64HH47A Etikk, kommunikasjon og relasjonskompetanse

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      5
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieprogram
      Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

I dette emnet vil ein gå nærare inn på følgande tema:

  • Menneskesyn, verdiar brukarmedverknad
  • Livskvalitet
  • Etisk refleksjon
  • Yrkesetiske retningsliner
  • Aktuelle lovverk og styringsdokument
  • Samtykkekompetanse, makt, tvang og kontroll
  • Kommunikasjon i eit hjelparperspektiv
  • Personsentrert kommunikasjon
  • Motiverande samtalar
  • Relasjonskompetanse
  • Tverrkulturell samhandling og kommunikasjon

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • kan forklara omgrepet etiske dilemma og kva etisk refleksjon er med utgangspunkt i demensomsorg og omsorg for eldre med psykiske lidingar og problem.
  • kan forklara kommunikasjonsprosessen, og korleis ein kan samhandla og kommunisera med personar med språkproblem, kognitiv svikt, sansebedrag og realitetsbrist grunna psykisk sjukdom og demens.
  • kjenner til relasjonskompetansens betydning i samhandling med eldre med psykiske lidingar og problem, personar med demens og deira pårørande.
  • har innsikt i lovverk og styringsdokument som er aktuelle innan fagfeltet psykisk helsearbeid for eldre og demensomsorga.

Ferdigheter

Studenten kan

  • identifisera og reflektera over etiske utfordringar og dilemma i psykisk helsearbeid for eldre og demensomsorga
  • identifisera faglege og etiske problemstillingar
  •  bruka ulike kommunikasjonsteknikkar, personsentrert kommunikasjon  og metodar frå motiverande samtalar, og har eit reflektert forhold til dette
  •  nytta kommunikasjonsteknikkar for å oppnå tillit
  • arbeida målretta med å utvikla sin relasjonskompetanse

Generell kompetanse

Sudenten

  • er reflekter og har forståing for dei faglege yrkesetiske retningslinene innan psykisk helsearbeid for eldre og i demensomsorga
  • viser ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk ved at brukarmedverknad og pasientens integritet blir ivaretatt
  • har ei etisk grunnhaldning som samsvarer med dei prinsippa personsentrert omsorg byggjer på.
  • kan nytta relevante kommunikasjonsteknikkar for å leggja til rette for ein god relasjon med eldre med psykiske lidingar, demente og deira pårørande
  • kan nytta relevante kommunikasjonsteknikkar for å leggja til rette for ein god relasjon med eldre med psykiske lidingar, demente og deira pårørande

Undervisningsformer og aktivitet

Undervisninga vil vera studentaktiv. Det vil seia at studentane må vera førebudd til samlingane. Dette er dei ved å ha nytta seg av nettundervisninga som lærarane har lagt ut i forkant av samlingane og gjera arbeidskrav innan tidsfristane. På samlingane skal studentane arbeida med fagstoffet ved å løysa caseoppgåver i grupper. Dersom ein ikkje har arbeidd med fagstoffet på førehand vil ein ikkje ha godt utbytte av den studentaktive undervisninga.

Undervisninga baserer seg i stor grad på fagtekstar, forelesingar, rettleiing, refleksjonar og arbeid med oppgåver og oppgåveløysing individuelt og i gruppe. I tillegg blir det brukt video relatert til aktuelt lærestoff og rollespel. Undervisninga  og rettleiinga skjer både samlingsbasert og digitalt.

Ein vil i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Rettleiing på arbeidskrav er ein del av undervisninga. Den digitale undervisninga vil veksla mellom å vera asynkron og synkron.

Forkunnskapskrav

Studenten har røynsle frå arbeidet med eldre menneske med demens eller psykiske helseutfordringar. Sjå opptakskrav.

Arbeidsinnsats

Største delen av den nettbaserte undervisninga er asynkron, det vil seia at studentane kan arbeida med lærestoffet på tidspunkt som høver den enkelte. Studiet er tilrettelagt for å kombinera det med å vera i arbeid. Lærarstyrt aktivitet utanom samlingane er eit gruppearbeid der gruppene får rettleiing frå lærar. På samlingane vil ein i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Denne forma krev at studenten er førebudd til samlingane og har arbeidd med det asynkrone lærestoffet i forkant av samlingane. Denne modulen utgjer ca 150 arbeidstimar totalt for studenten.

Vurdering

Vurderingsforma er mappevurdering.

Mappa inneheld:

  • 3 oppgaver

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
30 Time(r)
Deltid
Asynkron undervisning
20 Time(r)
Deltid
Lærerstyrte aktiviteter utenom samlinger
15 Time(r)
Deltid
Sjølvstudium
150 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

  • deltaking på 5 samlinger
  • 2 refleksjonsloggar
  • 3 "test-deg-sjølv"-oppgåver

For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og bestått.

Fagressursar

Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner.

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre

Emneansvarlig

Marianne Moberg
Oda Marie Nilsen
Renate Alvestad