64HH47G Innføring i miljøbehandling og personsentrert omsorg - 2026 Haust
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng7,5
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadNordnes
- StudieprogramDemensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
Emnet gir studentane ei grunnleggande innføring i sentrale prinsipp frå modellar og metodar innan miljøbehandling og personsentrert omsorg. Studentane får innsikt i korleis aktivitet, miljø, kommunikasjon og relasjonar kan påverke meistring og livskvalitet hos eldre med demens og psykiske lidingar.
Emnet kan takast som eit enkeltståande emne, eller inngå som eitt av dei fire emna i fagskuleutdanninga i demensomsorg og psykisk helsearbeid for eldre.
Tema:
- Personsentrert omsorg som verdigrunnlag
- Miljøbehandling
- Aktivitet som omgrep
- Livshistorie og meistringsstrategiar
- Ressursar, ønskje og behov
- Livskvalitet
- Smertevurdering
- Pårørande: deira situasjon og rolle som ressurs
- Personsentrert omsorg: prinsipp, mål og metodar
- VIPS praksismodell (VPM)
- Planverktøy
- Tillitsskapande tiltak
- Utfordrande åtferd og korleis forstå denne
- TID-modellen (Tverrfagleg intervensjonsmodell ved utfordrande åtferd ved demens)
- Relasjonelle årsaker
- Aggresjonsdempande kommunikasjon og deeskalering
- Teknikkar som hindrar skade ved utagering
- Debriefing og defusing
- Tvang og tvangsvedtak
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har:
- kunnskap om kva som ligg i omgrepet personsentrert omsorg
- kunnskap om kva målretta miljøbehandling er, og kva teoretiske modellar og praktiske metodar denne arbeidsforma byggjer på.
- innsikt i aktuelle observasjons- og kartleggingsverktøy
- kunnskap om tillitsskapande arbeid og bruk av tvang
- innsikt i nasjonale råd og lovverk som regulerer bruk av tvang når pasienten set seg imot helsehjelp
- kunnskap om relasjonens betydning for å deeskalera situasjonar der pasienten viser tegn til aggressiv åtferd
- kunnskap om korleis ein kan handtera situasjonar der pasienten misser kontroll og utagerer
- kunnskap om korleis ein kan ivareta seg sjølv og sine kollegaer og pasienten etter ein situasjon med utagering
Ferdigheiter
Studenten kan:
- kartleggja pasientens situasjon, behov og ressursar, samt reflektera over og vurdera faglege problemstillingar og utforma gode personsentrerte tiltaksplanar for den aktuelle pasienten
- samarbeida med pårørande og innhenta informasjon om pasientens liv og interesser
- observera og kartleggja pasientens evne til aktivitet og deltaking og leggja til rette det fysiske miljøet rundt pasienten slik at han/ho bevarer sine ressursar lengst mogleg og opplever meistring og kjenner seg trygg
- finna informasjon og fagstoff som er relevant innan miljøbehandling i fagfeltet psykisk helsearbeid for eldre og demensomsorg
- utforma tillitsskapande tiltak som byggjer på pasientens perspektiv
- nytta kunnskap for å gje nødvendig helsehjelp til pasientar som set seg imot denne
- laga ein tiltaksplan som deeskalerer situasjonar dersom pasienten viser teikn til aggressiv åtferd
- nytta forskjellige teknikkar for å beskytta seg sjølv og kollegaer når utagering skjer på ein skånsam måte
- gjennomføra defusing med kollegaer som ha vore involverte i ei alvorleg stress eller krisehending
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan utføra miljøbehandling etter grunnlagstenking i personsentrert omsorg
- har forståelse for verdigrunnlaget i personsentrert omsorg
- har utvikla ei etisk grunnhaldning som gjer at studenten fremmar brukermedverknad og pasientens integritet
- kan samarbeide med pårørande og forstår at dei er ein ressurs for pasienten
- har ei etisk grunnhaldning som byggjer på brukermedverknad og pasientens perspektiv
- har ei fagleg og etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk i tillitsskapanda samhandling der ein fokuserer på meistring og mest mogleg livskvalitet
- har innsikt i kor viktig det er å ta pasientes perspektiv for å forstå problemtaisk og utfordrande atferd
- kan identifisera krenkring og overgrep og fremma tillitsskapande samhandling som støtter pasientes medverknad og eigne val for å unngå bruk av tvang
Undervisningsformar og aktivitetar
Undervisninga vil vera studentaktiv. Det vil seia at studentane må vera førebudd til samlingane. Dette er dei ved å ha nytta seg av nettundervisninga som lærarane har lagt ut i forkant av samlingane og gjera obligatoriske læringsaktivitetar innan tidsfristane. På samlingane skal studentane arbeida med fagstoffet ved til dømes å løysa caseoppgåver i grupper. Dersom ein ikkje har arbeidd med fagstoffet på førehand vil ein ikkje ha godt utbytte av den studentaktive undervisninga.
Undervisninga baserer seg i stor grad på fagtekstar, nokre forelesingar, rettleiing, refleksjonar og arbeid med oppgåver og oppgåveløysing individuelt og i gruppe. I tillegg blir det brukt video relatert til aktuelt lærestoff og ferdighetstrening. Undervisninga og rettleiinga skjer både samlingsbasert og digitalt.
Ein vil i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Rettleiing på obligatoriske læringsaktivitetar er ein del av undervisninga. Den digitale undervisninga vil veksla mellom å vera asynkron og synkron.
Forkunnskapskrav
Det er ingen forkunnskapskrav utover dei ordinære opptakskrava til fagskuleutdanning. Emna kan takast enkeltvis utan krav til rekkjefølgje.
Arbeidsinnsats
Kvart emne på 7,5 studiepoeng utgjer om lag 225 timar arbeid.
