderinga er at studentane vurderer sitt eige arbeid eller medstudentar sitt arbeid. Noko av dei mest effektive læringsmetodane er når studentar skal sette seg inn i andre studentar sitt arbeid og gi vurdering av dette arbeidet. Når studenten skal forklare medstudentane sitt arbeid oppstår det ofte gode drøftingar og refleksjonar.

Ved å nytte vurdering som metode ønskjer vi at studentane skal kunne lære like mykje av kvarandre som av læraren. Vi ønskjer med dette å fremme ein aktivitet som gjer studenten medviten om sin eigen kompetanse. På denne måten vert læringa meir effektiv.

Arbeidskrav

Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. Arbeidskrav inngår i den formative delen av læreprosessen.

Arbeidskrav kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege framlegg/presentasjonar, læringsnotat og medstudentvurdering av læringsnotat, og laboratorieøvingar.

Faglærar vurderer arbeidskrava. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrav som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende.

Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent. Studentane har høve til å kontakte lærar før innleveringsfristen. Lærar kan i slike tilfelle lage avtalar med studentane. Til vanleg vert det gitt fleire oppgåver enn det som er arbeidskrav. På denne måten kan studenten oppnå det tal arbeidskrav som vert kravd i emnet.

Hovudprosjekt er ein sentral del av studiet. Studentane vil møte prosjekt som arbeidsform når dei skal ut i arbeidslivet. Hovudprosjektet vil difor bli god trening og eit nyttig reiskap.

Sjølv om hovudprosjektet skal vere sjølvvalt, ønskjer Fagskulen at studentane i størst mogleg grad samarbeider med næringslivet. Det skaper større realisme og gjer prosjektet meir relevant.

Prosjektoppgåva skal uansett knytast mot aktuelle tema i næringslivet.

Rettleiing

Prosjektgruppene er sjølv ansvarlege for gjennomføring av prosjektet. Dei har høve til å få rettleiing av lærar i hovudprosjekt-emnet og i noko grad av faglærarane i øvrige emne. I tillegg får studentane utlevert ei rettleiande prosjekthandbok.

Lærarane har rolle som rettleiarar. Kvar enkelt student må ta sjølvstendige avgjersle til beste for gruppa. Eksterne personar i næringslivet kan nyttast ved behov.

Sluttvurdering

I kvart emne skal det gjerast ei sluttvurdering av studenten etter læringsutbyttet i emnet. Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i den enkelte studieplanen. Det skal vere ei heilskapsvurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen til studenten i alle tema i emnet.

Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. Om vurderingsforma i emnet er ein eksamen, vert det i tillegg oppnemnde ein medsensor.

Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan få endeleg karakter i eit emne.

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §5-3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om klage på emnekarakter.

Vurdering vert gjennomført slik at fagskulen kan vurdere på eit sikkert grunnlag om studenten har nådd læringsutbyttet i studieplanen for utdanninga, jf. fagskoleloven § 21 første ledd.

Det skal nyttast bokstavkaraktar frå A til F. Karakteren A er beste karakter, og F inneber at emnet eller eksamen ikkje er bestått.

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om vurdering og eksamen.

Sluttdokumentasjon

Studentane som fullfører og består fagskuleutdanning, får eit vitnemål som dokumentasjon.

På vitnemålet står utdanning, eventuell fordjuping og tittel på hovudprosjektet. Vitnemålet inneheld dei emna som inngår i utdanninga. To-årig utdanning på heiltid og tre-årig nettutdanning med samling utgjer 120 studiepoeng. I kvart emne står det omfang i form av studiepoeng og oppnådd karakter. For at det skal kunne skrivast ut vitnemål, må heile studiumet vere fullført, og eksamen vere avlagt og bestått.

Etter avbroten utdanning eller ikkje bestått utdanning vert det skrive ut ei karakterutskrift som dokumentasjon på kva enkeltemne som er bestått.

