Demensomsorg og Psykisk helsearbeid til eldre 24-26
Studiefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng30
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadNordnes, Nettbasert studium
- StudieformDeltid
- Startsemester2024 Haust
Demensomsorg og Psykisk helsearbeid til eldre 24-26
Om studiet
Demens er ei samlenemning for ein erverva, irreversibel tilstand med kognitiv svikt, svikt i evna til å utføra daglegdagse aktivitetar og endra sosial åtferd. Det er fleire degenerative hjernesjukdommar som kan vera årsak til denne tilstanden, men årsaka kan også vera vaskulær, skuldast alkoholmisbruk, eller skadar og sjukdommar. Personar med demens vil gradvis fungera dårlegare, og til slutt bli heilt pleietrengande. Livssituasjonen og livskvaliteten til den sjuke blir i stor grad påverka av sjukdommen, det blir også livssituasjonen til dei pårørande.
I 2020 hadde 1,88 % av innbyggjarane i Noreg demens, det var 101.118 personar. I 2030 reknar ein at 2,48 % av innbyggjarane vil ha demens, det er 139 770 personar (Kjelde: demenskartet.no, Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse). Den store auken har mellom anna ein samanheng med at levealderen aukar. I tillegg til den utfordrande livssituasjonen for alle dei som blir ramma, har vi mange pårørande som også blir hardt ramma av dette.
Utfordrande åtferd
Hos ein del menneske med demens kan vi i periodar sjå utfordrande åtferd, eller APSD (APSD = åtferdsforstyringar og psykiatriske symptom ved demens). På same vis kan ein møta utfordringar i arbeidet med eldre med psykiske problem og lidingar som ikkje vil samarbeida. Omsorgsgivaren kan i enkelte tilfelle bli utsett for vald, truslar og krenkingar. I dette studiet vil vi gå nærar inn på kva som kan vera årsakene til dette, og korleis ein kan førebygga, møta og handtera desse utfordringane.
Alderspsykiatri er ein spesialisert del av psykiatrien retta mot personar med psykiske lidingar debutert etter fylte 65 år, men ofte inkluderer ein også eldre med psykiske lidingar som har debutert tidlegare i livet. Dette studiet tar for seg psykiske helsearbeid til eldre menneske uavhengig av debuttidspunkt for psykiske lidingar eller psykiske helseutfordringar.
Dei psykiske lidingane som oftast rammar personar over 65 år er lettare depresjonstilstandar, angstlidingar og søvnproblem. Ein reknar at omlag 25 prosent har plagsame depressive symptom, og at omlag 20 prosent har angstplager. Mange har søvnplager, og rusmisbruk kan også vera eit problem i godt vaksen alder. I tillegg til demens er det delirium og depresjon som oftast rammar personar over 65 år. Sjølvmord er også ei stor helseutfordring blant eldre
I Nasjonale faglege retningsliner for demens står det at verksemder som tilbyr helse- og omsorgstenester skal etablera rutinar for personsentrert omsorg og behandling for personar med demens (punkt 4). «Personsentrert omsorg er en omsorgsfilosofi som handler om å ta hensyn til hvordan en person opplever sin situasjon og verden rundt seg. Omsorgen skal tilrettelegges slik at personens perspektiv på situasjonen blir ivaretatt. Hvordan en person opplever en situasjon er preget av personlighet, livshistorie, fysisk helse, demenssymptomer og sosialt miljø» (Nasjonalt senter, Aldring og helse). Denne omsorgsfilosofien vil også liggja til grunn for miljøbehandling innan både demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre og har stort fokus i dette studiet. Miljøbehandling er ein aktivisertsbasert behandling utan medikament. Omgrepa miljøbehandling og miljøterapi overlappar kvarandre. Ofte blir dei brukt synonymt. I dette studiet nyttar vi omgrepet miljøbehandling, og definerer det som ei form for behandling som legg vekt på dei terapeutiske prosessane som blir sett i verk i det miljøet pasienten er i. Ein legg til rette pasienten sine omgjevnader, og nyttar dagleglivets aktivitetar for å auka pasientens sjølvkjensle og oppleving av meistring. Vidare arbeider ein mot at pasienten skal oppleva å ha ein meiningsfull og aktiv kvardag, der han/ho får bruka sine ressursar og oppleva god livskvalitet.
Læringsutbyte
Kunnskapsdepartementet har fastsett "Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring" (NKR). Ei eittårig fagskuleutdanning er på nivå 5.1 i NKR, og ei toårig utdanning på fagskulenivå er på nivå 5.2. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein brukar då omgrepa overordna LUB og emne LUB.
Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om personsentrert kommunikasjon, relasjonskompetanse og modellar for etisk refleksjon
- har kunnskap om demens, psykisk sjukdom og psykiske plager hos eldre
- har kunnskap om førebygging og rehabilitering for eldre med psykisk sjukdom og plager og personar med demens
- har kunnskap om kartleggingsverktøy, utgreiing og utforming av tiltak til personar med demens og eldre med psykiske lidingar og/eller plager
- har kunnskap om verdigrunnlaget i personsentrert omsorg og om VIPS praksismodell
- har kunnskap om teoriar, prinsipp og kunnskapsbaserte verktøy innan målretta miljøbehandling
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter og styringsdokument som regulerer rettar og plikter for aktørane innan psykisk helsearbeid for eldre og demensomsorg
- har kunnskap om korleis demensomsorga og psykisk helsearbeid for eldre er organisert
- kan oppdatera sin kunnskap innan fagfelta psykisk helsearbeid for eldre og demensomsorg
- forstår kor viktig demensomsorg og omsorga for eldre med psykiske vanskar og lidingar er i eit samfunnsperspektiv
- har kunnskap om kva fagleg rettleiing er og kjenner til aktuell rettleiingsteori og metodar
- kjenner omgrepet arbeidshelse og har kunnskap om leiar og arbeidstakar sitt ansvar for arbeidsmiljøet
- har kunnskap om konflikt og konflikthandtering
Ferdigheter
Studenten:
- kan nytta personsentrert kommunikasjon og metodar frå motiverande samtalar i samarbeid med pasientar og pårørande
- kan nytta prinsipp for open og god kommunikasjon, samt skapa gode samarbeidsrelasjonar med kollegaer, frivillige og andre samarbeidspartnarar og yrkesgrupper
- kan nytta modellar for etisk refleksjon
- kan nytta sin kunnskap til observasjon og kartlegging av helsetilstand og funksjon og bidra i arbeidet med utgreiing, førebygging og behandling
- kan nytta kunnskap til observasjon og kartlegging av psykologiske behov og livskvalitet og vidare leggja til rette for eit støttande miljø
- tar utgangspunkt i pasientens ressursar og utformar og set i verk tiltak som opprettheld funksjonsnivået lengst mogleg, og kan evaluera desse
- kan nytta VIPS-rammeverket og utarbeida tillitsskapande tiltak og forebygg bruk av tvang og makt
- kan utføra pleie- og omsorgstiltak med tvang i tråd med tvangsvedtaket
- kan nytta kunnskap om korleis ein opptrer i ein utageringssituasjon
- kan finna informasjon og fagstoff som er relevant for å løysa ei fagleg problemstilling innan demensomsorg og omsorg for eldre med psykiske lidingar og/eller plager
- kan bidra aktivt i fagleg rettleiing
- har evne til å ta ansvar, utvikla og ivareta eit god arbeidsmiljø
- kan nytta ein konflikthandteringsmodell
Generell kompetanse
Studenten:
- kan identifisera og forstå etiske utfordringar og dilemma, reflektera over eigen praksis og grunngje sine vurderingar fagleg og etisk i samsvar med yrkesfaglege retningsliner
- har utvikla ei etisk grunnhaldning der brukarmedverknad og personsentrert omsorg kjem til uttrykk, og der ein kan vurdera om yrkesutøvinga er fagleg forsvarleg
- kan utføra arbeidet med utgangspunkt i eldre med psykiske lidingar og problem og demente sine individuelle behov
- forstår korleis forholdet mellom personens ressursar og krav frå omgjevnaden påverkar meistring, aktivitet og deltaking
- kan byggja relasjonar i fagmiljøet med kollegaer og med eksterne faggrupper/samarbeidspartnarar inkludert pårørande, og kjenner si rolle i det faglege teamet rundt pasienten
- kan nytta ny kunnskap til å utvikla arbeidsmetodar og der igjennom vidareutvikla praksis på eigen arbeidsplass
- kan delta i fagleg rettleiing, dela kunnskap og delta i fagleg etisk refleksjon på arbeidsplassen sin
- kan delta aktivt for å fremma god arbeidshelse og godt arbeidsmiljø på eigen arbeidsplass, og er reflektert i forhold til kva ein sjølv kan gjera for å har god arbeidshelse
Opptak
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
Formelle opptakskrav
For studium Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre er det fagbrev i helsearbeidarfaget, i tillegg til autorisasjon som sjukepleiar og vernepleiar som dannar grunnlag for opptak.
I tillegg må søkjar ha minimum 1 års erfaring frå arbeidsfeltet demensomsorg eller psykisk helsearbeid til eldre.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Organisering av studiet
Utdanninga er emnebasert. Emne 1,2,4 og 5 er på 5 studiepoeng kvar og går på deltid over 12 veker. Emne 3 er på 10 studiepoeng og går på deltid over 24 veker. Emne 4 er praksis.
