KEM Førde

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieform
      Heiltid, Nett
    • Startsemester
      2023 Haust

KEM Førde

Om studiet

I aukande omfang vert nye bygg levert med større grad av integrerte tekniske anlegg. Moderne bygg vert meir tekniske og komplekse. Det skaper auka behov for fagfolk med heilskapleg forståing av byggeprosessen og tekniske installasjonar.

For å bidra til å redusere klimautfordringane ser vi ei utvikling med stadig skjerpande krav til energieffektive tekniske installasjonar i bygg. Strenge energikrav skal ikkje gå på kostnad av funksjon, godt inneklima og andre viktige kvalitetar. Eitt døme er ordninga for energivurdering av klimaanlegg (kjøle- og ventilasjonsanlegg), der det vert stilt krav om minimumkompetanse frå teknisk fagskule.

Fagskulen er ei sjølvstendig to-årig utdanning som byggjer på relevant kompetanse, anten realkompetanse eller fagbrev. Utdanninga er for deg som har vidaregåande utdanning innan bygg- og elektrofag. Utdanninga høver særs godt for dei som har arbeidd innan ulike ventilasjonsfag, og som no ynskjer meir formell kompetanse eller leiarutdanning. Etterspurnaden etter arbeidstakarar med KEM-utdanning frå fagskule er allereie stor. Samstundes er det forventa ei ytterlegare auke i etterspurnaden dei nærmaste åra. Det er stort underskot på denne typen arbeidskraft.

Mange nyutdanna fagteknikarar går rett inn i mellomleiarstillingar eller ingeniørstillingar. Det skjer mykje på grunn av kombinasjonen av den praktiske bakgrunnen og den teoretiske utdanninga fagskulestudentane gjennomfører. Dei kan såleis gå inn i stillingar etter utdanning utan ein større opplæringsperiode som ingeniørstudentar utan praktisk bakgrunn ofte må ha. KEM kvalifiserer for å arbeide med fagleg og administrativ leiing i bedrifter innanfor sal, marknadsføring, fagopplæring, prosjektering, rådgiving innan energi og andre relevante tekniske og faglege spesialistjobbar.

Opplæringa skal gi eit godt fundament for å gire vurderingar av tekniske val, økonomiske val, leiing og helse, miljø og tryggleik (HMT). Dette er sentrale forhold som må vurderast av fagteknikarar.

Læringsutbyte

Kunnskapsdepartementet har fastsett "Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring" (NKR). Ei toårig utdanning på fagskulenivå skal vere på nivå 5.2 i NKR. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein brukar då omgrepa overordna LUB og emne LUB.

Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.

Kunnskap

Studenten:

·     har kunnskap om teoriar, materiale, bygningsfysikk, inneklima og elektroteknikk som vert brukt i sanitær-, varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg

·     har kunnskap til å utarbeide byggesøknader, anbodspapir og kontrakter og å søke ansvarsrett for sanitær-, varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg

·     kan vurdere eige arbeid i høve til avtalar, gjeldande regelverk og lovverk som regulerer arbeid med sanitær-, varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg

·     har kunnskap om bygningsinformasjonsmodellering (BIM) som verktøy for samhandling i byggebransjen

·     har bransjerelatert kunnskap om tekniske installasjonar og grensesnitt mellom faga som inngår i byggeprosessen som involverer sanitær-, varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg

·     har kjennskap til historiske søknadsprosedyrer og historiske løysingar for sanitær-, varme,- kjøle- og ventilasjonsanlegg og anlegga si utvikling og påverknad på miljø og samfunn

·     kan oppdatere kunnskap om sanitær-, varme-, kjøle-, og ventilasjonsanlegg i takt med den teknologiske utviklinga

·     har kunnskap om og kjenner byggebransjens utvikling og historie innan sanitær- , varme-, kjøle-, og ventilasjonsanlegg

·     har innsikt i kva for mulegheiter tekniske krav og myndighetskrav gjeldande sanitær-, varme-, kjøle-, og ventilasjonsanlegg gir for egen utvikling

Ferdigheter

Studenten:

·     kan gjere greie for val av materiale og løysingar ved installasjon av sanitær-, varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg i bygg

·     kan gjere greie for faglege val i høve til at energikrav ikkje skal gå ut over av funksjon, eit godt inneklima eller andre viktige kvalitetar

·     kan reflektere over materialbruk og løysingar for installasjon av sanitær-, varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg, og justere eige arbeid i samarbeid med anna fagpersonell

·     kan finne, bruke og vise til relevant informasjon, datablad og fagstoff om materialval i bygg som er energieffektive og har godt inneklima, og innan installasjon av sanitær-, varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg og vurdere korleis informasjonen vil påverke framtidige installasjonar

·     kan finne og vise til informasjon om materiale og utføringsmetodar og vurdere korleis desse tilfredsstiller myndigheitskrav som sikrar trygge, varige og sunne sanitær-, varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg

·     kan kartlegge energiforbruk i bygg og utarbeide planar for energieffektivisering i samsvar med

gjeldande myndigheitskrav og behov og ønskjer frå oppdragsgjevar

·     kan kartlegge sanitær-, varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg å vurdere og identifisere faglege problemstillingar og vurdere behov for å iverksette tiltak

Generell kompetanse

Studenten:

·     kan, åleine eller i gruppe, kombinere teori og praksis og dermed planlegge og prosjektere installasjon av sanitær-, varme,- kjøle og ventilasjonsanlegg i bygningar på ein teknisk og økonomisk forsvarleg måte etter gjeldande forskrifter og i samsvar med dei etiske normene i bransjen

·     kan tilpasse val av materiale og metode ved installasjon av sanitær-, varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg til behov og ønsker frå oppdragsgjevar

·     kan diskutere mulegheiter og avgrensingar til sanitær-, varme-,- kjøle- og ventilasjonsanlegg og byggemetodar med fagpersonell innan både KEM, bygg og elektro

·     kan utveksle faglege synspunkt med byggherre og andre faggrupper, og bidra til utvikling av gode arbeidsmetodar og framgangsmåtar på arbeidsplassen

·     kan bidra med vidare utvikling av arbeidsgruppa og arbeidsmetodar, og dermed sikre at installasjon av sanitær-,varme,- kjøle og ventilasjonsanlegg i bygg blir utført i tråd med gjeldande lover og forskrifter

kan bidra til å utvikle kvalitetssystem og prosedyrar internt i bedrifta, for installasjon og vedlikehald av sanitær-, varme,- kjøle- og ventilasjonsanlegg

Opptak

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

For KEM er relevante fagbrev/sveinebrev frå eitt av følgjande utdanningsprogram:

  • Klima-, energi-, og miljøteknikk
  • Ventilasjons- og blikkenslagerfaget
  • Rørleggerfaget
  • Kulde- og varmepumpemontørfaget
  • Industrimalerfaget
  • Maskinteknikk
  • Industrimekanikerfaget
  • Industrimontørfaget
  • Industrirørleggerfaget
  • Malerfaget
  • Isolatør
  • Automatiseringsfaget
  • Elektrikerfaget
  • Betongfaget
  • Murerfaget
  • Tømrerfaget
  • Industrisnekkerfaget
  • Tak- og membrantekkerfaget
  • Energimontør

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Søkjar må då fremlegge dokumentasjon som syner at kompetansen tilsvarer læreplanmål i videregående opplæring innen relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som tilsvarer VG1 og VG2 i yrkesfaglig utdanningsprogram.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

 

Organisering av studiet

  • To-årig utdanning som heiltidsstudium
  • To-årig utdanning fordelt over tre år som nettbasert studium med samling

 

Utdanninga er bygd opp av emne. Emna består av fleire tema. Kvart emne vert tildelt studiepoeng etter den relative vektinga det har i arbeidsbelastning for studentane og læringsutbytte i utdanninga. Det vert gitt 60 studiepoeng for læringsutbytte oppnådd på bakgrunn av eitt års bestått fagskuleutdanning på heiltid og 40 studiepoeng for læringsutbytte oppnådd på bakgrunn av eitt års bestått nettstudium med samling. Ved gjennomført heiltidsstudium og nettbasert studium med samling vert det totalt 120 studiepoeng.

