65TX00D E10 Hovudprosjekt
Emnefakta
- FagområdeMaskinteknikk
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramMaskinteknikk Førde
- Startsemester2026 Haust
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- kan planlegge, gjennomføre og dokumentere eit fagrelatert prosjekt etter eige ønske eller i samarbeid med ein oppdragsgivar
- kjenner til utfordringar ved styring og leiing av ein prosjektprosess
Ferdigheter
Studenten:
- kan delta i prosjektarbeid, ta ansvar for eiga læring, kommunisere og presentere prosjektarbeid
- kan bruke prosjektarbeid som metode; planlegge, styre/leie, kommunisere og presentere resultatet
- kan fordjupe seg i dei aktuelle tekniske emna som er nødvendig for å løyse prosjektoppgåva
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bruke erfaringar, kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i praktisk prosjektarbeid
- kan, gjennom kreativitet og nytenking, fordjupe seg i dei aktuelle tekniske emna som dannar grunnlag for prosjektoppgåva, og løyse denne på ein måte som reflekterer kunnskap om teknologi og fagleg leiing
Undervisningsformer og aktivitet
1 | Forundersøking | Skriv korleis gruppa er sett saman og kva prosjekt gruppa kan tenke seg som tema. | Arbeidskrav: Må vere godkjent av prosjekt-ansvarleg før ein kan ta til på forprosjektrapport |
2 | Forprosjektrapport | Kriterium for evaluering:
| Arbeidskrav: Må vere godkjent av prosjekt-ansvarleg før ein kan ta til på hovudrapport |
3 | Hovudrapport | Kriterium for evaluering:
| Arbeidskrav: Jamnlege presentasjonar av status i prosjektet Gruppa skal lage ei pressemelding og ein plakat som presenterer prosjektet. Skrive eit individuelt refleksjonsnotat. |
4 | Presentasjon | Kriterium for evaluering:
|
|
5 | Munnleg utspørjing | I grupper. |
|
Hovudprosjektet skal gjennomførast i grupper. Klassen kjem med forslag til gruppeinndeling. Skulen vil foreta gruppeinndelinga dersom studentane ikkje vert samde. I særlege tilfelle kan rektor, etter søknad, gi dispensasjon til å gjennomføre hovudprosjektet åleine. |
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar og framføring av hovudprosjekt.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Studenten får ei samla sluttvurdering som vert sett på bakgrunn av rapport, presentasjon og munnleg utspørjing. Denne karakteren vert ført på vitnemålet.
Den munnlege utspørjinga tek utgangspunkt i rapporten og gjennomføringa av prosjektet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 10 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 280 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
Prosjektbeskriving og forprosjektrapport skal vere levert og godkjent innan fastsett frist.
Gruppa skal lage ei pressemelding og ein plakat som presenterer prosjektet.
Skrive eit individuelt refleksjonsnotat.
Levere signert gruppeavtale.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Anlegg Førde
- Automatisering Førde
- Bygg Førde
- Bygningssakkyndig
- Elkraft Førde
- KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
- Maskinteknikk Førde