Studentar kan ta praksis på eigen arbeidsplass dersom arbeidsplassen er relevant i forhold til utdanninga. Dette blir vurdert av skulen. Studentar som ikkje har ein relevant praksisplass vil få tildelt praksisplass av skulen. Studenten skal vera 100 timar i praksis, og har i tillegg 15 timar gruppearbeid med rettleiing frå lærar. Studentar som tar praksis på ein annan arbeidsplass enn sin eigen tar praksisen komprimert over 5-6 veker for å sikra kontinuitet.
Kvar modul på 5 (10) studiepoeng har 30 (60) timar samlingsbasert undervisning og 20 (40) timar nettbasert undervisning. Alle modulane har eit gruppearbeid på 15 (30) timar og ca. 70 (140) timar sjølvstudium. Total arbeidsmengd per modul er 150 (300) timar .
Største delen av den nettbaserte undervisninga er asynkron, det vil seia at studentane kan arbeida med lærestoffet på tidspunkt som høver den enkelte. Studiet er tilrettelagt for å kombinera det med å vera i arbeid.
Arbeidsmengde:
Timebelastninga for dette studiet er 865 timar, fordelt på 2 studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis og berekna eigearbeid for studentane (sjå tabell punkt 8. Emneoversikt)
Undervisninga vil vera studentaktiv. Det vil seia at studentane må vera førebudd til samlingane. Dette er dei ved å ha nytta seg av nettundervisninga som lærarane har lagt ut i forkant av samlingane og gjera arbeidskrav innan tidsfristane. På samlingane skal studentane arbeida med fagstoffet ved å løysa caseoppgåver i grupper. Dersom ein ikkje har arbeidd med fagstoffet på førehand vil ein ikkje ha godt utbytte av den studentaktive undervisninga.
Læringsplattform:
Microsoft Teams og it’slearning vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane.
Arbeidsmengde i Studiemodell Demensarbeid og psykisk helsearbeid til eldre 24--26
Emnebeskrivelse | Lærerstyrte aktiviteter utenom samlinger | Praksis | Asynkron undervisning | Undervisning | Sjølvstudium | Sum |
---|---|---|---|---|---|---|
64HH47A Etikk, kommunikasjon og relasjonskompetanse | 15 | 0 | 20 | 30 | 150 | 215 |
64HH47B Demens, psykiske lidingar og plager hos eldre | 15 | 0 | 20 | 30 | 150 | 215 |
64HH47C Personsentrert omsorg og målretta miljøbehandling | 30 | 0 | 40 | 60 | 140 | 270 |
64HH47D Implementering av målretta miljøbehandling på eigen arbeidsplass | 15 | 100 | 0 | 0 | 0 | 115 |
64HH47E Fagleg refleksjon, rettleiing og arbeidshelse | 15 | 0 | 20 | 30 | 70 | 135 |
Sum | 90 | 100 | 100 | 150 | 510 | 950 |
Undervisningsformer
Undervisninga baserer seg i stor grad på fagtekstar, forelesingar, rettleiing, refleksjonar og arbeid med oppgåver og oppgåveløysing individuelt og i gruppe. I tillegg blir det brukt video relatert til aktuelt lærestoff og rollespel.
Undervisninga og rettleiinga skjer både stamlingsbasert og digitalt. Ein vil i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Rettleiing på arbeidskrav er ein del av undervisninga. Den digitale undervisninga vil veksla mellom å vera asynkron og synkron.
Sluttvurdering
Vurderingsuttrykket Bestått/Ikkje bestått vert nytta.
I emna er det fastsett ulike arbeidskrav som studenten må gjennomføre for å kunne få sluttvurdering i form av obligatorisk oppgåve.
Kva type arbeidskrav og obliatoriske oppgåver som vert nytta i dei einskilde emna kjem fram av emneoversikta.
Sluttdokumentasjon
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 30 stp gir vitnemål.
Vitnemålet skal innehalda:
- Emne som inngår i utdanninga.
- Omfang av emne og oppnådd karakter.
- Overordna læringsutbytte.
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
- Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
- Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.
Pensumliste
Studiemodell Demensarbeid og psykisk helsearbeid til eldre 24--26
Emnebeskrivelse | Pensumliste | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
64HH47A Etikk, kommunikasjon og relasjonskompetanse | Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64HH47B Demens, psykiske lidingar og plager hos eldre |
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64HH47C Personsentrert omsorg og målretta miljøbehandling | Modul 3: Personsentrert omsorg og målretta miljøbehandling
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64HH47D Implementering av målretta miljøbehandling på eigen arbeidsplass |
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64HH47E Fagleg refleksjon, rettleiing og arbeidshelse | Modul 6: Fagleg refleksjon, rettleiing og arbeidshelse
|