64HH47D Implementering av målretta miljøbehandling på eigen arbeidsplass
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng5
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadNordnes
- StudieprogramDemensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Kandidaten
- skal individuelt, eller i par, implementera målretta miljøbehandling i praksisfeltet
- skal innhenta relevant informasjon frå, og samarbeida med pårørande
- skal kalla inn til og leia eit samarbeidsmøte med personalet og evt. andre faggrupper der ein kartlegg situasjonen rundt ein pasient og planlegg vidare tilrettelegging og tiltak (arbeidskrav 1)
- har ansvar for å utforma ein tiltaksplan i samsvar med den metoden som er vald, og gjennomføring av denne (arbeidskrav 2)
- har ansvar for evaluering av tiltaksplanen
- Gruppearbeid (15 t) i denne modulen fungerer som rettleiingsgrupper med lærar som rettleiar i forhold til arbeidet med implementering.
- Presentasjon av arbeidet (individuelt eller i gruppe) (arbeidskrav 3)
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har:
- innsikt i nasjonale råd og rettleiarar
- kunnskap om tilrettelegging av psykososialt og fysisk miljø
- kunnskap om miljøbehandling og personsentrert omsorg
- kunnskap om samhandling med pårørande
- kunnskap om spesifikke miljøtiltak
- kjennskap til ulike kartleggingsverktøy
Ferdigheter
Studenten kan:
- nytta kommunikasjonsteknikkar som fremmar godt samarbeid med pasientar, pårørande, kollegaer og frivillige
- nytta relevante metodar for observasjon og kartlegging
- gjera tiltak for å tilretteleggja det fysiske miljøet i avdelinga i samarbeid med kollegaer
- leia samarbeidsmøter kring den enkelte pasient
- utarbeida tiltaksplanar med utgangspunkt i dei grunnleggjande psykologiske behova, personsentrert omsorg, der trivsel, meistring og det at pasienten kjenner seg trygg står sentralt
- samarbeida med pårørande og innhenta relevant informasjon om pasienten
Generell kompetanse
Studenten:
- har ei etisk grunnhaldning i utøving av personsentrert omsorg som byggjer på brukarmedverknad, respekt for personens integritet og fagleg forsvarlegheit
- syner respekt for at eldre med psykiske lidingar/problem og eldre med kognitiv svikt kan nytta sine ressursar og oppleva meistring
- kan vidareutvikla miljøbehandling på eigen arbeidsplass i samarbeid med kollegaer, andre faggrupper, pårørande og frivillige
- kan dela kunnskap om personsentrert omsorg gjennom refleksjon med kollegaer på eigen arbeidsplass
Undervisningsformer og aktivitet
Studentar som avviklar praksis på eigen arbeidsplass:
Arbeider med punkta nemnd under overskrifta "Om emnet" skjer på eigen arbeidsplass. Avdelinga peikar ut ein rettleiiar i tillegg til at lærar er rettleiar. Studenten skal gennomføra dette arbeidet i løpet av 12 veker parallelt med dei vanlege arbeidsoppgåvene i avdelinga. Studenten må rekna at arbeidet med studiet har eit omfang på 100 timar. I tillegg kjem gruppearbeidet på 15 timar.
Studentar somhar fått tildetlt ein praksisplass av fagskulen:
Arbeider med punkta nemnd under overskrifta " Om emnet". Avdelinga peikar ut ein rettleiiar i tillegg til at læraren er rettleiar. Studenten gjennomfører praksis i løpet av 6 veker, og skal vera 100 timar i praksis fordelt på desse vekene. I tillegg kjem gruppearbeidet på 15 timar.
Studenten skriv ein logg per veke gjennom praksisperioden, og ber atktivt om rettleiing både frå kontaktpersonen i avdelinga og frå lærar. Det blir ikkje gitt anna undervisning i denne praksisperioden. Studenten skal visa at han/ho kan nyttegjera seg fagstoffet frå modul 1-3 i dette praksisarbeidet.
Forkunnskapskrav
Modulane byggjer på kvarandre. Studenten må fullføra modul 1-3 før oppstart av modul 4.
Arbeidsinnsats
Srtudenten må vera aktiv og be om rettleiing både frå rettleiar på praksisplassen og frå lærar. Det er eit krav at studenten deltar i rettleiingsgruppe organisert av lærar.
Vurdering
Vurderingsforma er mappevurdering.
Mappa inneheld:
Oppgåve 1:
Studenten skal kalla inn til og leia eit samarbeidsmøte med personalet og evt. andre faggrupper der ein kartlegg situasjonen rundt ein pasient og planlegg vidare tilrettelegging og tiltak.
Oppgåve 2:
Studenten har ansvar for å utforma ein tiltaksplan i samsvar med den metoden som er vald, og gjennomføring av denne.
Oppgåve 3:
Presentasjon av arbeidet (individuelt eller i gruppe).
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnholdet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Praksis | 100 Time(r) | Deltid |
Lærerstyrte aktiviteter utenom samlinger | 15 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- fremmøte og gjennomføring av praksis (100 timer)
- 3 refleksjonslogger
- deltaking i rettleiingsgruppe (15 timer)
For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og bestått.
Fagressursar
ISBN | Litteratur | Pensum |
| VIPS-manualen for institusjon eller for tjenester i hjemmet | Ca 50 s |
| Strukturert miljøbehandling i demensomsorgen (2015) https://butikk.aldringoghelse.no/demens/strukturert-miljobehandling-i-demensomsorgen |
|
| Strandli, E.H.Ø (2020) Dagaktivitetstilbud for personer med demens. Forlag aldring og helse |
|
| Strandli, E.H.A. (2016) Inn på tunet. Dagaktivitetstilbud tilrettelagt for personer med demens. Oslo: Forlaget aldring og helse https://butikk.aldringoghelse.no/file/digitalarkiv-nettbutikk/innpatunet2018_1_triawaq.pdf |
|
|
| |
| QUALID Livskvalitet ved langtkommen demens - registreringsskjema |
|
|
| |
|
| |
|
|
|
| Tilleggslitteratur |
|
|
| |
| Nettressursar |
|
| Musikkbasert miljøbehandling: https://www.utviklingssenter.no/malrettet-miljobehandling/musikk-og-sang-en-vei-til-trygghet-og-samspill |
|