Elkraft Førde
Studiefakta
- FagområdeElkraft
- Studiepoeng120
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieformDeltid
- Startsemester2024 Haust
Elkraft Førde
Antall studieplasser
Om studiet
Ein teknikar må kunne handtere ein tverrfagleg kvardag, samstundes må fagteknikaren kunne utøve og tileigne seg avansert kompetanse på eige fagfelt. Elektrobransjen blir stadig meir internasjonal og internasjonale standardar har ført til at krav frå styresmaktene blir stadig strengare. Elkraftutdanninga skal til ei kvar tid vere i tråd med krav frå det offentlege.
Det gjeld både vurdering av teknisk kvalitet, helse miljø og tryggleik (HMT) og økonomi knytt til elektroteknisk verksemd.
Utdanninga skal tilby fagleg opplæring som er tilpassa dagens krav og skal stimulere studentane sine leiarferdigheiter med vekt på åtferd og haldningar. Prosjektarbeid skal trene studentane til god kommunikasjon med framtidige medarbeidarar og digitale verktøy skal kunne brukast effektivt.
Fagområdet er vidt og består av emne som til dømes produksjon, overføring, lysanlegg, varmeanlegg, enøk, linjebygging, dimensjonering av elektriske installasjonar og elektroniske kommunikasjonsnett, elektriske maskiner, styringsteknikk og overvaking. Ein ferdig utdanna fagteknikar skal ha solid praksis og oppdaterte teoretiske kunnskapar som byggjer vidare på denne praksisen. Studenten skal skaffe seg kunnskap om alternative energikjelder. Etter studiet skal studentane kunne velje gode og relevante løysingar som er miljøvenlege òg som gir minst mogeleg skade på miljøet. Dei skal og kunne gire greie for val av tekniske løysingar og faglege val.
Fagskulen Vestland nyttar ny studieplan som er i tråd med krav frå elektrobransjen i landet. Studieplanen er utarbeidd på grunnlag av endring i kvalifikasjonskrav, i tillegg til behovet for tilpassing til ny teknologi og til endringar i marknaden. Bakgrunnen for studieplanen er at arbeidstakarar med fagskuleutdanning i elkraft står for ein vesentleg del av rekrutteringa til faglege leiarar i elektrobedrifter. Fagleg ansvarlege i elektrobransjen er ved forskrift pålagd å ha installatørprøven. Meir enn 80 % av kandidatane til installatørprøven kjem frå fagskuleutdanninga.
Studieplanen er lagt til rette for ei optimalt tilpassa utdanning til regionalt og nasjonalt kompetansebehov. Den tek omsyn til el-entreprenørutdanning som er tilpassa Interkontrollforskrifta sine prinsipp, ny teknologi og framtidas marknad. Elkraftutdanninga dekkjer Forskrift om elektroforetak og kvalifikasjonskrav (FEK) sine formelle krav til utdanning. Den gir òg ei oppdatering av utviklinga av teknologi, marknad og kompetansebehov i elkraftbransjane. Utdanninga har eit fagleg innhald som gir grunnlag for auka trivsel, kvalitet, effektivitet og lønnsemd i bedrifter som vel desse fagteknikarane til tekniske- og faglege leiarar.
Læringsutbyte
Kunnskapsdepartementet har fastsett "Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring" (NKR). Ei toårig utdanning på fagskulenivå skal vere på nivå 5.2 i NKR. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein brukar då omgrepa overordna LUB og emne LUB.
Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om økonomistyring, marknadsarbeid og organisering og leiing av ei bedrift
- kan gjere greie for metodar for driftsanalysar og feildiagnostisering i elektriske og elektroniske nett
- har kunnskap om elektrotekniske teoriar
- har kunnskap om helse, miljø og tryggleik ved drift, tilsyn og feilretting av elektriske anlegg
- har kunnskap om terminologi, elektromagnetisk teori og elektriske måleverktøy som vert nytta ved arbeid på elektriske og elektroniske nett
- har kunnskap om krav til dokumentasjon og relevant regelverk for arbeid innan elkraft, som t.d. «Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr»
- har kunnskap om kraftproduksjon, distribusjon, installasjon og tilhøyrande elektriske styresystem
- har innsikt i og kan oppdatere sin kunnskap rundt sentrale omgrep og teoriar som brukast innan elkraft
- har kunnskap om kraftbransjens historiske utvikling og påverknad på samfunnet
- har kunnskap om framtidsutsikter innan elkraft og kan finne fram, bruke og oppdatere kunnskapen innan elkraft
Ferdigheter
Studenten:
- kan vurdere organisering og leiing av ei bedrift i samanheng med fagleg arbeid og utføre marknadsarbeid
- kan gjere greie for val av elektrotekniske komponentar og system innanfor elektriske installasjonar, kraftproduksjon og distribusjon
- kan løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innan elektroteknikk, elektriske og elektroniske installasjonar, og kraftproduksjon og distribusjon
- kan finne, bruke og vise til relevant informasjon, datablad og fagstoff innan elektrotekniske, elektriske og elektroniske installasjonar, kraftproduksjon og –distribusjon
- kan utføre kartlegging og dokumentasjon knytt til elektriske og elektroniske installasjonar, kraftproduksjon og –distribusjon og kan identifisere elektrotekniske problemstillingar i samband med dette arbeidet
- kan kartlegge daglege situasjonar og problemstillingar innan elektriske og elektroniske installasjonar, kraftproduksjon og –distribusjon og samtidig vere ansvarleg for eigen og andre sin tryggleik
- kan gjere greie for samspel mellom elektrotekniske komponentar og bruk av desse
Generell kompetanse
Studenten:
- forstår kraftbransjens samfunnsansvar og miljøutfordringar ved bruk og utvikling av naturressursar
- kan planleggje og prosjektere elektrotekniske og elektriske anlegg i samsvar med gjeldande forskrifter utarbeida av DSB og NKOM.
- kan førestå drift og vedlikehald av elektriske anlegg.
- kan utføre påliteleg arbeid slik at verken elektriske anlegg eller produkt fører til fare for liv, helse, miljø og materielle verdiar.
- kan utføre elektroteknisk arbeid og spesifisere og risikovurdere arbeidet i samsvar med kunden sin spesifikasjon
- kan samarbeide med fagfolk innan eige fagfelt og andre fagdisiplinar
- kan delta i elektrofaglege fora og utveksle synspunkt på kvalitetsheving av praksis.
- kan bidra til å utvikle kvalitetssystem og prosedyrar innan eige fagfelt
- kan brukast som mellomledd mellom leiarar og arbeidarar ved å bruke praktisk bakgrunn og teoretiske kunnskapar
- kan brukast som mellomledd mellom praktisk fagfelt og teoretisk fagfelt
Opptak
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
Formelle opptakskrav
For studium elkraft er følgjande fagbrev relevante:
- automatiseringsfaget
- avionikerfaget
- dataelektronikarfaget
- elektrikarfaget
- elektroreparatørfaget
- energimontørfaget
- energioperatørfaget
- fjernstyrte undervannsoperasjonar
- flymotormekanikarfaget
- flystrukturmekaninkarfaget
- flysystemmekanikarfaget
- heismontørfaget
- kulde- og varmepumpemontørfaget
- låsesmedfaget
- maritim elektrikarfaget (Vg4)
- produksjonselektronikarfaget
- romteknologifaget
- signalmontørfaget
- tavlemontørfaget
- telekommunikasjonsmontørfaget
- togelektrikarfaget
- ventilasjonsteknikkfaget
- viklarfaget
- viklar- og transformatormontørfaget
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Realkompetansen må oppfylle læreplanmål i videregående opplæring innen relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som tilsvarer VG1 og VG2 i yrkesfaglig utdanningsprogram.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Organisering av studiet
Utdanninga har følgjande gjennomføringsmodell:
- 120 studiepoeng fordelt over tre år som nettbasert studium med samling, noko som tilsvarar ein toårig utdanning på heiltid.
Utdanninga er bygd opp av emne. Emna består av fleire tema.
Timebelastninga for eit studium på heiltid er 1700 timar per studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigearbeid for studentane.
Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar på Teams. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Vi nyttar funksjonar som chat, deling av dokument og kommunikasjon gjennom samtale eller video og samtale. Rettleiinga kan vere samtale om kva studenten skal gjere for å utvikle seg vidare.
Arbeidsmengde i Elkraft Førde, nettbasert studium med samling
Emnebeskrivelse | Egenstyrt aktivitet | Timeplanfesta timer | Sum |
---|---|---|---|
65TX00A E1 Realfagleg reiskap | 442 | 34 | 476 |
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon | 255 | 28 | 283 |
65TE00A E4 Elektriske system | 492 | 68 | 560 |
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM) | 249 | 34 | 283 |
65TE00B E5 Elektroniske systemer | 246 | 34 | 280 |
65TE13B E7 Elektrisk kraftproduksjon og -distribusjon | 295 | 41 | 336 |
65TE13C E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM) | 246 | 34 | 280 |
65TE13A E6 Installasjonssystemer og automatiserte anlegg | 304 | 60 | 364 |
65TE13D E9 Elektriske installasjoner og elenergianlegg | 351 | 69 | 420 |
65TX00D E10 Hovudprosjekt | 280 | 10 | 290 |
Sum | 3160 | 412 | 3572 |
Læringsformer
I vårt arbeid som læringsleiar vil mange undervisningsformer og læringsaktivitetar verte brukte. Prinsippet om variasjon i undervisninga gjer at vi nyttar mange læringsaktivitetar. Studentane får høve til å medverke når læringsaktivitetane vert bestemt. Det faglege innhaldet i undervisninga vil i mange høve styre læringsaktiviteten.
