64HH47F Grunnleggande forståing av aldring, psykisk helse og demens - 2026 Haust
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng7,5
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadNordnes
- StudieprogramDemensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
Emnet gir studentane ei grunnleggande forståing av aldringsprosessar, demenssjukdommar og psykiske lidingar hos eldre.
Studentane får innsikt i korleis fysiske, psykiske og sosiale faktorar verkar saman, og korleis desse påverkar livskvalitet, funksjon og meistring. Det blir òg lagt vekt på etiske perspektiv, kommunikasjon og relasjonskompetanse i møte med eldre med kognitiv svikt eller psykiske utfordringar.
Emnet kan takast som eit enkeltståande emne, eller inngå som eitt av dei fire emna i fagskuleutdanninga i demensomsorg og psykisk helsearbeid for eldre.
Tema:
- Aldringsprosessen og grunnleggande behov
- Psykologisk
- Sosial
- Livets slutt
- Aldringsrelaterte problemområde som kan forvekslast med demens og psykiske plager
- Sansar
- Døgnrytme og søvnforstyrrelse
- Smerte
- Sosial isolasjon og tap
- Krenkelse og overgrep
- Medikamentbruk
- Demenssjukdommar
- Altzheimers sjukdom
- Vaskulær demens
- Frontotemporallappsdemens
- Demens ved Lewy legeme
- Alkoholdemens
- Andre demenssjukdommar
- Kognitiv svikt av andre årsaker
- Psykisk sjukdom hos eldre
- Depresjon
- Angst
- Psykosar
- Delirium
- Personelegdomsforstyrringar
- Rusproblem hos eldre
- Suicidalitet og sjølvmord
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- kan forklara omgrepet etiske dilemma og kva etisk refleksjon er med utgangspunkt i demensomsorg og omsorg for eldre med psykiske lidingar og problem.
- kan forklara kommunikasjonsprosessen, og korleis ein kan samhandla og kommunisera med personar med språkproblem, kognitiv svikt, sansebedrag og realitetsbrist grunna psykisk sjukdom og demens.
- kjenner til relasjonskompetansens betydning i samhandling med eldre med psykiske lidingar og problem, personar med demens og deira pårørande.
- har innsikt i lovverk og styringsdokument som er aktuelle innan fagfeltet psykisk helsearbeid for eldre og demensomsorga.
- kjenner til ulike hjernesjukdommar som fører til demens og om demenstilstanden
- kjenner til psykisk sjukdom hos eldre som depresjon, angst, delirium, personlegdoms-forstyrringar, psykose og rusavhengigheit
- har innsikt i korleis psykisk sjukdom hos eldre og demens påverkar behov, ressursar, funksjonsevne, meistring og livskvalitet, og verkar inn på dei grunnleggjande psykologiske behov
- innsikt i nasjonale tilrådingar for kvalitet, utgreiing, tilrettelegging og behandlingstilbod for eldre med psykisk sjukdom og personar med demens
- kjenner til organiseringa av demensomsorga og psykisk helsearbeid til eldre, og aktørar og samarbeidspartar sitt ansvar og oppgåver
Ferdigheiter
Studenten kan:
- identifisera og reflektera over etiske utfordringar og dilemma i psykisk helsearbeid for eldre og demensomsorga
- identifisera faglege og etiske problemstillingar
- bruka ulike kommunikasjonsteknikkar, personsentrert kommunikasjon og metodar frå motiverande samtalar
- nytta kommunikasjonsteknikkar for å oppnå tillit
- arbeida målretta med å utvikla sin relasjonskompetanse
- observera og gjenkjenna symptom på ulike psykisk sjukdommar og demenssjukdommar
- bruka kunnskap om pårørande sine behov
- observera, kartleggja og rapportera endringar hos pasienten
- kartleggja ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar
Generell kompetanse
Studenten:
- reflekterer og har forståing for dei faglege yrkesetiske retningslinene
- viser ei etisk grunnhaldning
- har ei etisk grunnhaldning som samsvarer med personsentrert omsorg
- kan nytta relevante kommunikasjonsteknikkar for å leggja til rette for ein god relasjon
- reflekterer over korleis omsorga bør organiserast
- reflekterer over korleis ein best kan ivareta pårørande
Undervisningsformar og aktivitetar
Undervisninga vil vera studentaktiv. Det vil seia at studentane må vera førebudd til samlingane. Dette er dei ved å ha nytta seg av nettundervisninga som lærarane har lagt ut i forkant av samlingane og gjera obligatoriske læringsaktivitetar innan tidsfristane. På samlingane skal studentane arbeida med fagstoffet ved til dømes å løysa caseoppgåver i grupper. Dersom ein ikkje har arbeidd med fagstoffet på førehand vil ein ikkje ha godt utbytte av den studentaktive undervisninga.
Undervisninga baserer seg i stor grad på fagtekstar, nokre forelesingar, rettleiing, refleksjonar og arbeid med oppgåver og oppgåveløysing individuelt og i gruppe. I tillegg blir det brukt video relatert til aktuelt lærestoff og ferdighetstrening. Undervisninga og rettleiinga skjer både samlingsbasert og digitalt.
