64HH47D Implementering av målretta miljøbehandling på eigen arbeidsplass

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      5
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieprogram
      Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre
    • Startsemester
      2026 Haust

Om emnet

Kandidaten

  • skal individuelt, eller i par, implementera målretta miljøbehandling i praksisfeltet
  • skal innhenta relevant informasjon frå, og samarbeida med pårørande
  • skal kalla inn til og leia eit samarbeidsmøte med personalet og evt. andre faggrupper der ein kartlegg situasjonen rundt ein pasient og planlegg vidare tilrettelegging og tiltak (arbeidskrav 1)
  • har ansvar for å utforma ein tiltaksplan i samsvar med den metoden som er vald, og gjennomføring av denne (arbeidskrav 2)
  • har ansvar for evaluering av tiltaksplanen
  • Gruppearbeid (15 t) i denne modulen fungerer som rettleiingsgrupper med lærar som rettleiar i forhold til arbeidet med implementering.
  • Presentasjon av arbeidet (individuelt eller i gruppe) (arbeidskrav 3)

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har:

  • innsikt i nasjonale råd og rettleiarar
  • kunnskap om tilrettelegging av psykososialt og fysisk miljø
  • kunnskap om miljøbehandling og personsentrert omsorg
  • kunnskap om samhandling med pårørande
  • kunnskap om spesifikke miljøtiltak
  • kjennskap til ulike kartleggingsverktøy

Ferdigheter

Studenten kan:

  • nytta kommunikasjonsteknikkar som fremmar godt samarbeid med pasientar, pårørande, kollegaer og frivillige
  • nytta relevante metodar for observasjon og kartlegging
  • gjera tiltak for å tilretteleggja det fysiske miljøet i avdelinga i samarbeid med kollegaer
  • leia samarbeidsmøter kring den enkelte pasient
  • utarbeida tiltaksplanar med utgangspunkt i dei grunnleggjande psykologiske behova, personsentrert omsorg, der trivsel, meistring og det at pasienten kjenner seg trygg står sentralt
  • samarbeida med pårørande og innhenta relevant informasjon om pasienten

Generell kompetanse

Studenten:

  • har ei etisk grunnhaldning i utøving av personsentrert omsorg som byggjer på brukarmedverknad, respekt for personens integritet og fagleg forsvarlegheit
  • syner respekt for at eldre med psykiske lidingar/problem og eldre med kognitiv svikt kan nytta sine ressursar og oppleva meistring
  • kan vidareutvikla miljøbehandling på eigen arbeidsplass i samarbeid med kollegaer, andre faggrupper, pårørande og frivillige
  • kan dela kunnskap om personsentrert omsorg gjennom refleksjon med kollegaer på eigen arbeidsplass

Undervisningsformer og aktivitet

Studentar som avviklar praksis på eigen arbeidsplass:

Arbeider med punkta nemnd under overskrifta "Om emnet" skjer på eigen arbeidsplass. Avdelinga peikar ut ein rettleiiar i tillegg til at lærar er rettleiar. Studenten skal gennomføra dette arbeidet i løpet av 12 veker parallelt med dei vanlege arbeidsoppgåvene i avdelinga. Studenten må rekna at arbeidet med studiet har eit omfang på 100 timar. I tillegg kjem gruppearbeidet på 15 timar.

Studentar som har fått tildelt ein praksisplass av fagskulen:

Arbeider med punkta nemnd under overskrifta " Om emnet". Avdelinga peikar ut ein rettleiiar i tillegg til at læraren er rettleiar. Studenten gjennomfører praksis i løpet av 6 veker, og skal vera 100 timar i praksis fordelt på desse vekene. I tillegg kjem gruppearbeidet på 15 timar.

Studenten skriv ein logg per veke gjennom praksisperioden, og ber aktivt om rettleiing både frå kontaktpersonen i avdelinga og frå lærar. Det blir ikkje gitt anna undervisning i denne praksisperioden. Studenten skal visa at han/ho kan nyttegjera seg fagstoffet frå modul 1-3 i dette praksisarbeidet.

Forkunnskapskrav

Emna byggjer på kvarandre. Du må ha fullført emna 64HH47A Etikk, kommunikasjon og relasjonskompetanse, 64HH47B Demens, psykiske lidingar og plager hos eldre og 64HH47C Personsentrert omsorg og målretta miljøbehandling for å starta på emnet 64HH47D Implementering av målretta miljøbehandling på eigen arbeidsplass.

Arbeidsinnsats

Studenten må vera aktiv og be om rettleiing både frå rettleiar på praksisplassen og frå lærar. Det er eit krav at studenten deltar i rettleiingsgruppe organisert av lærar.

Vurdering

Vurderingsforma er mappevurdering.

Mappa inneheld:

Oppgåve 1:

Studenten skal kalla inn til og leia eit samarbeidsmøte med personalet og evt. andre faggrupper der ein kartlegg situasjonen rundt ein pasient og planlegg vidare tilrettelegging og tiltak.

Oppgåve 2:

Studenten har ansvar for å utforma ein tiltaksplan i samsvar med den metoden som er vald, og gjennomføring av denne.

Oppgåve 3:

Presentasjon av arbeidet (individuelt eller i gruppe). 

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet. Vurderingsuttrykket er bestått/ikke bestått.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Praksis
100 Time(r)
Deltid
Lærerstyrte aktiviteter utenom samlinger
15 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

  • fremmøte og gjennomføring av praksis (100 timer)
  • 3 refleksjonslogger
  • deltaking i rettleiingsgruppe (15 timer)

For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere gjennomført og godkjent.

Fagressursar

ISBN

Litteratur

Pensum

 

VIPS-manualen for institusjon eller for tjenester i hjemmet

Ca 50 s

 

Strukturert miljøbehandling i demensomsorgen (2015) https://butikk.aldringoghelse.no/demens/strukturert-miljobehandling-i-demensomsorgen

 

 

Strandli, E.H.Ø (2020) Dagaktivitetstilbud for personer med demens. Forlag aldring og helse

https://butikk.aldringoghelse.no/file/sync-files/dagaktivitetstilbud-for-personer-med-demens_handbok_pdf.pdf

 

 

Strandli, E.H.A. (2016) Inn på tunet. Dagaktivitetstilbud tilrettelagt for personer med demens. Oslo: Forlaget aldring og helse https://butikk.aldringoghelse.no/file/digitalarkiv-nettbutikk/innpatunet2018_1_triawaq.pdf

 

 

Min livshistorie – samtaleguide når hukommelsen svikter

 

 

QUALID Livskvalitet ved langtkommen demens - registreringsskjema

 

 

Fysisk aktivitet

 

 

Fysisk aktivitet på sykehjem

 

 

 

 

 

Tilleggslitteratur

 

 

Modell for kvalitetsforbetring

 

 

Nettressursar

 

 

Musikkbasert miljøbehandling: https://www.utviklingssenter.no/malrettet-miljobehandling/musikk-og-sang-en-vei-til-trygghet-og-samspill

 

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre

Emneansvarlig

Mariann Hovland