 

Timebelastninga for eit studium på heiltid er 1700 timar per studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigearbeid for studentane, sjå tabell 3, 4 og 5 i kap. 9.

 

Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar på Teams. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Vi nyttar funksjonar som chat, deling av dokument og kommunikasjon gjennom samtale eller video og samtale. Rettleiinga kan vere samtale om kva studenten skal gjere for å utvikle seg vidare.

Arbeidsmengde i KEM - Klima, energi og miljø Førde, heltidsstudium

EmnebeskrivelseEgenstyrt
aktivitet
Timeplanfesta
timer
UndervisningSjølvstudiumSum
65TX00A E1 Realfagleg reiskap00286190476
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon00152131283
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)0019093283
65TB00D E4 Byggeprosess00182158340
65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar0019829227
65TB00E E6 Byggesaken00152131283
65TB03E E7 Energi og miljø i bygg2493400283
65TB03F E8 Elektro og automatisering2404300283
65TB03H E9 Bygningsfysikk2424100283
65TX00D E10 Hovudprosjekt2801000290
65TB03K E11 BIM2394400283
65TB03L E12 VVS-prosjekt og forståing2404300283
Sum149021511607323597
KEM - Klima, energi og miljø Førde, heltidsstudium

KEM - Klima, energi og miljø Førde, heltidsstudium

KEM - Klima, energi og miljø Førde, nettbasert studium med samling

KEM - Klima, energi og miljø Førde, nettbasert studium med samling

Studiemodell

KEM - Klima, energi og miljø Førde, nettbasert studium med samling

Læringsformer

Undervisninga ved Fagskulen Vestland tek utgangspunkt i nyare pedagogisk forsking. Våre lærarar har fokus på å vere læringsleiarar og på den måten gjennomføre effektiv læring for studentane. Å vere læringsleiar er i hovudsak å legge til rette for at studentane vert aktivisert i læringsarbeidet. Vi vel å aktivisere studentane samstundes som vi kortar ned einvegsdialog der lærer føreles i lengre periodar. Sentrale element i vår pedagogikk er læraren sin relasjon og dialog med studentane og studentane sin eigenaktivitet og eigenvurdering.

 

Læringsaktivitetane skal vere relevante og målretta i høve til læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga. I det pedagogiske arbeidet vektlegg vi i tillegg til fagleg utvikling, at studentane utviklar evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Vi vel òg å legge vekt på at studentane skal utvikle evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og at dei skal kunne foreta etiske refleksjonar.

 

Vi ser det som vesentleg å nytte tovegs dialog i undervisninga. Når fagstoff vert presentert av læraren kan han nytte studentane sine praktiske erfaringar. Erfaringane er gode å knytte til teorien og det skaper gode diskusjonar i klassen. Vi bygger på denne måten opp det som er særprega ved fagskuleutdanninga.

I vårt arbeid som læringsleiar vil mange undervisningsformer og læringsaktivitetar verte brukte. Prinsippet om variasjon i undervisninga gjer at vi nyttar mange læringsaktivitetar. Studentane får høve til å medverke når læringsaktivitetane vert bestemt. Det faglege innhaldet i undervisninga vil i mange høve styre læringsaktiviteten.

I nettstudie med samling nyttar vi dei pedagogiske prinsippa vi har skissert over. Vi nyttar digital kommunikasjon for å gjennomføre læringsaktivitetane i periodane utanom samling. Det vert lagt vekt på rettleiing og oppfølging gjennom dialog.

Undervisningsformer

Arbeidskrav

Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. Arbeidskrav inngår i den formative delen av læreprosessen.

