65TB03E E7 Energi og miljø i bygg
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramKEM – Klima, energi og miljø i bygg Førde
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
Vannbasert oppvarming og kjølesystem
Praktisk måleteknikk (VVS)
Energimerking, energivurdering
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
· har kunnskap om samanhengen mellom inneklima, helse, komfort og produksjon
· har kunnskap om den historiske og teknologiske utviklinga av løysingar for klima energi og miljø i bygningar
· kan forklare samanhengen mellom energibruk, inneklima og kostnader i bygningar
· har kunnskap om årsaker til dårleg inneklima og kan vurdere praktiske tiltak knytt til støy, radon og dårleg luftkvalitet
· har kunnskap om klimapåkjenning og bruk av klimadata som grunnlag for å dimensjonere klimaanlegg
· kjenner til energimerking og offentlege krav til energiyting
· kjenner til fordelar og ulemper med dei vanlegaste energikjeldene og kva konsekvens val av energikjelde har for val av VVS-løysingar
· har kunnskap om aktuelle prinsipp og metodar for å klimatisere bygg og kva innverknad val av VVS- løysing har på inneklima
· har kunnskap om branntryggleik knytt til VVS-anlegg
· har kunnskap om energioppfølging, forvaltning, drift og vedlikehald av VVS-tekniske anlegg
· har innsikt i kva betyding dagens krav til energieffektive bygningar har for VVS-bransjen
Ferdigheter
Studenten:
· kan utføre enøk-analyser og vurdere enøk-tiltak
· kan foreslå og vurdere energiøkonomiske systemløysingar
· kan utarbeide kravspesifikasjon for VVS-teknisk anlegg med utgangspunkt i brukarkrav, sentrale krav og klimadata
· kan utføre termografering og tettleikskontroll
Generell kompetanse
Studenten:
kan bruke kunnskap og ferdigheiter til å foreslå heilskaplege løysingar for eit godt inneklima på ein ressursriktig og økonomisk forsvarleg måte
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
· to individuelle innleveringar som til saman tel 40% av emnekarakteren
· to gruppeinnleveringar som til saman tel 40% av emnekarakteren
framføring av prosjekt tel 20 % av emnekarakteren
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 152 Time(r) | |
Sjølvstudium | 131 Time(r) |
Arbeidskrav
Ingen
Fagressursar
Litteraturlsite E7 Energi og miljø i bygg
Lærebøker
NTNU,SINTEF. (2007) Enøk i bygninger : effektiv energibruk. Oslo, Gyldendal.
Nettressursar
Ventøk: håndbok i ventilasjon. Oslo, Skarland Press/Norsk VVS Elektronisk versjon av desse og fleire andre fagressursar er å finne i
VVS- og byggebransjens kompetansebibliotek: www.kompetansebiblioteket.no
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no