Demensomsorg og Psykisk helsearbeid til eldre - 2026 Haust
Studiefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng30
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadNordnes, Nettbasert studium
- StudieformDeltid
- Startsemester2026 Haust
Demensomsorg og Psykisk helsearbeid til eldre
Om studiet
Demens er ei samlenemning for tilstandar som gir kognitiv svikt, endra åtferd og gradvis redusert evne til å meistre daglege gjeremål. Talet på personar med demens aukar i takt med høgare levealder, noko som fører til store utfordringar både for helsevesenet og for pårørande. Hos enkelte personar med demens eller psykiske lidingar kan det òg oppstå utfordrande åtferd som krev fagleg forståing, førebygging og trygg handtering. Studiet gir innsikt i årsaker til slik åtferd og korleis helsepersonell kan møte desse situasjonane på ein respektfull og trygg måte.
Alderspsykiatri omfattar psykiske lidingar hos eldre, som depresjon, angst, søvnproblem, rusmiddelbruk og delirium. Studiet tek for seg både demens og psykisk helsearbeid for eldre, uavhengig av når lidingane debuterer. Personsentrert omsorg og miljøbehandling er sentrale tilnærmingar og byggjer på forståing av pasienten sin livshistorie, ressursar og opplevingar. Målet er å fremje meistring, sjølvkjensle og livskvalitet gjennom aktiv deltaking i dagleglivet.
Utdanninga er arbeidslivsrelevant og utvikla i tråd med behov i tenestefeltet. Ho gir kompetanse som svarar til læringsutbytte på nivå 5.1 i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket (NKR). Studiet gir kunnskap og ferdigheiter i demensomsorg og psykisk helsearbeid retta mot eldre menneske, og skal styrkje fagkompetansen hos tilsette i helse- og omsorgstenestene som møter eldre med kognitiv svikt, demens eller psykiske lidingar.
Formålet er å utvikle studentane si evne til personsentrert tenking, kommunikasjon, etisk refleksjon og målretta miljøbehandling, samt å fremje arbeidshelse og profesjonell utvikling i praksisfeltet.
Læringsutbyte
Læringsutbyttebeskrivingane byggjer på Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) og viser kva studenten skal oppnå etter fullført utdanning. I NKR blir læringsutbytte delt i tre kategoriar: kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Desse beskriver kva studenten skal vite, kunne og kunne gjere på nivå 5.1
| Kunnskap | Ferdigheit | Generell kompetanse |
| Forståing av teoriar, fakta, omgrep, prinsipp og prosedyrar innan fag og yrke. | Kan anvende fagleg kunnskap til å løyse praktiske og teoretiske problem og meistre relevante tilnærmingar og metodar. Døme på ulike typar ferdigheiter er kognitive, praktiske, kreative og kommunikative ferdigheiter | Kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver, samarbeide med andre, anvende kunnskap i praksis og vurdere eiga fagleg utøving. |
På bakgrunn av desse nasjonale referansane er det formulert følgjande overordna læringsutbyttebeskrivingar for studiet;
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om personsentrert kommunikasjon, relasjonskompetanse og modellar for etisk refleksjon
- har kunnskap om demens, psykisk sjukdom og psykiske plager hos eldre
- har kunnskap om førebygging og rehabilitering for eldre med psykisk sjukdom og plager og personar med demens
- har kunnskap om kartleggingsverktøy, utgreiing og utforming av tiltak til personar med demens og eldre med psykiske lidingar og/eller plager
- har kunnskap om verdigrunnlaget i personsentrert omsorg og om VIPS praksismodell
- har kunnskap om teoriar, prinsipp og kunnskapsbaserte verktøy innan målretta miljøbehandling
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter og styringsdokument som regulerer rettar og plikter for aktørane innan psykisk helsearbeid for eldre og demensomsorg
- har kunnskap om korleis demensomsorga og psykisk helsearbeid for eldre er organisert
- kan oppdatera sin kunnskap innan fagfelta psykisk helsearbeid for eldre og demensomsorg
- forstår kor viktig demensomsorg og omsorga for eldre med psykiske vanskar og lidingar er i eit samfunnsperspektiv
- har kunnskap om kva fagleg rettleiing er og kjenner til aktuell rettleiingsteori og metodar
