64HH47B Demens, psykiske lidingar og plager hos eldre
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng5
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadNordnes
- StudieprogramDemensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
- Aldringsprosessen og grunnleggande behov
- Psykologisk
- Sosial
- Livets slutt
- Aldringsrelaterte problemområde som kan forvekslast med demens og psykiske plager
- Sansar
- Døgnrytme og søvnforstyrrelse
- Smerte
- Sosial isolasjon og tap
- Krenkelse og overgrep
- Medikamentbruk
- Demenssjukdommar
- Altzheimers sjukdom
- Vaskulær demens
- Frontotemporallappsdemens
- Demens ved Lewy legeme
- Alkoholdemens
- Andre demenssjukdommar
- Kognitiv svikt av andre årsaker
- Psykisk sjukdom hos eldre
- Depresjon
- Angst
- Psykosar
- Delirium
- Personelegdomsforstyrringar
- Rusproblem hos eldre
- Suicidalitet og sjølvmord
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- kjenner til ulike hjernesjukdommar som fører til demens og om demenstilstanden
- kjenner til psykisk sjukdom hos eldre som depresjon, angst, delirium, personlegdoms-forstyrringar, psykose og rusavhengigheit
- har innsikt i korleis psykisk sjukdom hos eldre og demens påverkar behov, ressursar, funksjonsevne, meistring og livskvalitet, og verkar inn på dei grunnleggjande psykologiske behov
- innsikt i nasjonale tilrådingar for kvalitet, utgreiing, tilrettelegging og behandlingstilbod for eldre med psykisk sjukdom og personar med demens
- kjenner til om organiseringa av demensomsorga og psykisk helsearbeid til eldre, og aktørar og samarbeidspartar sitt ansvar og oppgåver
Ferdigheter
Studenten kan:
- observera og gjenkjenna symptom på ulike psykisk sjukdommar og demenssjukdommar
- bruka kunnskap om pårørande sine behov
- observera, kartleggja og rapportera endringar hos pasienten som fører til endring i tiltak- og behandlingsplan
- kartleggja ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar i forhold til dei ulike sjukdomstilstandane innan alderspsykiatri og demens
Generell kompetanse
Studenten:
- reflekterer over korleis omsorga for demente og eldre med psykiske problem og lidingar bør organiserast på eigen arbeidsplass
- reflekterer over korleis ein best kan ivareta pårørande til demente og eldre med psykisk sjukdom
- kan argumentera med bakgrunn i nasjonale tilrådingar og fagleg kunnskap for korleis ein best kan leggja til rett for best mogleg livskvalitet for menneske med demens og/eller eldre med psykiske problem og lidingar.
Undervisningsformer og aktivitet
ndervisninga vil vera studentaktiv. Det vil seia at studentane må vera førebudd til samlingane. Dette er dei ved å ha nytta seg av nettundervisninga som lærarane har lagt ut i forkant av samlingane og gjera arbeidskrav innan tidsfristane. På samlingane skal studentane arbeida med fagstoffet ved å løysa caseoppgåver i grupper. Dersom ein ikkje har arbeidd med fagstoffet på førehand vil ein ikkje ha godt utbytte av den studentaktive undervisninga.
Undervisninga baserer seg i stor grad på fagtekstar, forelesingar, rettleiing, refleksjonar og arbeid med oppgåver og oppgåveløysing individuelt og i gruppe. I tillegg blir det brukt video relatert til aktuelt lærestoff og rollespel. Undervisninga og rettleiinga skjer både samlingsbasert og digitalt.
Ein vil i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Rettleiing på arbeidskrav er ein del av undervisninga. Den digitale undervisninga vil veksla mellom å vera asynkron og synkron.
Forkunnskapskrav
Modulane byggjer på kvarandre. Ein må ha fullført modul 1 for å starta på modul 2.
Arbeidsinnsats
Største delen av den nettbaserte undervisninga er asynkron, det vil seia at studentane kan arbeida med lærestoffet på tidspunkt som høver den enkelte. Studiet er tilrettelagt for å kombinera det med å vera i arbeid. Lærarstyrt aktivitet utanom samlingane er eit gruppearbeid der gruppene får rettleiing frå lærar. På samlingane vil ein i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Denne forma krev at studenten er førebudd til samlingane og har arbeidd med det asynkrone lærestoffet i forkant av samlingane. Denne modulen utgjer ca 150 arbeidstimar totalt for studenten.
Vurdering
Vurderingsforma er mappevurdering.
Mappa inneheld:
- 3 oppgaver
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 30 Time(r) | Deltid |
Asynkron undervisning | 20 Time(r) | Deltid |
Lærerstyrte aktiviteter utenom samlinger | 15 Time(r) | Deltid |
Sjølvstudium | 150 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- deltaking på 5 samlinger
- 2 refleksjonsloggar
- 3 "test-deg-sjølv"-oppgåver
For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og bestått.
Fagressursar
ISBN | Litteratur | Pensum |
9788280613868 | Tretteteig, S.(red.)(2020) Psykiske sykdommer hos eldre. Aldring og helse | Kap. 1, 2, 4 - 10,14 (ca 125 s) |
978-82-8061-260-1 | Tretteteig, S. (red) (2017) Demensboka. Aldring og helse | Kap. 1-5, 26 (ca 89 s) |
978-82-05-53111-6 | Kirkevold, M., Brodkorb, K., Ranhoff, A. H. (red.) (2020) Geriatrisk sykepleie. Gyldendal KOMPENDIUM | Kap.18,19,21,22, 25 (70 s) |
9788278419144 | Häikiö, K. (2019) Smerter hos eldre og personer med demens. Medlex norsk helseinformasjon | 63 s |
| Tann og munnhelse https://www.aldringoghelse.no/demens/behandling-og-oppfolging/medisinsk-og-helsefaglig-oppfolging-pa-sykehjem/tann-og-munnhelse/ | (= ca 5 sider) |
| Tilleggslitteratur (ikkje pensum) |
|
978-82-8061-260-1 | Tretteteig, S. (red) (2017) Demensboka. Aldring og helse | Kap.6-7 |
9788280613240 | Johannesen, A., Bara, M.L., Engedal, E. og Haugen, P.K. (2017)Yngre personer med demens. Aldring og helse |
|
| Omfanget av vold og overgrep mot eldre mennesker i Norge (2019) https://www.idunn.no/doi/pdf/10.18261/9788215032320-2019-07 |
|
97882-8216-146-6 | Engedal, K. og Bjørkløf ,G.H. (2020) Depresjon hos eldre. Hertvig Forlag |
|
Nettressurs | ||
Demensplan 2025: https://www.regjeringen.no/contentassets/b3ab825ce67f4d73bd24010e1fc05260/demensplan-2025.pdf | ||
Medisinsk og helsefaglig oppfølging på sykehjem Cornell skala for depresjon ved demens (CSDD): Rettleiiar for utfylling av skjema: https://www.aldringoghelse.no/ah-archive/documents/Cornell_Retningslinjer_Sk%C3%A5r_2019_INT00012_WEB.pdf | ||