I nettstudie med samling nyttar vi dei pedagogiske prinsippa vi har skissert over. Vi nyttar digital kommunikasjon for å gjennomføre læringsaktivitetane i periodane utanom samling. Det vert lagt vekt på rettleiing og oppfølging gjennom dialog.
Aktuelle undervisningsformer og læringsaktivitetar er:
- Førelesingar
- Dialogprega undervisning med erfaringsdeling
- Praksisorientert undervisning med arrangerte og tilrettelagde øvingar
- Gruppeoppgåver og individuelle oppgåver med rettleiing i grupper og individuelt
- Munnleg framlegg
- Presentasjonar
- Prosjektarbeid med tverrfagleg fokus
- Ekskursjonar/studieturar
- Praktisk arbeid
- Mappemetodikk (utviklingsmappe, resultatmappe)
- Logg
- Observasjon og refleksjon
- Refleksjon over eige/andre sitt arbeid
- Læringsnotat
- Medstudentvurdering
- Vurdering som læring
- Vurdering for læring
- Fagsamtalar
- Sjølvstudium
- Nettstøtta læring med videosnuttar
- Digitalt støtta læring og rettleiing
- Ulike former for arbeid i grupper
Undervisningsformer
Undervisninga ved Fagskulen Vestland tek utgangspunkt i nyare pedagogisk forsking. Våre lærarar har fokus på å vere læringsleiarar og på den måten gjennomføre effektiv læring for studentane. Å vere læringsleiar er i hovudsak å legge til rette for at studentane vert aktivisert i læringsarbeidet. Vi vel å aktivisere studentane samstundes som vi kortar ned einvegsdialog der lærer føreles i lengre periodar. Sentrale element i vår pedagogikk er læraren sin relasjon og dialog med studentane og studentane sin eigenaktivitet og eigenvurdering.
Læringsaktivitetane skal vere relevante og målretta i høve til læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga. I det pedagogiske arbeidet vektlegg vi i tillegg til fagleg utvikling, at studentane utviklar evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Vi vel òg å legge vekt på at studentane skal utvikle evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og at dei skal kunne foreta etiske refleksjonar.
Vi ser det som vesentleg å nytte tovegs dialog i undervisninga. Når fagstoff vert presentert av læraren kan han nytte studentane sine praktiske erfaringar. Erfaringane er gode å knytte til teorien og det skaper gode diskusjonar i klassen. Vi bygger på denne måten opp det som er særprega ved fagskuleutdanninga.
Vurdering
Vurdering ved Fagskulen Vestland har fleire mål. Vurderinga skal kunne måle kompetansen til studentane og fremje læring.
Når vurderinga skal måle kompetanse vert omgrepet sluttvurdering nytta. Sluttvurderinga skal måle kompetansen på slutten av undervisning av eit emne. For å måle kompetanse nyttar vi mellom anna eksamen (skriftleg og munnleg), heildagsprøve, vurderingsmappe, prosjektoppgåver, gruppeoppgåver, innleveringar, læringsnotat og liknande.
Når vurdering vert nytta som reiskap for at studentane skal lære meir er det ei formativ vurdering eller ei undervegsvurdering. Denne vurderinga skal vere slik at studentane kan nytte vurderingane til å oppdatere seg og arbeide med dei områda der dei har manglande kompetanse. Vurderinga skal vere retta mot kva studenten kan gjere betre. På denne måten vert vurdering ei rettleiing for studentane. Denne forma for vurdering vert nytta mellom anna i vurderingssituasjonar som tradisjonelle prøver, oppgåver, prosjektarbeid, gruppeoppgåver, innleveringar, fagsamtalar, framføringar, læringsnotat og refleksjonsnotat. Vurderinga kan vere både skriftleg og munnleg. I mange samanhengar gir det godt utbytte for studenten at det vert nytta skriftleg tilbakemelding som vert følgt opp munnleg.