- kjenner omgrepet arbeidshelse og har kunnskap om leiar og arbeidstakar sitt ansvar for arbeidsmiljøet
- har kunnskap om konflikt og konflikthandtering
Ferdigheiter
Studenten:
- kan nytta personsentrert kommunikasjon og metodar frå motiverande samtalar i samarbeid med pasientar og pårørande
- kan nytta prinsipp for open og god kommunikasjon, samt skapa gode samarbeidsrelasjonar med kollegaer, frivillige og andre samarbeidspartnarar og yrkesgrupper
- kan nytta modellar for etisk refleksjon
- kan nytta sin kunnskap til observasjon og kartlegging av helsetilstand og funksjon og bidra i arbeidet med utgreiing, førebygging og behandling
- kan nytta kunnskap til observasjon og kartlegging av psykologiske behov og livskvalitet og vidare leggja til rette for eit støttande miljø
- tar utgangspunkt i pasientens ressursar og utformar og set i verk tiltak som opprettheld funksjonsnivået lengst mogleg, og kan evaluera desse
- kan nytta VIPS-rammeverket og utarbeida tillitsskapande tiltak og forebygg bruk av tvang og makt
- kan utføra pleie- og omsorgstiltak med tvang i tråd med tvangsvedtaket
- kan nytta kunnskap om korleis ein opptrer i ein utageringssituasjon
- kan finna informasjon og fagstoff som er relevant for å løysa ei fagleg problemstilling innan demensomsorg og omsorg for eldre med psykiske lidingar og/eller plager
- kan bidra aktivt i fagleg rettleiing
- har evne til å ta ansvar, utvikla og ivareta eit god arbeidsmiljø
- kan nytta ein konflikthandteringsmodell
Generell kompetanse
Studenten:
- kan identifisera og forstå etiske utfordringar og dilemma, reflektera over eigen praksis og grunngje sine vurderingar fagleg og etisk i samsvar med yrkesfaglege retningsliner
- har utvikla ei etisk grunnhaldning der brukarmedverknad og personsentrert omsorg kjem til uttrykk, og der ein kan vurdera om yrkesutøvinga er fagleg forsvarleg
- kan utføra arbeidet med utgangspunkt i eldre med psykiske lidingar og problem og demente sine individuelle behov
- forstår korleis forholdet mellom personens ressursar og krav frå omgjevnaden påverkar meistring, aktivitet og deltaking
- kan byggja relasjonar i fagmiljøet med kollegaer og med eksterne faggrupper/samarbeidspartnarar inkludert pårørande, og kjenner si rolle i det faglege teamet rundt pasienten
- kan nytta ny kunnskap til å utvikla arbeidsmetodar og der igjennom vidareutvikla praksis på eigen arbeidsplass
- kan delta i fagleg rettleiing, dela kunnskap og delta i fagleg etisk refleksjon på arbeidsplassen sin
- kan delta aktivt for å fremma god arbeidshelse og godt arbeidsmiljø på eigen arbeidsplass, og er reflektert i forhold til kva ein sjølv kan gjera for å har god arbeidshelse
Opptak
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev. Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
Formelle opptakskrav
For studium Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre er det fagbrev i helsearbeidarfaget, i tillegg til autorisasjon som sjukepleiar og vernepleiar som dannar grunnlag for opptak. I tillegg må søkjar ha minimum 1 års erfaring frå arbeidsfeltet demensomsorg eller psykisk helsearbeid til eldre.
Fagbrev som kvalifiserer til opptak
Helse- og oppvekstfag
- Helsearbeidarfaget
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Relevant realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Andre bestemmelser
Skikkethetsvurdering
For denne utdanninga gjennomførast det ei skikkavurdering. Skikkavurdering skal finne stad gjennom heile utdanninga, jf. fagskoleloven § 26 første ledd.
Ei skikkavurdering skal avdekkja om studenten har dei nødvendige føresetnadene for å kunne utøva yrket. Ein student som i utdanninga eller i framtidig yrkesutøving kan utgjera fare for liv, fysisk og/eller psykisk helse, rettar og tryggleik til barn, unge eller vaksne i sårbare situasjonar, er ikkje skikka for yrket.
Fagskulen Vestland gjennomfører skikkavurdering i tråd med gjeldande regelverk i fagskoleloven § 26 og fagskoleforskriften kapittel 5.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Organisering av studiet
Utdanninga er emnebasert og består av fire emne à 7,5 studiepoeng, totalt 30 studiepoeng. Studiet blir gjennomført på deltid over eitt år, med to emne i haustsemesteret og to emne i vårsemesteret.