Arbeidskrav kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege framlegg/presentasjonar, refleksjonsnotat og medstudentvurdering av refleksjonsnotat.

Faglærar vurderer arbeidskrava. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrav som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende.

Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent. Studentane har høve til å kontakte lærar før innleveringsfristen. Lærar kan i slike tilfelle lage avtalar med studentane. Til vanleg vert det gitt fleire oppgåver enn det som er arbeidskrav. På denne måten kan studenten oppnå det tal arbeidskrav som vert kravd i emnet.

Prosjektarbeid

Hovudprosjekt er ein sentral del av studiet. Studentane vil møte prosjekt som arbeidsform når dei skal ut i arbeidslivet. Hovudprosjektet vil difor bli god trening og eit nyttig reiskap.

Sjølv om hovudprosjektet skal vere sjølvvalt, ønskjer Fagskulen at studentane i størst mogleg grad samarbeider med næringslivet. Det skaper større realisme og gjer prosjektet meir relevant.

Prosjektoppgåva skal uansett knytast mot aktuelle tema i næringslivet.

Rettleiing

Prosjektgruppene er sjølv ansvarlege for gjennomføring av prosjektet. Dei har høve til å få rettleiing av lærar i hovudprosjekt-emnet og i noko grad av faglærarane i øvrige emne. I tillegg får studentane utlevert ei rettleiande prosjekthandbok.

Lærarane har rolle som rettleiarar. Kvar enkelt student må ta sjølvstendige avgjersle til beste for gruppa. Eksterne personar i næringslivet kan nyttast ved behov.

Vurdering

Vurdering ved Fagskulen Vestland har fleire mål. Vurderinga skal kunne måle kompetansen til studentane og fremje læring.

 

Når vurderinga skal måle kompetanse vert omgrepet sluttvurdering nytta. Sluttvurderinga skal måle kompetansen på slutten av undervisning av eit emne. For å måle kompetanse nyttar vi mellom anna eksamen (skriftleg og munnleg), heildagsprøve, vurderingsmappe, prosjektoppgåver, gruppeoppgåver, innleveringar og liknande.

 

Når vurdering vert nytta som reiskap for at studentane skal lære meir er det ei formativ vurdering eller ei undervegsvurdering. Denne vurderinga skal vere slik at studentane kan nytte vurderingane til å oppdatere seg og arbeide med dei områda der dei har manglande kompetanse. Vurderinga skal vere retta mot kva studenten kan gjere betre. På denne måten vert vurdering ei rettleiing for studentane. Denne forma for vurdering vert nytta mellom anna i vurderingssituasjonar som tradisjonelle prøver, oppgåver, prosjektarbeid, gruppeoppgåver, innleveringar, fagsamtalar, framføringar, læringsnotat og refleksjonsnotat. Vurderinga kan vere både skriftleg og munnleg. I mange samanhengar gir det godt utbytte for studenten at det vert nytta skriftleg tilbakemelding som vert følgt opp munnleg.

 

Når vurdering skal vere ein læringsmetode vert omgrepet «vurdering som læring» nytta. Typisk for denne vurderinga er at studentane vurderer sitt eige arbeid eller medstudentar sitt arbeid. Noko av dei mest effektive læringsmetodane er når studentar skal sette seg inn i andre studentar sitt arbeid og gi vurdering av dette arbeidet. Når studenten skal forklare medstudentane sitt arbeid oppstår det ofte gode drøftingar og refleksjonar.

 

Ved å nytte vurdering som metode ønskjer vi at studentane skal kunne lære like mykje av kvarandre som av læraren. Vi ønskjer med dette å fremme ein aktivitet som gjer studenten medviten om sin eigen kompetanse. På denne måten vert læringa meir effektiv.

Sluttvurdering

Studentane får èin karakter for kvart emne. Emnekarakter gir utrykk for kompetanse som er oppnådd i ulike vurderingssituasjonar i emnet.

 

I kvart emne skal det gjerast ei sluttvurdering av studenten etter læringsutbyttet i emnet. Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i den enkelte studieplanen. Det skal vere ei heilskapsvurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen til studenten i alle tema i emnet.

Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. Om vurderingsforma i emnet er ein eksamen, vert det i tillegg oppnemnde ein medsensor.

Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan få endeleg karakter i eit emne.

 

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §5-3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om klage på emnekarakter.

Eksamen kan brukast som vurderingsform inn mot ein emnekarakter. Studentane skal sikrast ei upartisk vurdering av kunnskapar og ferdigheiter. Ein fagkyndig person vert oppnemnd som medsensor.

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §5-4 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om klage på eksamensvurdering.

Vurdering vert gjennomført slik at fagskulen kan vurdere på eit sikkert grunnlag om studenten har nådd læringsutbyttet i studieplanen for utdanninga, jf. fagskoleloven § 21 første ledd.

Det skal nyttast bokstavkaraktar frå A til F. Karakteren A er beste karakter, og F inneber at emnet eller eksamen ikkje er bestått.

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om vurdering og eksamen.

Sluttdokumentasjon

Studentane som fullfører og består fagskuleutdanning, får eit vitnemål som dokumentasjon.

På vitnemålet står utdanning, eventuell fordjuping og tittel på hovudprosjektet. Vitnemålet inneheld dei emna som inngår i utdanninga. To-årig utdanning på heiltid og tre-årig nettutdanning med samling utgjer 120 studiepoeng. I kvart emne står det omfang i form av studiepoeng og oppnådd karakter. For at det skal kunne skrivast ut vitnemål, må heile studiumet vere fullført, og eksamen vere avlagt og bestått.

 

Etter avbroten utdanning eller ikkje bestått utdanning vert det skrive ut ei karakterutskrift som dokumentasjon på kva enkeltemne som er bestått.

 

Vitnemålet vert merka med Vocational Diploma VC, med tanke på internasjonalt bruk. Vitnemålet vil i tillegg innehalde overordna læringsutbyttebeskriving.

Emneinnhold i KEM - Klima, energi og miljø Førde, heltidsstudium

EmnebeskrivelseInnholdStudiepoeng
65TX00A E1 Realfagleg reiskap

Matematikk (6 sp) 

Fysikk (4 sp)

10
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon

Norsk (7 sp)

Engelsk (3 sp)

10
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

Organisasjon og leiing

Økonomistyring

Marknadsføring

10
65TB00D E4 Byggeprosess

Energi- og miljøeffektive bygg og anlegg

Tekniske installasjonar

Grunnleggande BIM

Geomatikk 1

12
65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar

Mekanikk

Materialkunnskap

8
65TB00E E6 Byggesaken

Søknadsprosedyrer

Anbod og kontrakter

Kvalitetsstyring og HMS

10
65TB03E E7 Energi og miljø i bygg
  • Vannbasert oppvarming og kjølesystem
  • Praktisk måleteknikk (VVS)
  • Energimerking, energivurdering
10
65TB03F E8 Elektro og automatisering
  • Elektroteknikk
  • Reguleringsteknikk, automatisering og sentral driftskontroll
  • VVS-teknisk systemkjennskap Teknisk integrasjon og grensesnitt
10
65TB03H E9 Bygningsfysikk

Bygningsfysikk

10
65TX00D E10 Hovudprosjekt10
65TB03K E11 BIM

Modellering Samarbeidsteknologi BIM i byggeprosessen BIM som dokumentasjon

10
65TB03L E12 VVS-prosjekt og forståing

Ventilasjonsteknikk VVS-prosjektering

10
Sum120

Pensumliste

KEM - Klima, energi og miljø Førde, heltidsstudium

EmnebeskrivelsePensumliste
65TX00A E1 Realfagleg reiskap

Lærebøker E1 Realfagleg reiskap

Ekern, T. & Guldahl, Ø. & Holst, E. (2008) Matematikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2009) Fysikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Tabellar

Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabeller. Oslo, Gyl- dendal.

Tilrådd litteratur

Ekern, T., Guldahl, Ø. & Holst, E. (2016) Matematikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2018) Fysikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon

Fagbøker E2 Yrkesretta kommunikasjon

Norsk

Federl, Marion og Arve Hoel (2020): Norsk for fagskolen, 3. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Hellevik, Alf m. fl., 2012: Nynorsk ordliste. Oslo: Samlaget.

Hjulstad, Håvard og Sødal, Lars, 2008: Bokmålsordliste. Oslo: Samlaget.

 

Engelsk

Ytterdal, Marianne Roald (2020): Crossover – Practical and Technical English, 4. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Haslerud, Vibecke og Henriksen, Petter (red.), 2007: Engelsk blå ordbok. Engelsk - norsk / norsk engelsk.

Oslo: Kunnskapsforlaget.

65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

Hjertnes, Frode: Markedsføring, organisasjon og ledelse for LØM-emnet. Fagbokforlaget 2018. ISBN: 9788245024609

Hjertnes, Frode og Skorpen, Brynjulf: Økonomistyring for LØM-enmet. Fagbokforlaget 2018. ISBN: 9788245024678

Økonomi-illustrator, modul Entreprenør, utgitt av Learning by doing AS: Boka blir delt ut av faglærar, og rekning vil bli sendt frå Fagskulen Vestland.

65TB00D E4 Byggeprosess

Lærebøker E4 Byggeprosess

Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.

Espedal, K. J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com

 Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar

Lærebøker E5 Bygg og anleggskonstruksjonar

Lærebok i materialkunnskap vert opplyst om ved studiestart.

Vollen, Ø. (2010) Mekanikk for ingeniører: statikk og fasthetslære. 2. utg. Oslo, NKI Forlaget.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB00E E6 Byggesaken

Lærebøker E6 Byggesaken

Bua K., Digernes, A. & Hansen, V. M. (2019) Byggesaken. 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget AS.

Thune, T.E. (2020) Kvalitetsstyring og HMS i bygg og anlegg. Oslo, Byggenæringens forlag AS.

Tryti, H.A., (2021) Prosjektlederens håndbok for Norsk Standards entreprisekontrakter og kontrakter med forbruker. www.byggesaken.no

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no

65TB03E E7 Energi og miljø i bygg

Lærebøker

Lærebøker i emnet vert oppgitt ved skulestart.

NTNU,SINTEF. (2007) Enøk i bygninger : effektiv energibruk. Oslo, Gyldendal.

Nettressursar

Ventøk: håndbok i ventilasjon. Oslo, Skarland Press/Norsk VVS Elektronisk versjon av desse og fleire andre fagressursar er å finne i

VVS- og byggebransjens kompetansebibliotek: www.kompetansebiblioteket.no

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB03F E8 Elektro og automatisering

Lærebøker i emnet vert oppgitt ved skulestart.

 

Nettressursar

Ventøk: håndbok i ventilasjon. Oslo, Skarland Press/Norsk VVS Elektronisk versjon av desse og fleire andre fagressursar er å finne i

VVS- og byggebransjens kompetansebibliotek: www.kompetansebiblioteket.no

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB03H E9 Bygningsfysikk

 

Espedal, K.J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TX00D E10 Hovudprosjekt
65TB03K E11 BIM

Litteraturliste E11 BIM

Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com

BIM for mekaniske fag Sanitær

Bim for mekaniske fag -Ventilasjon

65TB03L E12 VVS-prosjekt og forståing

 

Studentane må ha tilgang til Norsk Standard,  Plan- og bygningslova, gjeldande teknisk forskrift, Byggforsk sine detaljblad.

Ein kan i tillegg ha Tekniske Bestemmelser, men same informasjonen ligg i Byggforsk sine detaljblad

 Nettressursar

Ventøk: håndbok i ventilasjon. Oslo, Skarland Press/Norsk VVS Elektronisk versjon av desse og fleire andre fagressursar er å finne i

VVS- og byggebransjens Nemitek sitt «Kompetansebibliotek»: www.kompetansebiblioteket.no

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no