Vitnemålet vert merka med Vocational Diploma VC, med tanke på internasjonalt bruk. Vitnemålet vil i tillegg innehalde overordna læringsutbyttebeskriving.

Emneinnhold i Elkraft Førde, nettbasert studium med samling

EmnebeskrivelseInnholdStudiepoeng
65TX00A E1 Realfagleg reiskap

Matematikk (6 sp) 

Fysikk (4 sp)

10
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon

Norsk (7 sp)

Engelsk (3 sp)

10
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

Organisasjon og leiing

Økonomistyring

Marknadsføring

10
65TE00A E4 Elektriske system

Kretsteknikk i like- og vekselstraumskretsar

Magnetisme og statisk elektrisitet

Måleteknikk og laboratoriearbeid

Teikne- og simuleringsverktøy

20
65TE00B E5 Elektroniske systemer

Analog- og digitalteknikk

Mikrokontrollteknikk

Elektronisk kommunikasjon

Elektronisk måleteknikk og laboratoriearbeid

10
65TE13A E6 Installasjonssystemer og automatiserte anlegg

Fagleg leiing (integrert)

Risikovurdering

Elektriske anlegg og utstyr

Styrings- og reguleringssystem

Tavler og koblingsutstyr

Byggautomatisering og energibruk

Elektronisk kommunikasjon

Dimensjonering og måleteknikk

Driftstilstands- og feiltilstandsanalyser

Dokumentasjon

13
65TE13B E7 Elektrisk kraftproduksjon og -distribusjon

Fagleg leiing

Risikovurdering

Elektriske maskiner og omformarar

Bryteranlegg og koblingsutstyr

Elektriske overføringsanlegg og -utstyr

Styrings- og reguleringssystem

Elektronisk kommunikasjon

Dimensjonering og måleteknikk

Driftsanalyser og feildiagnostikk

Dokumentasjon

12
65TE13C E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)

Ekom-regelverk

Risikovurdering

Planlegging

Prosjektering

Utføring

El-tryggleik/EMC

Infrastruktur

Kundenett

HMT

Kvalifikasjonar

10
65TE13D E9 Elektriske installasjoner og elenergianlegg

Fagleg leiing og ansvar

Risikovurdering

Lover, forskrifter, normer og rammevilkår

Eltryggleik

Internkontroll

Avtaler og kontrakter i praksis

Prosjektering

Prosjektleiing

15
65TX00D E10 Hovudprosjekt10
Sum120

Pensumliste

Elkraft Førde, nettbasert studium med samling

EmnebeskrivelsePensumliste
65TX00A E1 Realfagleg reiskap

Lærebøker E1 Realfagleg reiskap

Ekern, T. & Guldahl, Ø. & Holst, E. (2008) Matematikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2009) Fysikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Tabellar

Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabeller. Oslo, Gyl- dendal.

Tilrådd litteratur

Ekern, T., Guldahl, Ø. & Holst, E. (2016) Matematikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2018) Fysikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon

Fagbøker E2 Yrkesretta kommunikasjon

Norsk

Federl, Marion og Arve Hoel (2020): Norsk for fagskolen, 3. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Hellevik, Alf m. fl., 2012: Nynorsk ordliste. Oslo: Samlaget.

Hjulstad, Håvard og Sødal, Lars, 2008: Bokmålsordliste. Oslo: Samlaget.

 

Engelsk

Ytterdal, Marianne Roald (2020): Crossover – Practical and Technical English, 4. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Haslerud, Vibecke og Henriksen, Petter (red.), 2007: Engelsk blå ordbok. Engelsk - norsk / norsk engelsk.

Oslo: Kunnskapsforlaget.

65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

Hjertnes, Frode: Markedsføring, organisasjon og ledelse for LØM-emnet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024609

Hjertnes, Frode og Skorpen, Brynjulf: Økonomistyring for LØM-enmet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024678

Økonomi-illustrator, modul Entreprenør, utgitt av Learning by doing AS: Boka blir delt ut av faglærar, og rekning vil bli sendt frå Fagskulen Vestland.

