65TB03E E7 Energi og miljø i bygg
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramKEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
- Startsemester2025 Haust
Om emnet
- Vannbasert oppvarming og kjølesystem
- Praktisk måleteknikk (VVS)
- Energimerking, energivurdering
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om samanhengen mellom inneklima, helse, komfort og produksjon
- har kunnskap om den historiske og teknologiske utviklinga av løysingar for klima energi og miljø i bygningar
- kan forklare samanhengen mellom energibruk, inneklima og kostnader i bygningar
- har kunnskap om årsaker til dårleg inneklima og kan vurdere praktiske tiltak knytt til støy, radon og dårleg luftkvalitet
- har kunnskap om klimapåkjenning og bruk av klimadata som grunnlag for å dimensjonere klimaanlegg
- kjenner til energimerking og offentlege krav til energiyting
- kjenner til fordelar og ulemper med dei vanlegaste energikjeldene og kva konsekvens val av energikjelde har for val av VVS-løysingar
- har kunnskap om aktuelle prinsipp og metodar for å klimatisere bygg og kva innverknad val av VVS- løysing har på inneklima
- har kunnskap om branntryggleik knytt til VVS-anlegg
- har kunnskap om energioppfølging, forvaltning, drift og vedlikehald av VVS-tekniske anlegg
- har innsikt i kva betyding dagens krav til energieffektive bygningar har for VVS-bransjen
Ferdigheter
Studenten:
- kan utføre enøk-analyser og vurdere enøk-tiltak
- kan foreslå og vurdere energiøkonomiske systemløysingar
- kan utarbeide kravspesifikasjon for VVS-teknisk anlegg med utgangspunkt i brukarkrav, sentrale krav og klimadata
- kan utføre termografering og tettleikskontroll
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bruke kunnskap og ferdigheiter til å foreslå heilskaplege løysingar for eit godt inneklima på ein ressursriktig og økonomisk forsvarleg måte
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar med meir.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· tre individuelle innleveringar som til saman tel 70% av emnekarakteren
· ein gruppeinnleveringar som til saman tel 30% av emnekarakteren
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 34 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 249 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
Ingen
Fagressursar
Lærebøker
Lærebøker i emnet vert oppgitt ved skulestart.
NTNU,SINTEF. (2007) Enøk i bygninger : effektiv energibruk. Oslo, Gyldendal.
Nettressursar
Ventøk: håndbok i ventilasjon. Oslo, Skarland Press/Norsk VVS Elektronisk versjon av desse og fleire andre fagressursar er å finne i
VVS- og byggebransjens kompetansebibliotek: www.kompetansebiblioteket.no
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- KEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde