65TX00A E1 Realfagleg reiskap
Emnefakta
- FagområdeAnlegg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramAnlegg Førde
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
- Matematikk (6 sp)
- Fysikk (4 sp)
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- kan det matematiske uttrykket for lineære- og andregradsfunksjonar
- kan grunneiningane i SI-systemet
- kan Newtons tre første lover
- veit samanhengen mellom masse og tyngde
- veit samanhengen mellom volum og massetettleik
- kan rørslelikning for fart og akselerasjon
- kan samanhengen mellom varme, varmekapasitet og indre energi
- kan gi svar på standardform med rett tal gjeldande siffer
- kan løyse likningar av første og andre grad, to ukjente og ikkje oppstilte likningar
Ferdigheter
Studenten:
- kan tilpasse og omforma formeluttrykk
- kan rekne med forskjellige måleeiningar
- kan rekne med potensuttrykk
- kan rekne ut vinklar og sider i trekantar
- kan rekne areal, overflate, omkrins og volum av geometriske figurar
- kan berekne sum og differanse av vektorar i planet
- kan berekne statiske krefter
- kan bruke lova om energibevaring
- kan berekne mekaniske energi
- kan berekne arbeid, effekt og verknadsgrad
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bruke realfag på aktuelle tekniske område
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av heildagsprøve. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Skriftleg heildagsprøve på 5 timar
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Egenstyrt aktivitet | 442 Time(r) | Deltid |
Timeplanfesta timer | 34 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
Matematikk
To innleveringar
Fysikk
To innleveringar
Fagressursar
Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner.
Ekern, T. & Guldahl, Ø. & Holst, E. (2008) Matematikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.
Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2009) Fysikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.
Kalkulator
Casio FX-9860GIII
Tabellar
Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabeller. Oslo, Gyl- dendal.
Tilrådd litteratur
Ekern, T., Guldahl, Ø. & Holst, E. (2016) Matematikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.
Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2018) Fysikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Anlegg Førde
- Automatisering Førde
- Bygg Førde
- Bygningssakkyndig
- Elkraft Førde
- KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
- Maskinteknikk Førde