65TE00A E4 Elektriske system

Lærebøker Emne 4 Elektriske system

Pelt T.van & Knol E.H. (1989) EL-lære 1 LIKESTRAUM. Oslo, NKI forlaget.

Pelt T.van & Knol E.H. (1989) OPPGÅVESAMLING EL-lære 1 LIKESTRAUM. Oslo, NKI forlaget.

Pelt T.van & Knol E.H. (1989) EL-lære 2a VEKSELSTRAUM. Oslo, NKI forlaget.

Pelt T.van & Knol E.H. (1989) OPPGÅVESAMLING EL-lære 2a VEKSELSTRAUM. Oslo, NKI forlaget.

 

Programvare

Circuit-Maker

 

Nettressursar

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar

65TE00B E5 Elektroniske systemer

Lærebøker Emne 5 Elektroniske system

Haug, Rolf (2013) Elektroniske systemer for teknisk fagskule. Oslo, Yrkeslitteratur AS.

Klefstad, Bjørn m/fleire (2015) Innføring i datakommunikasjon. Oslo, Gyldendal Akademisk.

Gundersen, Trygve (2017) Elektroteknisk formelsamling. Elforlaget.

 

Nettressursar

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar

65TE13A E6 Installasjonssystemer og automatiserte anlegg

Lærebøker emne 6 Installasjonssystemer og automatiserte anlegg

Hanssen, D.H.(2018) Progammerbare logiske styringer. 4. utgåve. Bergen, Fagbokforlaget.

Øvrebekk, S. & Olsen, P.-A (2016) Prosjektering av elektriske anlegg. Bergen, Fagbokforlaget.

Ormbostad, J. E. (2018) Montørhåndboka NEK 400:2022. Oslo, Elforlaget.

Ormbostad, J. E. (2018) Installasjonsguiden (tidl. Normguiden), NEK 400:2022. Oslo, Elforlaget.

 

Nettressursar

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar

65TE13B E7 Elektrisk kraftproduksjon og -distribusjon

Lærebøker emne 7 Elektrisk kraftproduksjon og -distribusjon

Dalva, M. & Thorsen, O. V.(2001) Elektriske maskiner og omformere, Oslo, Gyldendal Yrkesopplæring. NB!! Denne boka har forlaget slutta å produsere, Men viss studentar har tilgang til den, så er det greitt. NB!!

Sivertsen, Lasse, 2019, Elektriske maskiner (oppbygging, virkemåte og drift), Fagbokforlaget

Svarte, S. Sebergsen, J. H. (2002) Energiproduksjon og energidistribusjon (produksjon, nettsystemer og beregninger), Oslo, Gyldendal undervisning

Svarte, S. & Sebergsen, J. H. (2002) Energiproduksjon og energidistribusjon (jordfeil, anlegg og sikkerhet), Oslo, Gyldendal undervisning

Nettressursar

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter. www.standard.no – relevante reglar.

65TE13C E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)

Lærebøker Emne 8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM)

Aunan, E., Sandvik, H & Ramleth, K.J. (2002) EMC-håndboka. Oslo, Elforlaget.

Norsk Elektroteknisk Komite NK25/205/215 (2020) NEK 700 (NEK 701, NEK 702 & NEK 703). Oslo, Elforlaget.

Nettressursar

www.nkom.no

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar www.ren.no –relevante REN blad

65TE13D E9 Elektriske installasjoner og elenergianlegg

Lærebøker E9 Elektriske installasjoner og elenergianlegg

Norsk Elektroteknisk Komite NK64 (2018) NEK 400. Oslo Elforlaget.

Norsk Elektroteknisk Komite NK301 (2018) NEK 399. Oslo, Elforlaget.

Nettressursar

www.ren.no – relevante REN blad www.nelfo.no

www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante standardar

65TX00D E10 Hovudprosjekt
Sum