Når vurdering skal vere ein læringsmetode vert omgrepet «vurdering som læring» nytta. Typisk for denne vurderinga er at studentane vurderer sitt eige arbeid eller medstudentar sitt arbeid. Noko av dei mest effektive læringsmetodane er når studentar skal sette seg inn i andre studentar sitt arbeid og gi vurdering av dette arbeidet. Når studenten skal forklare medstudentane sitt arbeid oppstår det ofte gode drøftingar og refleksjonar.
Ved å nytte vurdering som metode ønskjer vi at studentane skal kunne lære like mykje av kvarandre som av læraren. Vi ønskjer med dette å fremme ein aktivitet som gjer studenten medviten om sin eigen kompetanse. På denne måten vert læringa meir effektiv.
Arbeidskrav
Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. Arbeidskrav inngår i den formative delen av læreprosessen.
Arbeidskrav kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege framlegg/presentasjonar, læringsnotat og medstudentvurdering av læringsnotat, og laboratorieøvingar.
Faglærar vurderer arbeidskrava. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrav som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende.
Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent. Studentane har høve til å kontakte lærar før innleveringsfristen. Lærar kan i slike tilfelle lage avtalar med studentane. Til vanleg vert det gitt fleire oppgåver enn det som er arbeidskrav. På denne måten kan studenten oppnå det tal arbeidskrav som vert kravd i emnet.
Hovudprosjekt er ein sentral del av studiet. Studentane vil møte prosjekt som arbeidsform når dei skal ut i arbeidslivet. Hovudprosjektet vil difor bli god trening og eit nyttig reiskap.
Sjølv om hovudprosjektet skal vere sjølvvalt, ønskjer Fagskulen at studentane i størst mogleg grad samarbeider med næringslivet. Det skaper større realisme og gjer prosjektet meir relevant.
Prosjektoppgåva skal uansett knytast mot aktuelle tema i næringslivet.
Rettleiing
Prosjektgruppene er sjølv ansvarlege for gjennomføring av prosjektet. Dei har høve til å få rettleiing av lærar i hovudprosjekt-emnet og i noko grad av faglærarane i øvrige emne. I tillegg får studentane utlevert ei rettleiande prosjekthandbok.
Lærarane har rolle som rettleiarar. Kvar enkelt student må ta sjølvstendige avgjersle til beste for gruppa. Eksterne personar i næringslivet kan nyttast ved behov.
Sluttvurdering
I kvart emne skal det gjerast ei sluttvurdering av studenten etter læringsutbyttet i emnet. Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i den enkelte studieplanen. Det skal vere ei heilskapsvurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen til studenten i alle tema i emnet.
Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. Om vurderingsforma i emnet er ein eksamen, vert det i tillegg oppnemnde ein medsensor.
Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan få endeleg karakter i eit emne.
Vurdering vert gjennomført slik at fagskulen kan vurdere på eit sikkert grunnlag om studenten har nådd læringsutbyttet i studieplanen for utdanninga, jf. fagskoleloven § 21 første ledd.
Det skal nyttast bokstavkaraktar frå A til F. Karakteren A er beste karakter, og F inneber at emnet eller eksamen ikkje er bestått.
Sluttdokumentasjon
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 120 stp gir vitnemål og ein høgare fagskulegrad.
Vitnemålet skal innehalda:
- Emne som inngår i utdanninga.
- Omfang av emne og oppnådd karakter.
- Overordna læringsutbytte.
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
- Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
- Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.
Pensumliste
Elkraft Førde, nettbasert studium med samling
Emnebeskrivelse | Pensumliste |
---|---|
65TX00A E1 Realfagleg reiskap | Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner. Ekern, T. & Guldahl, Ø. & Holst, E. (2008) Matematikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget. Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2009) Fysikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget. Kalkulator Casio FX-9860GIII Tabellar Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabeller. Oslo, Gyl- dendal. Tilrådd litteratur Ekern, T., Guldahl, Ø. & Holst, E. (2016) Matematikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget. Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2018) Fysikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget. |
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon | Norsk Federl, Marion og Arve Hoel (2020): Norsk for fagskolen, 3. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen. Hellevik, Alf m. fl., 2012: Nynorsk ordliste. Oslo: Samlaget. Hjulstad, Håvard og Sødal, Lars, 2008: Bokmålsordliste. Oslo: Samlaget.