Dette omfattar all lærarstyrt undervisning, praksis, rettleiing og sjølvstendig arbeid.
Vurdering
Utgangspunktet for all vurdering er dei fastsette læringsutbytta på overordna nivå og emnenivå. Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) for å få sluttvurdering i emnet. OLA fungerer som vilkår for vurdering, men inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget, jf. forskrifta § 5-4.
Emneplanen fastset kva obligatoriske læringsaktivitetar som gjeld i emnet, og kva vurderingsform som blir nytta. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre anna er fastsett. Sjå også forskrifta kapittel 6 om vurdering.
Sluttvurdering
Sluttvurderinga i kvart emne er bestått/ikkje bestått. For å oppnå vurderinga bestått må alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) vere godkjende. Dersom ikkje alle OLA er godkjende, blir emnet vurdert til ikkje bestått, og studenten må gjennomføre heile emnet på nytt for å kunne oppnå bestått.
Sluttkompetanse
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 30 studiepoeng gir vitnemål og ein fagskuleutdanning. Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om ein karakterutskrift som viser fullført og bestått emne.
Vitnemålet vil innehalde
-
Emne som inngår i utdanninga.
-
Omfang av emne og oppnådd vurdering
-
Overordna læringsutbytte.
-
Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.1 og kvalifikasjonen som er oppnådd.
-
Karaktersystemet som blir brukt og talet på studiepoeng.
-
Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Ingen eksamen Karakterskala Bestått |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Asynkron undervisning | 25 Tima(r) | Deltid | ||
Undervisning | 40 Tima(r) | Deltid | Samlingsbasert | |
Rettleiing | 20 Tima(r) | Deltid | ||
Sjølvstudium | 140 Tima(r) | Deltid |
Obligatoriske læringsaktivitetar
I dette emnet skal studenten gjennomføre følgjande obligatoriske læringsaktivitetar:
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Test deg sjølv-oppgåve Individuell | ||
Test deg sjølv-oppgåve Individuell | ||
Refleksjonsnotat Individuell | ||
Munnleg framlegg Gruppe/Individuell |
Litteratur- og utstyrsliste
| ISBN | Litteratur | Pensum |
| 978-82-8061-260-1 | Tretteteig, S. (red) (2017) Demensboka. Forlaget Aldring og helse | Kap. 10,15 (35 s) |
|
| Rokstad, A.M.M., Smedby, K.L. (red) (2020) Personer med demens – møte og samhandling. Cappelen Damm Akademisk. KOMPENDIUM | Kap.9 (21 s) |
| 978-82-02-51432-7 | Eskeland, K.O. (2017) Alderspsykiatri og omsorgsarbeid. Cappelen Damm Akademisk KOMPENDIUM | Kap.12 + 19 (21 s) |
| 978-82-05-46393-6 | Lillevik, O.G. og Øien, L. (2014) Miljøterapeutisk arbeid i møte med vold og aggresjon. Gyldendal | 155 s |
|
| Skau, G.M. ( 2015) Mellom makt og hjelp. Universitetsforlaget. KOMPENDIUM | Kap.2 (13.5 s) |
|
| 15 s | |
|
| Tilleggslitteratur |
|
|
| Film: https://www.aldringoghelse.no/nar-spenningene-er-til-a-ta-og-fole-pa-vold-og-aggresjon-i-sykehjem/ |
|
|
| E-læringskurs (gratis) 3 timar: Et kurs om demens og hvordan atferdsmessige og psykologiske symptomer ved demens (APSD) kan forstås. https://www.aldringoghelse.no/kompetanseressurser/hva-er-demens/ |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| ISBN | Litteratur | Pensum |
| 978-82-8061-260-1 | Tretteteig, S. (red) (2017) Demensboka. Aldring og helse | Kap. 12,13, 16 – 20 (56 s) |
| 9788280613868 | Tretteteig, S. (red.)(2020) Psykiske sykdommer hos eldre. Aldring og helse | Kap 12, 15 (31 s) |
|
| Engedal, K. og Tveito, M. (red.) (2019) Alderspsykiatri. Aldring og helse. KOMPENDIUM | Kap. 11 (9 s) |
|
| Kap 2-4 (13 s) | |
|
| VIPS-manualen for institusjon eller for tjenester i hjemmet | Ca 50 s |
|
| Tilleggslitteratur |
|
|
| Strandli, E.H.A. (2016) Inn på tunet. Dagaktivitetstilbud tilrettelagt for personer med demens. Oslo: Forlaget aldring og helsehttps://butikk.aldringoghelse.no/file/digitalarkiv-nettbutikk/innpatunet2018_1_triawaq.pdf |
|
|
| Strandli, E.H.Ø (2020) Dagaktivitetstilbud for personer med demens. Forlag aldring og helse |
|
|
| Nettressurs |
|
|
| Demensplan 2025: https://www.regjeringen.no/contentassets/b3ab825ce67f4d73bd24010e1fc05260/demensplan-2025.pdf |
|
|
| Cornell skala for depresjon ved demens (CSDD): Rettleiiar for utfylling av skjema: https://www.aldringoghelse.no/ah-archive/documents/Cornell_Retningslinjer_Sk%C3%A5r_2019_INT00012_WEB.pdf |
|
|
|
| |
|
| OBS-demens Observasjonsskjema for observering av funksjon for personer med kognitiv svikt og demens |
|
|
| QUALID Livskvalitet ved langtkommen demens - registreringsskjema |
|
|
|
| |
|
|
| |
|
|
| |
|
|
| |
|
|
| |
|
| Fysiske omgivelser: https://www.utviklingssenter.no/malrettet-miljobehandling/fysiske-omgivelser-en-vei-til-mestring-og-aktivitet |
|
|
|
|
|