Kvart emne kan takast enkeltvis og blir gjennomført i ein definert periode i semesteret.
Det er ingen krav om rekkjefølgje mellom emna.
Emne 4 inneheld utviklingsarbeid og ferdigheitstrening, som fortrinnsvis kan gjennomførast på eigen arbeidsplass dersom arbeidsplassen er relevant for utdanninga. Relevansen blir vurdert av skulen, og studentar utan relevant arbeidsplass får tilbod om alternativ løysing.
Studiet er tilrettelagt for studentar som kombinerer utdanning og arbeid, med ei kombinasjon av samlingsbasert og nettbasert undervisning. Den nettbaserte undervisninga er i hovudsak asynkron, slik at studentane kan arbeide med fagstoffet på tidspunkt som passar dei.
Arbeidsmengde:
Kvar emne på 7,5 studiepoeng omfattar om lag:
- 40 timar samlingsbasert undervisning
- 25 timar nettbasert undervisning
- 20 timar gruppearbeid med rettleiing
- 140 timar sjølvstudium
Total arbeidsmengd per emne er om lag 225 timar, i tråd med nasjonale føringar (30 timar per studiepoeng).
Total arbeidsmengde for studiet er om lag 900 timar
Læringsplattform:
It’s Learning blir brukt til administrasjon av studiet, formidling av fagstoff, oppgåver og kommunikasjon.
Zoom og Microsoft Teams blir nytta til digital rettleiing, undervisning og informasjon.
Fleksibilitet:
Emna kan takast enkeltvis eller som eit samla studium. Studentar som fullfører eitt eller fleire emne får karakterutskrift. Studentar som fullfører alle fire emne får vitnemål for fullført fagskuleutdanning (30 studiepoeng) på nivå 5.1 i NKR.
Undervisningsformer
Undervisninga baserer seg i stor grad på fagtekstar, forelesingar, rettleiing, refleksjonar og arbeid med oppgåver og oppgåveløysing individuelt og i gruppe. I tillegg blir det brukt video relatert til aktuelt lærestoff og rollespel.
Undervisninga og rettleiinga skjer både samlingsbasert og digitalt. Ein vil i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Rettleiing på obligatoriske læringsaktivitetar er ein del av undervisninga. Den digitale undervisninga vil veksla mellom å vera asynkron og synkron.
Vurdering
Utgangspunktet for all vurdering er dei fastsette læringsutbytta på overordna nivå og emnenivå. Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) for å få sluttvurdering i emnet. OLA fungerer som vilkår for vurdering, men inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget, jf. forskrifta § 5-4.
Emneplanen fastset kva obligatoriske læringsaktivitetar som gjeld i emnet, og kva vurderingsform som blir nytta. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre anna er fastsett. Sjå også forskrifta kapittel 6 om vurdering.
Sluttvurdering
Sluttvurderinga i kvart emne er bestått/ikkje bestått. For å oppnå vurderinga bestått må alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) vere godkjende. Dersom ikkje alle OLA er godkjende, blir emnet vurdert til ikkje bestått, og studenten må gjennomføre heile emnet på nytt for å kunne oppnå bestått.
Sluttdokumentasjon
Kvart fullført emne gir 7,5 studiepoeng. Når alle fire emne er fullførte og beståtte (30 studiepoeng), får studenten vitnemål for fullført fagskuleutdanning.
Studentar som vel å ta eitt eller fleire emne enkeltvis, får karakterutskrift som viser dei emna dei har fullført og bestått.
Vitnemålet skal innehalda:
- Emne som inngår i utdanninga.
- Omfang av emne og oppnådd karakter.
- Overordna læringsutbytte.
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.1 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
- Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
- Namn på utdanning.
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
Litteratur- og utstyrsliste
Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre
| Emnebeskrivelse | Litteratur- og utstyrsliste | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 64HH47F Grunnleggande forståing av aldring, psykisk helse og demens |
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 64HH47G Innføring i miljøbehandling og personsentrert omsorg |
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 64HH47H Samhandling, fagleg refleksjon og rettleiing i tverrfaglege team |
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 64HH47I Målretta miljøbehandling og personsentrert omsorg |
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||