65TB03K E11 BIM
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramKEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
Modellering Samarbeidsteknologi BIM i byggeprosessen BIM som dokumentasjon
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om kva tyding ordet informasjon har i BIM
- kjenner til utfordringar med BIM
- har innsikt i kva fordelar og moglegheiter som ligg i BIM
- har kunnskap om kva innverknad BIM har på byggeprosessen
- har innsikt i kva konsekvens BIM har for aktørane i byggeprosessen
- har kunnskap om kva vurderingar som bør takast før ein implementerer BIM i ei bedrift eller ein organisasjon
- har kunnskap om bruken av BIM som dokumentasjon og kommunikasjonsverktøy i byggeprosessen
- kjenner til administrering av BIM
- kjenne til standardar og etablerte arbeidsprosessar som vert nytta i BIM
Ferdigheter
Studenten:
- kan modellere den tredimensjonale geometrien til enkle og komplekse bygg
- kan generere tredimensjonale modellar på bakgrunn av to-dimensjonale plan og snittteikningar
- kan generere modell av terreng på bakgrunn av kartdata i ulike filformat
- kan bruke importerte filer som underlag
- kan samarbeide tverrfagleg opp mot ein felles BIM-modell
- kjenner til integrering av strukturelle elementer i BIM-modellen
- kan integrere VVS og elektriske installasjonar i BIM-modellen
- kan hente ut nødvendig dokumentasjon i form av teikningar, skjema, og mengdelister til bruk i søknadsprosess og kalkylar
- kan opprette mal-filer
- kan bruke og opprette bibliotekfiler
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bruke BIM som verktøy for kommunikasjon og samhandling i alle fasar av byggeprosessen
- har evne til å fordjupe seg i BIM innan eige fagfelt
- kan generere og administrere virtuelle bygningar
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i Visma. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar med meir.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld to innleveringar.
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 44 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 239 Time(r) | Deltid |
Fagressursar
Litteraturliste E11 BIM
Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com
BIM for mekaniske fag Sanitær
Bim for mekaniske fag -Ventilasjon
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde