64HH47E Fagleg refleksjon, rettleiing og arbeidshelse - 2026 Vår
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng5
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadNordnes
- StudieprogramDemensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre
- Startsemester2026 Vår
Om emnet
- Fagleg refleksjon
- Refleksjonsmodell
- Refleksjonslogg
- Implementering
- Rettleiing (veiledning)
- Rettleiingsteori og metodar
- Delta i rettleiingsgruppe
- Mentalisering
- Arbeidshelse og arbeidsmiljø
- Definisjonar
- Kvalitetssikring og -kontroll
- Ansvar
- Konflikt og konflikthandtering
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om fagleg og etisk refleksjon og refleksjonsmodellar
- har kunnskap om korleis ein kan implementera gode rutinar for fagleg refleksjon på eigen arbeidsplass
- har kunnskap om fagleg rettleiing
- har kunnskap om omgrepet arbeidshelse og kva dette er
- kan anvende kunnskap om kvalitetssikring og kvalitetskontroll for å delta i kvalitetsarbeidet på egen arbeidsplass
Ferdigheiter
Studenten:
- kan identifisera faglege og etiske problemstillingar
- kan bruka ein refleksjonsmodell
- viser evne til mentalisering og på denne måten visa forståing for andre personars perspektiv, og tar omsyn til korleis ein sjølv verkar på andre
- kan bidra konstruktivt i rettleiingsgruppe
- kan nytta ein konflikthandteringsmodell
- kan nytta kvalitetssystema på arbeidsplassen og ha fokus på korleis og når ein skal melda avvik
Generell kompetanse
Studenten:
- har ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga åtferd og kommunikasjon i praksis og med medstudentar og lærar
- har ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga åtferd og kommunikasjon med medstudentar og lærar
- kan ta i mot og gjera seg nytte av rettleiing
- kan ta eit medansvar for å utvikla og oppretthalda eit godt arbeidsmiljø
- kan utføra arbeidet etter arbeidsplassens HMS-rutinar for kvalitetssikring og internkontroll
Undervisningsformar og aktivitetar
Undervisninga vil vera studentaktiv. Det vil seia at studentane må vera førebudd til samlingane. Dette er dei ved å ha nytta seg av nettundervisninga som lærarane har lagt ut i forkant av samlingane og gjera arbeidskrav innan tidsfristane. På samlingane skal studentane arbeida med fagstoffet ved å løysa caseoppgåver i grupper. Dersom ein ikkje har arbeidd med fagstoffet på førehand vil ein ikkje ha godt utbytte av den studentaktive undervisninga.
Undervisninga baserer seg i stor grad på fagtekstar, forelesingar, rettleiing, refleksjonar og arbeid med oppgåver og oppgåveløysing individuelt og i gruppe. I tillegg blir det brukt video relatert til aktuelt lærestoff og rollespel. Undervisninga og rettleiinga skjer både samlingsbasert og digitalt.
Ein vil i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Rettleiing på arbeidskrav er ein del av undervisninga. Den digitale undervisninga vil veksla mellom å vera asynkron og synkron.
Forkunnskapskrav
Modulane byggjer på kvarandre. Ein må ha fullført modul 1-4 for å starta på modul 5.
Arbeidsinnsats
Største delen av den nettbaserte undervisninga er asynkron, det vil seia at studentane kan arbeida med lærestoffet på tidspunkt som høver den enkelte. Studiet er tilrettelagt for å kombinera det med å vera i arbeid. Lærarstyrt aktivitet utanom samlingane er eit gruppearbeid der gruppene får rettleiing frå lærar. På samlingane vil ein i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Denne forma krev at studenten er førebudd til samlingane og har arbeidd med det asynkrone lærestoffet i forkant av samlingane. Denne modulen utgjer ca 150 arbeidstimar totalt for studenten.
Vurdering
Utgangspunktet for all vurdering er dei fastsette læringsutbytta på overordna nivå og emnenivå. Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) for å få sluttvurdering i emnet. OLA fungerer som vilkår for vurdering, men inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget, jf. forskrifta § 5-4.
Emneplanen fastset kva obligatoriske læringsaktivitetar som gjeld i emnet, og kva vurderingsform som blir nytta. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre anna er fastsett. Sjå også forskrifta kapittel 6 om vurdering.
Sluttvurdering
Sluttvurderinga i kvart emne er bestått/ikkje bestått. For å oppnå vurderinga bestått må alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) vere godkjende. Dersom ikkje alle OLA er godkjende, blir emnet vurdert til ikkje bestått, og studenten må gjennomføre heile emnet på nytt for å kunne oppnå bestått.
Sluttkompetanse
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 30 studiepoeng gir vitnemål og ein fagskuleutdanning). Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om ein karakterutskrift som viser fullført og bestått emne.
Vitnemålet vil innehalde
-
Emne som inngår i utdanninga.
-
Omfang av emne og oppnådd vurdering
-
Overordna læringsutbytte.
-
Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.1 og kvalifikasjonen som er oppnådd.
-
Karaktersystemet som blir brukt og talet på studiepoeng.
-
Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Karakterskala Bestått |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Undervisning | 30 Tima(r) | Deltid | ||
Asynkron undervisning | 20 Tima(r) | Deltid | ||
Lærarstyrte aktivitetar utanom samlingar | 15 Tima(r) | Deltid | ||
Sjølvstudium | 70 Tima(r) | Deltid |
Obligatoriske læringsaktivitetar
I dette emnet skal studenten gjennomføre følgjande obligatoriske læringsaktivitetar:
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Workshop | ||
Refleksjonsnotat | ||
Refleksjonsnotat | ||
Test deg sjølv-oppgåve | ||
Test deg sjølv-oppgåve | ||
Test deg sjølv-oppgåve |
Litteratur- og utstyrsliste
Modul 6: Fagleg refleksjon, rettleiing og arbeidshelse
| ISBN | Litteratur | Pensum |
|
9788280613868 | Tretteteig, S.(red.)(2020) Psykiske sykdommer hos eldre. Aldring og helse | Kap.16 (12 s) |
| 978-82-8061-260-1 | Tretteteig, S. (red) (2017) Demensboka. Aldring og helse | Kap. 21(13 s) |
| 9788205500563 | Eide, H. og Eide, T. (2017). Kommunikasjon i relasjoner – personorientering, samhandling, etikk. Gyldendal akademis | Kap. 13 (ca 30 s) |
| 9788202547721 | Skau, G. M. (2018): Gode fagfolk vokser: Personlig kompetanse i arbeid med mennesker. Oslo: Cappelen Akademisk | Kap. 1, 5 og 8 (ca 44 s) |
|
|
|
|
| Nettressursar: | |||
| Helsedirektoratet. Demens. Nasjonal faglig retningslinje. 2017. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/demens | |||
| Helse- og omsorgsdepartementet: Demensplan 2025. https://www.regjeringen.no/contentassets/b3ab825ce67f4d73bd24010e1fc05260/demensplan-2025.pdf | |||
| St.melding 15 (2017-2018): Leve hele livet. En kvalitetsreform for eldre. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-15-20172018/id2599850/ | |||
| St.melding 24 (2019-2020) Lindrende behandling og omsorg. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-24-20192020/id2700942/ | |||
| Mestre hele livet. Regjeringens strategi for psykisk helse (2017-2022). https://www.regjeringen.no/contentassets/f53f98fa3d3e476b84b6e36438f5f7af/strategi_for_god_psykisk-helse_250817.pdf | |||
| Nasjonale faglige råd. Psykiske lidelser hos eldre. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/psykiske-lidelser-hos-eldre | |||
| Nasjonal hjernehelsestrategi 2018-2024. https://www.regjeringen.no/contentassets/8eba3248e9e843f6b09e97a84a97a153/hjernehelsestrategi_2018-24_121217.pdf | |||
| Sammen om aktive liv. Handlingsplan 2020-2029. https://www.regjeringen.no/contentassets/43934b653c924ed7816fa16cd1e8e523/handlingsplan-for-fysisk-aktivitet-2020.pdf | |||
| Nasjonal kartlegging av kommunenes tilrettelagte tjenestetilbud til personer med demens 2018. Oslo: Helsedirektoratet, 2019. https://www.helsedirektoratet.no/%20rapporter/nasjonal-kartlegging-av-tilbudet-til-personer-med-demens | |||
| Folkehelseinstituttet (2018). Folkehelserapporten – Helsetilstanden i Norge 2018. https://www.fhi.no/nettpub/hin/ | |||
| Dokument 3:5 (2018–2019). Riksrevisjonens undersøkelse av tilgjengelighet og kvalitet i eldreomsorgen. https://www.riksrevisjonen.no/globalassets/rapporter/no-2018-2019/tilgjengelighetkvaliteteldreomsorgen.pdf | |||
| Pårørendeundersøkelsen 2017. Pårørendealliansen https://parorendealliansen.no/2018/03/20/parorendeundersokelsen-2017-hovedfunn/ | |||
| Folkehelseinstituttet. Folkehelserapporten. Demens. https://www.fhi.no/nettpub/hin/ikke-smittsomme/demens/ | |||
| Rosness TA, Haugen PK, Engedal K. Når demens rammer unge. Tidsskrift for Den norske legeforening 2011; 131: 1194–7. doi: 10.4045/tidsskr.09.0845. https://tidsskriftet.no/2011/06/oversiktsartikkel/nar-demens-rammer-unge | |||
| Tilleggslitteratur | |||
|
|
|
|
|
|
| Eskeland, K.O. (2017) Alderspsykiatri og omsorgsarbeid. Cappelen DammAakademisk | ISBN: 978-82-02-51432-7 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| Ingebretsen R, Spilker S.R, Sagbakken M. Eldre innvandrere og demens – erfaringer fra eldre, pårørende og ansatte i omsorgstjenesten. NAKMI-rapport nr. 1 2015. Oslo: Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse i samarbeid med Velferds- forskningsinstituttet NOVA, 2015 |
|
|
|
| Myskja A. Bruk av musikk som terapeutisk hjelpemiddel i sykehjem. Tidsskrift for Den norske legeforening 2005; 125: 1497-9. |
|
|
|
| Mjørud, M. og Røsvik, J (2021) Demens og grunnleggende psykologiske behov. Fagbokforlaget | 9788245027020 |
|