65TB03K E11 BIM

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
    • Startsemester
      2026 Haust

Om emnet

Modellering Samarbeidsteknologi BIM i byggeprosessen BIM som dokumentasjon

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      har kunnskap om kva tyding ordet informasjon har i BIM
  •      kjenner til utfordringar med BIM
  •      har innsikt i kva fordelar og moglegheiter som ligg i BIM
  •      har kunnskap om kva innverknad BIM har på byggeprosessen
  •      har innsikt i kva konsekvens BIM har for aktørane i byggeprosessen
  •      har kunnskap om kva vurderingar som bør takast før ein implementerer BIM i ei bedrift eller ein organisasjon
  •      har kunnskap om bruken av BIM som dokumentasjon og kommunikasjonsverktøy i byggeprosessen
  •      kjenner til administrering av BIM
  •      kjenne til standardar og etablerte arbeidsprosessar som vert nytta i BIM

Ferdigheter

Studenten:

  •      kan modellere den tredimensjonale geometrien til enkle og komplekse bygg
  •      kan generere tredimensjonale modellar på bakgrunn av to-dimensjonale plan og snittteikningar
  •      kan generere modell av terreng på bakgrunn av kartdata i ulike filformat
  •      kan bruke importerte filer som underlag
  •      kan samarbeide tverrfagleg opp mot ein felles BIM-modell
  •      kjenner til integrering av strukturelle elementer i BIM-modellen
  •      kan integrere VVS og elektriske installasjonar i BIM-modellen
  •      kan hente ut nødvendig dokumentasjon i form av teikningar, skjema, og mengdelister til bruk i søknadsprosess og kalkylar
  •      kan opprette mal-filer
  •      kan bruke og opprette bibliotekfiler

Generell kompetanse

Studenten:

  •      kan bruke BIM som verktøy for kommunikasjon og samhandling i alle fasar av byggeprosessen
  •      har evne til å fordjupe seg i BIM innan eige fagfelt
  •      kan generere og administrere virtuelle bygningar

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i Visma. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar med meir.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld to innleveringar.

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
44 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
239 Time(r)
Deltid

Fagressursar

Litteraturliste E11 BIM

Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com

BIM for mekaniske fag Sanitær

Bim for mekaniske fag -Ventilasjon

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde

Emneansvarlig

Johnny Aase