Engelsk Ytterdal, Marianne Roald (2020): Crossover – Practical and Technical English, 4. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen. Haslerud, Vibecke og Henriksen, Petter (red.), 2007: Engelsk blå ordbok. Engelsk - norsk / norsk engelsk. Oslo: Kunnskapsforlaget. |
65TE00A E4 Elektriske system | Lærebøker Emne 4 Elektriske system Pelt T.van & Knol E.H. (1989) EL-lære 1 LIKESTRAUM. Oslo, NKI forlaget. Pelt T.van & Knol E.H. (1989) OPPGÅVESAMLING EL-lære 1 LIKESTRAUM. Oslo, NKI forlaget. Pelt T.van & Knol E.H. (1989) EL-lære 2a VEKSELSTRAUM. Oslo, NKI forlaget. Pelt T.van & Knol E.H. (1989) OPPGÅVESAMLING EL-lære 2a VEKSELSTRAUM. Oslo, NKI forlaget.
Programvare Circuit-Maker
Nettressursar www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar www.elsiden.no → elektroteknikk/elektrisitetslære |
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM) | Hjertnes, Frode: Markedsføring, organisasjon og ledelse for LØM-emnet. Fagbokforlaget 2018. ISBN: 9788245024609 Hjertnes, Frode og Skorpen, Brynjulf: Økonomistyring for LØM-enmet. Fagbokforlaget 2018. ISBN: 9788245024678 Økonomi-illustrator, modul Entreprenør, utgitt av Learning by doing AS: Boka blir delt ut av faglærar, og rekning vil bli sendt frå Fagskulen Vestland. |
65TE00B E5 Elektroniske systemer | Lærebøker Emne 5 Elektroniske system Haug, Rolf (siste utgåve) Elektroniske systemer for teknisk fagskule. Oslo, Yrkeslitteratur AS. Klefstad, Bjørn m/fleire (siste utgåve) Innføring i datakommunikasjon. Oslo, Gyldendal Akademisk. Gundersen, Trygve (siste utgåve) Elektroteknisk formelsamling. Elforlaget.
Nettressursar www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar |
65TE13B E7 Elektrisk kraftproduksjon og -distribusjon | Lærebøker emne 7 Elektrisk kraftproduksjon og -distribusjon Dalva, M. & Thorsen, O. V.(2001) Elektriske maskiner og omformere, Oslo, Gyldendal Yrkesopplæring. NB!! Denne boka har forlaget slutta å produsere, Men viss studentar har tilgang til den, så er det greitt. NB!! Sivertsen, Lasse, 2019, Elektriske maskiner (oppbygging, virkemåte og drift), Fagbokforlaget Svarte, S. Sebergsen, J. H. (2002) Energiproduksjon og energidistribusjon (produksjon, nettsystemer og beregninger), Oslo, Gyldendal undervisning Svarte, S. & Sebergsen, J. H. (2002) Energiproduksjon og energidistribusjon (jordfeil, anlegg og sikkerhet), Oslo, Gyldendal undervisning Nettressursar www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter. www.standard.no – relevante reglar. |
65TE13C E8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM) | Lærebøker Emne 8 Elektroniske kommunikasjonsnett (EKOM) Norsk Elektroteknisk Komite NK25/205/215 (2020) NEK 700 (NEK 701, NEK 702 & NEK 703). Oslo, Elforlaget. Nettressursar www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar www.ren.no –relevante REN blad |
65TE13A E6 Installasjonssystemer og automatiserte anlegg | Lærebøker emne 6 Installasjonssystemer og automatiserte anlegg Hanssen, D.H.(siste utgåve pt. 2018) Progammerbare logiske styringer. 4. utgåve. Bergen, Fagbokforlaget. Øvrebekk, S. & Olsen, P.-A (siste utgåve pt. 2016) Prosjektering av elektriske anlegg. Bergen, Fagbokforlaget. Ormbostad, J. E. (siste utgåve pt. 2018) Montørhåndboka NEK 400. Oslo, Elforlaget. Ormbostad, J. E. (siste utgåve pt. 2018) Installasjonsguiden (tidl. Normguiden), NEK 400. Oslo, Elforlaget.
Nettressursar www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante reglar |
65TE13D E9 Elektriske installasjoner og elenergianlegg | Lærebøker E9 Elektriske installasjoner og elenergianlegg Norsk Elektroteknisk Komite NK64 (siste utgåve pt. 2018) NEK 400. Oslo Elforlaget. Norsk Elektroteknisk Komite NK301 (siste utgåve pt. 2018) NEK 399. Oslo, Elforlaget. Nettressursar www.ren.no – relevante REN blad www.nelfo.no www.lovdata.no – relevante lover og forskrifter www.standard.no – relevante standardar som t.d. NEK 400. www.standard.no krev (student-)abonnement |
65TX00D E10 Hovudprosjekt |