Ein vil i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Rettleiing på obligatoriske læringsaktivitetar er ein del av undervisninga. Den digitale undervisninga vil veksla mellom å vera asynkron og synkron.
Forkunnskapskrav
Det er ingen forkunnskapskrav utover dei ordinære opptakskrava til fagskuleutdanning. Emna kan takast enkeltvis utan krav til rekkjefølgje.
Arbeidsinnsats
Kvart emne på 7,5 studiepoeng utgjer om lag 225 timar arbeid.
Dette omfattar all lærarstyrt undervisning, praksis, rettleiing og sjølvstendig arbeid.
Vurdering
Utgangspunktet for all vurdering er dei fastsette læringsutbytta på overordna nivå og emnenivå. Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) for å få sluttvurdering i emnet. OLA fungerer som vilkår for vurdering, men inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget, jf. forskrifta § 5-4.
Emneplanen fastset kva obligatoriske læringsaktivitetar som gjeld i emnet, og kva vurderingsform som blir nytta. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre anna er fastsett. Sjå også forskrifta kapittel 6 om vurdering.
Sluttvurdering
Sluttvurderinga i kvart emne er bestått /i kkje bestått. For å oppnå vurderinga bestått må alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) vere godkjende. Dersom ikkje alle OLA er godkjende, blir emnet vurdert til ikkje bestått, og studenten må gjennomføre heile emnet på nytt for å kunne oppnå bestått.
Sluttkompetanse
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 30 studiepoeng gir vitnemål og ein fagskuleutdanning. Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om ein karakterutskrift som viser fullført og bestått emne.
Vitnemålet vil innehalde:
-
Emne som inngår i utdanninga.
-
Omfang av emne og oppnådd vurdering
-
Overordna læringsutbytte.
-
Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.1 og kvalifikasjonen som er oppnådd.
-
Karaktersystemet som blir brukt og talet på studiepoeng.
-
Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Ingen eksamen Karakterskala Bestått |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Asynkron undervisning | 25 Tima(r) | Deltid | ||
Undervisning | 40 Tima(r) | Deltid | Samlingsbasert | |
Rettleiing | 20 Tima(r) | Deltid | ||
Sjølvstudium | 140 Tima(r) | Deltid |
Obligatoriske læringsaktivitetar
I dette emnet skal studenten gjennomføre følgjande obligatoriske læringsaktivitetar:
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Test deg sjølv-oppgåve Individuell | ||
Test deg sjølv-oppgåve Individuell | ||
Test deg sjølv-oppgåve Individuell | ||
Refleksjonsnotat Individuell |
Litteratur- og utstyrsliste
| ISBN | Litteratur | Pensum |
|
9788280613868 | Tretteteig, S.(red.)(2020) Psykiske sykdommer hos eldre. Aldring og helse | Kap. 1, 2, 4 - 10,14 (ca 125 s) |
| 978-82-8061-260-1 | Tretteteig, S. (red) (2017) Demensboka. Aldring og helse | Kap. 1-5, 26 (ca 89 s) |
| 978-82-05-53111-6 | Kirkevold, M., Brodkorb, K., Ranhoff, A. H. (red.) (2020) Geriatrisk sykepleie. Gyldendal KOMPENDIUM | Kap.18,19,21,22, 25 (70 s) |
| 9788278419144 | Häikiö, K. (2019) Smerter hos eldre og personer med demens. Medlex norsk helseinformasjon | 63 s |
|
| Tann og munnhelse https://www.aldringoghelse.no/demens/behandling-og-oppfolging/medisinsk-og-helsefaglig-oppfolging-pa-sykehjem/tann-og-munnhelse/ | (= ca 5 sider) |
|
| Tilleggslitteratur (ikkje pensum) |
|
| 978-82-8061-260-1 | Tretteteig, S. (red) (2017) Demensboka. Aldring og helse | Kap.6-7 |
| 9788280613240 | Johannesen, A., Bara, M.L., Engedal, E. og Haugen, P.K. (2017)Yngre personer med demens. Aldring og helse |
|
|
| Omfanget av vold og overgrep mot eldre mennesker i Norge (2019) https://www.idunn.no/doi/pdf/10.18261/9788215032320-2019-07 |
|
| 97882-8216-146-6 | Engedal, K. og Bjørkløf ,G.H. (2020) Depresjon hos eldre. Hertvig Forlag |
|
| Nettressurs | ||
| Demensplan 2025: https://www.regjeringen.no/contentassets/b3ab825ce67f4d73bd24010e1fc05260/demensplan-2025.pdf | ||
| Medisinsk og helsefaglig oppfølging på sykehjem Cornell skala for depresjon ved demens (CSDD): Rettleiiar for utfylling av skjema: https://www.aldringoghelse.no/ah-archive/documents/Cornell_Retningslinjer_Sk%C3%A5r_2019_INT00012_WEB.pdf | ||